• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

PÅ DJUPT VATN

Fleire stader er Korsfjorden meir enn 600 meter djup. Så langt ned når aldri dagslyset, og trykket er kring 60 gonger høgare enn ved overflata.

Likevel er dyrelivet mangfaldig på desse djupnene. Langsmed sørskråninga av Korsfjorden finst nokre av dei rikaste korallreva på Vestlandet. Ved slike rev lever gjerne fiskeslag som lusuer og brosme i store mengder. I nærleiken av risengrynskorallar finn vi ofte den store bergmuslingen, som mest alltid lever saman i små grupper.

Fiskarane har gjerne god kunnskap om storkveiteplassar på djupt vatn langs kysten og i fjordane. Det er kunnskap dei ofte held for seg sjølve. Då er det lettare å snakka om den vakre, men dødeleg giftige havmusa. På trygg avstand for dei fleste fiskarar, på botnen av Korsfjorden, finst ein god bestand.

Dyrelivet på store havdjup er dårleg kartlagt. Om Korsfjorden har vi likevel ein god del kunnskap, ettersom dette har vore eit prioritert forskingsområde for marinbiologar ved Universitetet i Bergen. Korsfjorden er eitt av tre område i Hordaland som er føreslått som marine verneområde på grunn av sitt undersjøiske særpreg og mangfald.

  • Krosshamn

Segn om krusifikset i Røldal

Ei gammal segn fortel at det under­gjerande krusifikset i Røldal kyrkje vart funne av ein blind mann som låg utpå Korsfjorden og fiska. (Helge Sunde)