• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Steinsdalen i Kvam i Catharina Kølles strek

Steinsdalen i Kvam i Catharina Kølles (1788–1859) strek. Noko av den beste jorda i fylket finst i denne dalen.

Matjord er eit ord som seier det meste. Det er jorda vi lever av, saman med ressursane i havet. Dette jordlaget – einskilde stader som feit og grøderik mold, andre stader som skrinn og sur jord – ligg i vekslande tjukn oppå berggrunnen: resultatet av vel 10 000 år med forvitring og forrotning etter den siste istida, og nokre tusenår med kultivering i nyare tid. Jorda som vi kan kjøpa på hagesenteret, er eit anna produkt enn det «naturlege» humuslaget, skapt av prosessane som går føre seg nede i jorda. Set du spaden i bakken på stader det ikkje har vore pløgd før, vil du sjå at det er stor skilnad på farge, jordstruktur, fukt og steininnhald. Vi seier gjerne at jorda nokre stader er lettdriven og i god hevd, medan folk andre stader har gjeve opp å dyrka dei små åkerlappane, som i vår tid gror att med bjørkeris eller olderkjerr. Moderne drift har ikkje plass til stuttorven mellom steinrøysane. No må det maskiner til, og dette krev god plass og slette bøar.

Det er store variasjonar i naturtilhøva i Hordaland. Berggrunnen vekslar frå sur kvartsitt til kalkrik skifer,og dette verkar sterkt inn på jordsmonnet. Nedbørsmengdene varierer òg, slik at sandjorda lengst inne i fjordane i varme somrar må vatnast, medan andre område får så mykje regn at det krevst god drenering for å hindra at jorda vert vass-sjuk. Den øvre delen av jordsmonnet, der plantane har røtene sine, har vorte påverka av klimasvingingane frå sommar til vinter, og av dyr og plantevekst, i tusenår etter tusenår etter at isen la frå seg grus, sand og leire.

Morenejord

Innlandsisen fjerna det meste av den jorda som fanst her før den siste istida. Då isen smelta mot slutten av istida, for vel 11 000 år sidan, vart det liggjande att lausmassar som anten var avsette under breen – det vi kallar botnmorene, eller langs iskanten, som sidemorene og endemorene. Morenematerialet vart danna under isbreen, som drog med seg lause stykke av berggrunnen og mol dei ned til mindre stykke på grunn av brerørsla og det store trykket. Desse steinane fraus fast til bresolen og skura vidare på berget, som eit stort sandpapir, og dette gav finkorna materiale. Morenejord har difor oftast alle kornstorleikar blanda saman: stein, grus, sand og litt silt. Særleg kan den morenejorda som ligg på glimmerskifer, òg ha litt leirepartiklar, men sjeldan så mykje leire at ikkje regnvatnet sig ned i jorda. Dei tjukkaste laga med morenejord ligg gjerne i dalar som låg på tvers av brerørsla. Då breen var på sitt største, kunne han gå tvers over sidedalar fordi bremassen alltid ville skli den vegen breoverflata halla, om det så var i motbakkar.

Slike moreneavsetjingar finn vi i lia nedanfor Bavallen og ned mot Ringheim på Voss eller langs fjorden frå Rosendal til Uskedalen, der tjukk morenejord når høgt opp i liene. I Våkendalen ovanfor Svartediket i Bergen låg det fleire gardar på den tjukke, steinete morenejorda. Andre stader vart det avsett mektige endemorenar der brekanten gjorde lengre opphald, til dømes sør og aust for Fitjar sentrum. Materialet vart transportert under breen som på eit transportband. Der brekanten stod i ro, var det slutt på transporten, og endemorenen vart avsett.

Morenematerialet er oftast berre skuva ei kort strekning frå der det vart skura laus av breen. Difor er det gjerne det same mineralinnhaldet i morenen som i berggrunnen under. Gneis eller granitt vert ikkje knust ned til finare partiklar enn sand, medan morenejorda på glimmerskifer og fyllitt har meir finstoff. Dette er små leirflak av glimmer som inneheld kalium, og som gjer jorda næringsrik. Morenejorda på fyllitten på Voss og i Steinsdalen i Kvam er noko av den beste jorda i fylket. Elles finst det òg tjukke lag med morenejord i mange av fjelldalane, og det var på denne jorda dei la stølane sine i gamle dagar. Morenejorda er oftast steinrik, og oppdyrking av denne jorda har difor alltid vore arbeidskrevjande.

Avsetjingar i breelvane og i sjøen

Mot slutten av istida, då middeltemperaturen byrja å stiga, rann det smeltevasselvar under breen som grov i morenematerialet og førte dette med seg, oftast heilt fram til brefronten. Dersom breen enda på land, vart det grovaste materialet avsett på store breelvsletter, eller sandurer, som geologane kallar dei. Bømoen på Voss er største feltet med ei tidlegare sandur i Hordaland, men det finst òg fleire ovanfor Hellandsfossen i Modalen og frå Eikemo og oppetter Eksingedalen. Stod brekanten i sjøen, vart det bygt opp randåsar (rygger under havflata) eller isranddelta av sand og grus. Det er slike avsetjingar som utgjer dei største sand- og grusressursane i fylket. Etter landhevinga har desse deltaflatene vorte til vide terrassar som no oftast er oppdyrka. Dei største finn vi i Etne, som har meir samanhengande jordbruksareal enn nokon annan stad i fylket. Sandjord er lettdriven, men mykje av dei næringsrike finkorna minerala vart vaska ut av breelvane. Litt av dei finn vi att i leirmassane som vart førte ut i sjøen og avsette på djupare vatn. Etter landhevinga har ein del av leirmassane vorte liggjande over havnivå og utgjer i dag større område med leirjord. Det finst mykje leire like utanfor Herdlamorenen som vart avsett på slutten av den siste istida.

Leirvik på Stord, Vinnesleira i Fusa og Leirvågen i Austrheim ligg, som namna fortel, på leire. I tillegg ligg det leire og silt i skråningane ovanfor elvesletta i Etne og langs den nedre delen av Oselva.

Elvesletter og delta

Dalbotnane i Hordaland har i dag relativt små elvesletter, medan terrassane på sidene var samanhengande delta eller elvesletter då havet stod høgare. Då landet heva seg etter istida, skar elvane seg ned gjennom israndavsetjingane og førte stein, grus og sand ut i fjorden, til stadig lågare deltaflater. Jorda på elvesletter og terrassar er mager og porøs med sand og grus, og difor utsett for tørke. I indre strøk, med relativt lite nedbør, slik som i Eidfjord, krev denne jorda av og til kunstig vatning i tillegg til mykje gjødsling. Jorda på elveslettene kan òg vera utsett for flaum. Når elva fløymer over, vil det føra til både erosjon og avsetjingar. Når elva grev på flate sletter, vil det etter kvart danna seg store elvesvingar, og dette vert kalla meandrering, etter det greske namnet på ei buktande elv i Tyrkia, Maiandros. Vestlandselvane er relativt bratte og mest utsette for erosjon; difor er det nokre stader bygt flaumvern i yttersvingane, der elva grev sterkast, til dømes langs Etneelva og i Moelva.

Der elvar renn ut i innsjøar, vert det òg danna delta. Her har røtene kort veg ned til grunnvatnet. Om utløpet frå vatnet er trongt, blir deltaflatene utsette for flaum, og difor er det nokre stader gjort arbeid med å senka utløpsterskelen, som i Vangsvatnet og Myrkdalsvatnet i Voss. I Myrkdalen hadde det 600 mål store deltaområdet årvisse flaumar, ja, oftast både vår og haust. Vatnet vart noko nedtappa, men reguleringa er no redusert og har gjeve levevilkår for både bønder og fuglar. Lenger nede i vassdraget er Lønaøyane eit relativt stort urørt deltaområde ut i Lønavatnet.

Strandsone og tidvatn

Strandavsetjingar finn vi helst der bølgjer og straum har fått verka fritt i lausmassane som vart avsette av breen ved slutten av istida. I einskilde tronge fjordlandskap har tidvass-straumar vore verksame, slik som ved utløpet av Mofjorden (Mostraumen) og ved Bolstadfjorden. Mellom Straume og Stamneshella har det bygt seg opp det vi kallar tidvassflater. Tidvassflater finst òg inne i lune vikar der energien frå bølgjene er liten, slik som på Vinnesleira i Fusa og på Fløksand i Meland. På slike stader er det mykje organisk materiale og eit yrande liv, både nede i dei avsette massane, sedimentet, og frå ymse fugleslag som lever av desse organismane. Tidvatnet har òg skapt eit av dei største flate jordbruksområda i Hordaland: På Herdla utforma straumen mellom Hjeltefjorden og Herdlefjorden den flate Valen før landet her steig opp av havet for to–tre tusen år sidan.

Forvitringsjord

Forvitringsjord kallar vi jordsmonnet når beggrunnen har smuldra opp og vorte til jord. Det er stor skilnad på kor snøgt bergartar forvitrar. Gneis og granitt med lyse mineral, slik som kvarts og feltspat, forvitrar seint og gjev skrinn jord, medan bergartar med mørke mineral, som amfibol (amfibolitt) og glimmer (fyllitt), forvitrar lettare. I tillegg til mineralinnhaldet er tettleiken av sprekker i berggrunnen viktig. I kalde periodar kan frostsprenging føra til sundfrysing av berget langs sprekkene. Mykje sprekker gjev i tillegg ei stor overflate, slik at vêr og vind lett kjem i direkte kontakt med minerala. Med vêr og vind meiner vi då temperatur, luftrørsle, nedbør og gassar som er oppløyste i regnvatnet.

Når planterestar på bakken vert nedbrotne av mikroroganismar, vert det i tillegg produsert karbondioksid (CO2), som oppløyst i vatn dannar karbonsyre (H2CO3). Sjølv om denne syra er svak, vil ho reagera med minerala i bergarten og løysa opp eller omdanna dei. Kalkstein eller marmor med mineralet kalkspat (CaCO3) vert løyst opp og frigjev ion av kalsium (Ca), medan feltspat vert omdanna til leirmineral, som illitt og kloritt som frigjev ion av kalium (K). Begge desse grunnstoffa er særs viktige for plantane. Forvitringsjord finn vi særleg i område med glimmerskifer, slik som langs Fjellgardane på Stord. Innover langs Hardangerfjorden er det òg mykje forvitringsjord, både i Strandebarm og i Steinsdalen i Kvam.

Dei såkalla Bergensbogane inneheld òg soner med glimmerskifer. Mange stader har dette gjeve god forvitringsjord, slik som på Ask med dei kjende jordbæråkrane, og på Os og Osterøy. Den amfibolittiske gneisen på Lygra i Lindås har gjeve sandhaldig forvitringsjord som nokre stader er opptil meteren tjukk.

Organisk jord

Organisk jord er jord som er danna av omdanna planterestar eller av skjelsand. Jord frå planterestar vert til sumpjord eller torvjord, som dannar seg særleg lett der det er dårleg drenering. Den høge grunnvasspegelen på flate leirområde fører til at mose hopar seg opp i tjukke lag. Mosen vert etter kvart omdanna, slik at leira vert dekt av torv. Dette finn vi fleire stader, som på Fosenøy i Austrheim og Vinnesleira i Fusa. Om vi veiter vekk vatnet i myrjord som ligg på leire, får vi god og lettdriven jord som ikkje søkk så mykje saman som den myrjorda som ligg rett på fjellgrunnen. Med dei nedbørsmengdene vi har på Vestlandet, er myrjord vanleg både i strandflatesona ved kysten, som dei store terrengdekkjande myrane på Fedje, og i fjellområda, som i Stølsheimen, kring Hamlagrøvatnet og på Kvamskogen. I midtre strøk av fylket er det så mykje regn at det òg vert danna myrar i liene, det vi gjerne kallar bakkemyrar. Mange myrar er òg eit resultat av naturleg attgroing av små tjørner.

Skjelsand er ein annan organisk jordart som finst i små dalsøkk i ytre strøk, særleg i Øygarden, men òg i mindre område på Sotra og Bømlo og i Austevoll og Sveio. Etter at det vart isfritt på kysten for om lag 14 000 år sidan, voks det skjel på grunne botnområde. Havnivået i desse områda var då om lag 20–40 meter høgare enn i dag. Skjela vart vaska ned i små søkk som no er heva opp på land. Skjelsanden har seinare fått eit tynt dekke av torv, og denne jorda er særs fruktbar på grunn av kalkinnhaldet, men slike område er små i vårt fylke.

Skredjord

Når vi talar om skredjord, tenkjer vi ikkje på steinurer som er resultat av fjellskred. Nei, mange stader i Hordaland er jorda omlagra og flytta som følgje av andre typar skred. Det er oftast stor nedbør i form av regn, saman med snø som smeltar, som er den utløysande årsaka. I bratt lende kan dette gje jordskred, snøskred eller flaumskred. Vassmetta jord kan fløyma ned skråningar eller følgja bekkefar ned til flatare lende, der skredmassane fløymer utover og vert avsette som bekkevifter, slik vi kan sjå det på Unneland i Arna.

Skredjord finst i eller like nedanfor dei fleste bratte lier, men det er i Hardanger, og særleg i liene på begge sider av Sørfjorden, at skredjord har den største utbreiinga. Her er det òg mange snøskredløp som har frakta jord frå fjellet og ned til slakare lende. Skred fører ny mineraljord utover bøane, men dette er sjeldan særleg velkome i våre dagar. Den skredjorda som alt har breidd seg utover, er likevel god jord som fruktbøndene i Indre Hardanger kan nyta godt av.

Frostfenomen i jorda i høgfjellet

I høgfjellet vert jorda påverka av frost, og dette fører til at det dannar seg særskilde mønster i overflata. Steinar frys opp og samlar seg i ringar, steinpolygonar. I skrått terreng vert det danna steinstriper som sig nedover, særleg i tineperioden, då den øvre delen av jorda er oppbløytt fordi telen djupare nede dannar ei sperre for sigevatnet. Er skråninga dekt av grasvegetasjon, blir det danna solifluksjonstunger (jordflytingstunger). Dette er jordvalkar som sig sakte nedover, lik eit teppe som rullar over seg sjølv. Slike former er vanlege i fyllittområde på vidda over 1100–1200 meter over havet, slik vi kan observera det i skråningane rundt Finse.

  • Prosessar i jordsmonnet
  • Brunjord
  • Podsol

Prossessar i jordsmonnet

Jordsmonn er den delen av jordarten som vert påverka av klimaet og organismar. Jordsmonn utviklar seg over lang tid, og under dei klimatiske og topografiske tilhøva på staden. Sidan vi har mykje nedbør i Hordaland, skal vi vera glade for at terrenget stort sett gjev god avrenning, elles ville vi hatt torvjord nesten overalt. Det er dei fysiske, kjemiske og biologiske tilhøva som avgjer kva type jordsmonn som vert utvikla. Vi veit at det lever ulike kryp nede i jorda, og vi bør vera takksame når meitemakken gjer noko av jordarbeidet for oss. I tillegg sorterer telen jorda ved at stein i åkeren frys opp mot overflata når det er frost.

Podsol

Vi tenkjer sjeldnare på det arbeidet mikroorganismane utfører. Det finst eit utal av mikrobar, plantar, sopp og bakteriar nede i jorda. Øvst har jorda eit dekke av humus (daude planterestar). Om det er luftig, vert humuslaget nedbrote gjennom det vi kallar lågtemperaturforbrenning, om lag som i ein kompost. Det er dei klorofyllfrie plantane (sopp og bakteriar) som gjer dette arbeidet. Her skjer det motsette av fotosyntesen, ved at mikroorganismar omdannar C (karbon) til CO2 (karbondioksid). Innhaldet av CO2 i den øvre jordlufta kan vera 200 gonger høgare enn i vanleg luft. På same måten som prosessen bak forvitringsjord vert det her danna karbonsyre (H2CO3), som saman med humussyrer og andre syrer utvikla av organismar sig nedover til øvre delen av mineraljorda. I dette sjiktet er det ei aktiv kjemisk utluting og omdanning av ymse mineral som inneheld grunnstoff som jern og mangan. Her vert det no danna eit lyst, oskeliknande sjikt som vi kallar bleikjord, der dei mørke minerala er endra. Like under dette sjiktet vert løysinga utfelt og dannar eit brunt utfellingslag, der mineralkorna får ei hinne av oksid. Jernoksid er i grunnen det same som rust, og minerala har fått ei rusthinne. I sandjord og grushaldig jord kan denne hinna kitta saman mineralkorn til eit brunt, betongliknande lag som vi kallar aurhelle.

 

Slik har eit av dei vanlegaste jordsmonna i Hordaland, podsol, vorte danna. Podsol er særleg utvikla i barskogterreng og på næringsfattig berggrunn, og det har vi som kjent mykje av i Hordaland. Nedbrytinga av barnålene som ligg på skogbotnen, gjev ekstra sur jord og gode vilkår for danning av podsol. Ein god regel seier at der det er mykje blåbærlyng, er jordsmonnet podsol.

Brunjord

I lauvskog og på rikare bergartar, som fyllitt og amfibolitt, kan det verta utvikla eit jordsmonn som heiter brunjord. Brunjorda er rik på humus, og har mykje mold i den øvre delen. Her blandar gjerne meitemakken humuslaget med den uorganiske jorda djupare nede. Brunjord har ikkje den same klare inndelinga i sjikt som podsol. Hjå oss er brunjorda lokalisert til fyllitt og amfibolitt og finst til dømes i bøkeskogen på Seim, på Osterøy og Stord i tillegg til i Kvam og delar av Voss. Sidan det tek tid å utvikla eit jordsmonn, vil vi berre finna desse typane i jord som ikkje har vore under plogen.

 

Neste gong du set spaden i jorda, skal du tenkja på at det er innhaldsrike og innfløkte prosessar som går føre seg i jordsmonnet. Du finn kanskje nokre meitemakkar, men det er millionar av småkryp og sopp som gjer grovarbeidet. Det skjer etter at store geologiske prosessar har skapt dei ulike jordartane. Pedologi, eller jordlære, er ein eigen vitskap der kjennskap til både geologi og kjemi er viktig, og det er dette forvitnelege samspelet som gjev oss innsyn i dei grunnleggjande vilkåra for livsmiljøet vårt.

  • Morene,

Morene

Under isbrear vert det avsett botnmorene ved at breen skurar og plukkar steinmateriale frå berget under. Endemorene vert avsett framom breen anten fordi breen skuvar saman lausmassar til ein rygg når han rykkjer fram, eller ved at materiale vert ført fram til fronten langs skjerplan inne i isen når fronten ligg i ro, som på eit transportband. Sidemorenane får det meste av massane frå skred frå dalsidene. Morene har vanlegvis alle kornstorleikar: leire, silt, sand, grus, stein og blokker. (Wojtek Nemec)

  • Frå istidsdelta til terrasse

Frå istidsdelta til terrasse

Sand og grus vert avsett i eit delta ved slutten av istida med leire på botnen utanfor (teikninga under). På grunn av landhevinga vert det gamle deltaet heva og er no ein terrasse (over). Elva skjer seg ned og dannar eit nytt delta ut i fjorden. Leira i botnlaga er òg heva opp på land – og dei gamle skrå deltalaga kan vi sjå som skrålag i grustak i terrassane. (Wojtek Nemec)

  • Timeglaset, Gråsida, Voss
  • Blokk på elveslette, Lavik i Eksingedalen
  •  Apold i Odda
  • Blokk på elvesletta i Simadalen

Steinar som har flytta på seg

Steinblokker er dei mest grovkorna delane av ein jordart. Om blokkene ligg underleg til, er det mange stader knytt segner til dei, men geologen kan som oftast gje ei naturleg forklaring. Det er naturkreftene som er verksame.

A Flyttblokk, innlandsisen

Timeglaset, Gråsida, Voss: Stein som innlandsisen ikkje kunna bera lenger. Ei flyttblokk er oftast av eit anna bergslag enn fjellet ho ligg på. Blokkene har litt avrunda kantar.

B Skredblokk, fjellskred

Blokk på elveslette, Lavik i Eksingedalen. Ved fjellskred ligg det mange stader store blokker eit stykke ut frå steinura. Store blokker som ikkje går sund, har større energi enn små blokker og kan såleis rulla lenger fram. Blokkene er oftast kanta. (Helge Sunde)

C Skredblokk, snøskred

Einar Røldal ved blokk på skredvifte, Apold i Odda. Særleg våtsnøskred kan ta med seg blokker på fleire tusen kilo og leggja dei att på skredvifta eller framfor vifta. Blokker frå snøskred er oftast skarpkanta. (Kai-Inge Melkeraaen)

D Blokk, flaumkatastrofe

Blokk på elvesletta i Simadalen. Når Nedre Demmevatnet tømde seg under Rembesdalsskåka og fløymde ned i Simadalen, frakta vatnet store blokker utover elvesletta. Blokkene er avrunda. (Svein Nord)

Øvre Helland i Modalen

Ved Øvre Helland i Modalen var det ei stor breelvslette på slutten av den siste istida. Her finst fleire daudisgroper, groper som no er vatn, danna ved at delar av breen som låg att på breelvsletta, vart overgrytte av sand. Då isen under sanden smelta, vart gropene til. (Svein Nord)

Tveit øvst i Simadalen, Eidfjord, tidleg i førre hundreåret

Den store terrassen på Tveit øvst i Simadalen, Eidfjord, tidleg i førre hundreåret. Terrassen som ligg om lag 115 meter over havet, er eit tydeleg vitne i landskapet om deltaet som vart avsett ut i fjorden for ca. 11 000 år sidan. Blokkene i framgrunnen er frå skred. (Anders P.Wallevik)

Lygra i Lindås

På Lygra i Lindås finn vi det største området med djup, næringsrik forvitringsjord i Hordaland. (Inge Aarseth)

Glimmerskiferen, rotafjellet, på Ask

Glimmerskiferen, rotafjellet, på Ask har smuldra på staden. Slikt jordsmonn vert kalla forvitringsjord. (Inge Aarseth)

Bolstadøyri, endestoppen for Vossevassdraget.

Bolstadøyri, endestoppen for Vossevassdraget. Gammalt postkort etter eit litografi av A. Picker. Den gongen som i dag byggjer det seg eit delta eller ei øyr ut i Bolstadfjorden.

Frå Bu i Eidfjord,1920-åra

Nydyrking og grøfting av myrjord med mykje røter var tungt arbeid som kravde både menn og hestar. Frå Bu i Eidfjord,1920-åra. (Anders P. Wallevik)

Frå Ulvevne heilt sørvest i Ølen

Frosten lyfter steinane opp i jorda. Steinplukking er difor vanleg på morenejord om våren. Frå Ulvevne heilt sørvest i Ølen. (Inge Aarseth)

  • Andersen, B. G. 2000. Istider i Norge. Landskap formet av istidens breer. Universitetsforlaget.
  • Anundsen, K.; Simonsen, A. 1967. Et preborealt breframstøt på Hardangervidda og i området mellom Bergensbanen og Jotunheimen. UiB Årbok. Mat.nat. serie 7.
  • Follestad, B. A. 1972. The deglaciation of the southwestern part of Folgefonn peninsula, Hordaland. Norges Geologiske Undersøkelse 280:31–64.
  • Mangerud, J. 1976. Fra istid til nåtid. I: Hartvedt, G. H. (red.). Bygd og by i Norge. Hordaland og Bergen: 111–151.
  • Thoresen, M. K.; Lien, R.; Sønstegaard, E.; Aa, A. R. 1995. Hordaland Fylke. Kvartærgeologisk kart 1:250 000. Norges geologiske undersøkelse.
  • Aarseth, I.; Mangerud, J. 1974. Younger Dryas end moraines between Hardangerfjorden and Sognefjorden, Western Norway. Boreas 3:3–22.
  • Aarseth, I. 1995. Sedimentene på bunnen av fjordene i Vest-Norge. Naturen : 212–219.