• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Gjestgjevarstaden i Bruknappen, Lindås

Gjestgjevarstaden i Bruknappen (Svein Nord).

Gjestgjevarstaden i Bruknappen ligg nord i Radsundet, like sør for Festo, ved ein lun, idyllisk våg rett inn frå hovudleia. Både sognejekter og nordfjordjekter hadde sin faste stogg hjå «smeden i Bruknappen»; på veg til Bergen fullasta med ved og hatleband, tønner og skrin, eller på heimtur med byvarer.

Første gongen vi høyrer om denne gjestgjevarstaden, er i 1646. Bergenske kjøpmenn med utanlandske namn som Hunnechen og Cramer har vore eigarar, og mellom 1745 og 1780 var det fleire offiserar som åtte Bruknappen. Truleg heng dette saman med at ekserserplassen for denne delen av Nordhordland var på Lygra. Bygningane i Bruknappen brann kring 1870, og det kom opp ny hovudbygning like etter, truleg i same stil som den gamle, i halvvalm med flatark og empireprega vindaugo. Tidlegare låg det eit bakeri bak hovudhuset, og litt lenger unna ligg ein potetkjellar og ei løe som høyrer til bruket. Gjennom verneplanen for dei gamle handels- og gjestgjevarstadene vart Bruknappen restaurert tidleg i 1970-åra, men hovudbygningen brann på ny i 1978 og vart nok ein gong bygd opp att. Utvendig er den nye bygningen ein kopi av den gamle, sett i god stand som overnattingsstad. I dei tronge farvatna i Radsundet opplever vi sjøvegen i bokstaveleg tyding. Her ligg framleis Bruknappen som eit punkt i det store mønsteret av herberge langs leia.

Eit tingvitne