• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Romarheimsdalen

Europavegen følgjer den snorrette nordsørorienterte Romarheimsdalen og forlenginga mot nord (Haukelandsdalen). Det var isrørslene og smeltevatnet i samband med istidene som grov ut dalen langs ei av dei markerte kystparallelle brotsonene som deler opp jordskorpa i Hordaland. Desse brota eller forkastingane er knytte til danninga av Nordsjøbassenget for 250–150 millionar år sidan, men dei kan òg ha røter tilbake til urtida. Frå Sunnhordland og Nordsjøen veit vi at jordskjelv framleis førekjem langs tilsvarande forkastingar. Risikoen for at svake til middels sterke jordskjelv kan inntreffa djupt nede langs Romarheimforkastinga, kan ikkje utelatast.