• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Tveitabotn

Frå Tveitabotn (Svein Nord)

URØRD SKOG I TVEITABOTN

Ved foten av høgfjellet, ovanfor møtet mellom Handelandsdalen og Tveitedalen, ligg eit interessant skogområde. Det er vanskeleg tilgjengeleg og er derfor urørt av moderne skogbruk. Furuskogen har lenge fått veksa fritt her. Mange tre er gamle med grove stammer. Vi kan òg finna gamle eiketre. På meir næringsrik jord, oppunder bratte berghamrar, veks det edellauvtre som alm og hassel. Den næringsrike jorda dannar òg grunnlag for ein stor bestand med barlind i lia ovanfor Tveitabotnvatnet. Lia ligg over 300 meter over havet, men vender mot sør og kan bli godt oppvarma om sommaren. Dei største barlindtrea er over 10 meter høge og har vide kroner. Det er ein føremonn i konkurransen med furutrea som veks seg høge omkring.

  • Moe, B. 1995. Vernet edelløvskog i Hordaland;tilstand, fastruteanalyser, floraoversikt og skjøtselsbehov 20 år etter registreringene. Fylkesmannen i Hordaland. MVA-rapport 5.