• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Våpenskjold, Orning

Orninggård på Nedre Ådland var ein av dei adelege setegardane i Sunnhordland. Namnet på garden kjem frå elva (åa) som renn frå Ådlandsvatnet og ned i sjøen. Sentralt ved sjøen, midtvegs mellom Nordbygda og Utbygda ligg garden; prestegard og kyrkjestad frå 1100-talet. Namnet Gildeskålsbakken kan tyda på at også eit mellomaldergilde har halde til her.

Admiral og adelsmann Bernt Orning overtok garden i 1648. Enkja og mor hans budde der lenge og var opphavet til det folkelege namnet «Frugarden», som etter kvart vart offisiell nemning på delar av garden. Ulike eigarar sat på Orninggård fram til 1760. Då vart garden kjøpt av presteenkja Magdalena Margrethe Christie, og same slekta eig han framleis. I tunet på Orninggård ligg eit bustadhus frå tidleg på 1800-talet, saman med borgstova. Det store gardshuset frå Christiefamilien si tid vart flytta ut på Leirvik i 1848 (Hagerups-huset).

  • Lohndal, A. (1982) Hagerupshuset på Leirvik. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 18-24.
  • Moe, T.L. (1982) Hagerupshuset: stilhistorie og planløysing. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 25-29.