• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Gullring frå Klubbhelleren.

Gullring frå Klubbhelleren.

Klubbhelleren ligg på garden Askvik i Os, Hordaland. Han ligg nær sjøen, berre fire meter over havet, i ei lun vik.  Alle funna er frå eldre jernalder (500 f.Kr.–550 e.Kr.).

Det arkeologiske funnmaterialet består av jernbitar, litt flint og grove leirkarskar. Arkeologane fann også fragment av leirkar, opphavleg forma som spann. Det merkelegaste og flottaste funnet er ein ring av gull som er opprulla i ein spiral. Gull finst av og til i graver frå denne perioden, men er svært sjeldan å finna på buplassar. Dette er det einaste gullstykket som er funne i ein heller her i landet. Ein av dei som brukte helleren, mista kanskje gullringen, truleg til sterk irritasjon. Det finst også ei anna mogleg forklaring. Mot slutten av eldre jernalder var det mange som ofra gull på «naturlege stader», i tjørner, ved store steinar og på fjellknausar. Klubbhelleren var kanskje ein slik offerstad.

Under utgravingane blei det funne ein del forvitra skal av olbogesnigel, blåskjel og østers. Det blei også funne beinfragment der ein del av dei viste seg å stamma frå husdyr; storfe, sau/geit, svin og hest. Av ville dyr var det hjorten som dominerte, men fugl og fisk står òg på funnlista. Klubbhelleren kan ha vore ein fast stoppestad for folk som rodde langs leia, strategisk som han ligg ved sundet mellom øya Strøno og fastlandet. Alternativt vart han nytta av lokale innbyggjarar som fiska på grunnene utanfor.

  • Skår av keramikk frå eit keramikkspann funne i Klubbhelleren.

Skår av keramikk frå eit keramikkspann funne i Klubbhelleren.

Hougen, Bjørn 1922. Et hulefund fra folkevandringstiden fra Hildershavn, Os s. og pgd., Hordaland. Oldtiden IX, 97-105.

Østebø, K., 2008. Hellerbruk i vestnorsk eldre jernalder belyst ved lokalisering. Upublisert MA avhandling, Universitetet i Bergen.