• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Voss ligg sentralt plassert i Vestland fylke og grensar til kommunane Kvam, Vaksdal, Vik, Aurland, Ulvik og Ullensvang. Kommunevåpenet, ei hardingfele på raud botn, er ein slags syntese av gamle Voss sin hjort på raud botn og Granvin si hardingfele på grøn botn. Detaljert informasjon om natur og kulturhistorie kan ein få ved å klikke seg inn på dei to gamle kommunane.

Dei to nabokommunane Voss og Granvin vart 1. januar 2020 slegne saman til éin. Namnet på den største, Voss, vart samstundes vidareført til den nye kommunen. Arealmessig kan ein sjå det slik at gamle Voss er blitt godt og vel ti prosent større. Ei grensejustering ved Hardangerfjorden gjer at Voss no også omfattar ei landstripe på Oksenhalvøya, som før samanslåinga høyrde til Ullensvang. Den nye kommunen har dermed ei rundt fire mil lang strandlinje til fjorden, medrekna den Granvin hadde tidlegare. Gamle Voss var frå før berre så vidt i kontakt med saltvatn, ved Bolstadøyri. Nærleik til Hardangerfjorden til trass, Voss må framleis reknast som ein innlandskommune.

Voss ligg sentralt plassert i Vestland fylke og grensar til kommunane Kvam, Vaksdal, Vik, Aurland, Ulvik og Ullensvang. Kommunevåpenet, ei hardingfele på raud botn, er ein slags syntese av gamle Voss sin hjort på raud botn og Granvin si hardingfele på grøn botn. Detaljert informasjon om natur og kulturhistorie kan ein få ved å klikke seg inn på dei to gamle kommunane.

Gamle Voss kommune

Kontrasten er stor mellom det steile landskapet i Nærøydalen og Stalheimskleivane og dei mjuke, avrunda landskapsformene i dei vide innlandsbygdene i det gamle Vossaveldet, som strekte seg frå grensa mot Sogn i nordaust til Bolstadfjorden i vest... Les meir her.

 

Gamle Granvin Herad

Vassvegane bind Granvin saman. Inst i Skjervet, høgt oppe i det uregulerte vassdraget, kastar Skjervsfossen seg utfor berget, stor og mektig. Langs elv og vatn og sjø, til ytste munningen av den smale Granvinfjorden, renn store vassmengder på veg mot havet... Les meir her