• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Grindheim kyrkje
Grindheim kyrkje. (Svein Nord)

Den første kyrkja på Grindheim var ei stavkyrkje med frittståande klokketårn; støpul. Kyrkja er nemnd første gong i 1326, men ho vart truleg bygd lenge før den tid.

Grindheim er ein av dei gamle hovudgardane i Etne-bygda. Dei vide terrassane på Grindheim og Stødle har gjeve gode vilkår for åkerbruket. Vest for kyrkja ligg ei stor samling graver, truleg frå dei første hundreåra av vår tidsrekning. Etter ein storstorm i 1673 vart stavkyrkja ombygd. Ei tid stod ho med lafta skip i tømmer og kor i stavverk. I 1728 vart det bygd ei ny tømmerkyrkje. Denne bygningen vart utvida i 1853. Då vart skipet saga over, den vestre delen vart flytta mot vest, og nye tømmerstokkar vart skøytte inn i langveggene. Slik kyrkja står i dag, vart ho sett i stand i 1954. Då det vart sett inn nye kyrkjebenker, vart interiøret òg måla. Eit vakkert dørbeslag frå mellomalderen er i dag montert på vestdøra. I interiøret finst det også dekorerte plankar frå stavkyrkja. I ein monter på nordveggen i koret ligg ein sjeldsynt eignalut i kyrkja; eit dekorert vokslys, påskelys eller dåpslys.

Desse lysa vart nytta ved særskilde gudstenester. Dette lyset skriv seg truleg frå seinmellomalder eller tida kring 1600.

  • Steinkross på Grindheim i Etne

Steinkross og runestein

  • Shetelig, H. (1904) Gravpladsen paa Grindheim og Rygg i Etne. I: Bergens Museums aarbog, 10