• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Os prestegard

Som så mange bygder har Osbygda fått namnet sitt etter garden der soknekyrkja stod. Det er såleis garden Os - garden ved elveosen - som har gjeve namnet til sokna, til prestegjeldet og seinare kommunen.

Den eldste kyrkja på garden Os vart truleg bygd seinast i 1050, og alt dei første prestane har mest sannsynleg vore busette på garden.

Den eldste bygningen som no står på garden, er ei årestove, 10 x 9 ½ alner stor, bygd kring 1350. Denne stova vart brukt til prestebustad i 300 år.

Kring 1650 vart det bygd ny prestebustad. Dette er ei «glasstove» i to høgder, som vart bygd attåt gavlen på den gamle stova, og med gang mellom dei to husa. Dette er mellomalderens måte å byggja på.

Då presten Jersin kom til bygda i 1816 og skulle busetja seg på prestegarden, var bygningane på garden sterkt til nedfalls. 1 1820 vart det bygd ny prestebustad og dei gamle husa vart vølte.

Hovudbygningen frå 1820 vart riven då den nye prestebustaden vart bygd i 1920 etter Ole Landmarks teikningar, i kultivert klassisisme. I dag husar prestebustaden Os kommunes psykiatritilbod.  I same tunet står dei to stovene frå 1300- og 1600-talet.