• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kalkbrotet på austsida av Storsøya

Kalkbrotet på austsida av Storsøya er lett synleg i terrenget. (Svein Nord)

EIN BOTANISK OASE

På Storsøya veks det bergflette nesten overalt. Ho kryp langs bakken og klatrar heilt til topps i trestammer. Saman med kristtorn, einer, barlind og ein uvanleg furuskog held ho øya grøn, året rundt.

Frå Langenuen, sør for Jektevik, ser vi Storsøya som ei flat, tett skogdekt øy som skil seg sterkt frå dei nakne berga på Skorpo og nord på Huglo i bakgrunnen. Forklaringa er at Storsøya er tufta på ei sone med kalkspatmarmor (omdanna kalkstein) som gir næring til plantene. Slikt berg blir òg lett oppløyst av surt regnvatn og humussyrer. Det er derfor vi finn opptil 3–4 meter djupe groper og furer i terrenget på øya. Desse fordjupingane blir kalla karst.

Furuskogen på Storsøya er spesiell fordi han er kystnær og samstundes veks på kalkgrunn. Forutan vintergrøne buskar og tre er det ei rad artar av kalkkrevjande urter og gras i plantedekket. I karstgroper er jorda litt djupare og held betre på fukta, og nokre artar trivst best her, til dømes falkbregne og krossved. I skogkanten og utover på strandberga veks planter som krev gode lysforhold og ikkje for tett vegetasjon. Til saman er det registrert 286 artar av karplanter. Det er svært mykje, for Storsøya er smal og berre éin kilometer lang.

Dei rike naturressursane på Storsøya vart tidlegare hardt utnytta.Skogen har vore bortimot snauhogd. Det kan forklara kvifor furutrea er einsaldra og hovudsakleg yngre enn 100 år. Gran og edelgran som seinare vart planta er no fjerna. Det har òg vorte teke ut kalk og marmorblokker. Dette kan vi tydeleg sjå spor etter i det store kalkbrotet søraust på øya.

Øya vart freda som landskapsvernområde i 1977. Seinare har forvaltinga endra status for området til ei strengare verneform som naturreservat. Hovudføremålet har vore å ta vare på det eineståande karstlandskapet og den sjeldne furuskogen.

  • Bergflette på furulegger
  • Storsøya

Bergflette på furulegger. (Bjørn Moe)

  • Bjørndalen, J. E.; Brandrud, T. E. 1989. Verneverdige kalkfuruskoger. Landsplan for verneverdige kalkfuruskoger og beslektede skogstyper i Norge. DN-rapport 10.
  • Moe, B. 1993. Vurdering av tilstand og forvaltning av Storsøy i forbindelse med endret verneform fra landskapsvernområde til naturreservat. Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 13.
  • Nagel-Alne, O. 1989. Storsøy landskapsvernområde, Stord. Fylkesmannen i Hordaland. – Brosjyre.
  • Vevle, O. 1981. Om flora og vegetasjon i landskapsvernområde Storsøy, Stord, Hordaland. Telemark distr. høgskule. Skrifter 67.