• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Vikafjorden
Tronge og krokete vassvegar mellom bratte fjell. Frå Vikafjorden ved Sanden. (Svein Nord)
Vaksdal står på ende. Bratte fjell stuper ned i fjordar og tronge dalar. Berre ein einaste, fattig prosent av kommunens flatevidde er jordbruksland i drift. Til gjengjeld har kommunen grøderikdom i dei vidare fjelldalane, Bergsdalen og Eksingedalen. Og rikeleg med nedbør, elvar og vatn, som har gjeve grunnlag for industristadane Dale og Vaksdal, der vasskrafta vart teken i bruk alt frå 1860-åra.

Men det var dei store lakseinnsiga som må ha vore ein av grunnane til at nokre av dei første hordalendingane slo seg til i Skipshellaren på Straume, truleg den beste veidestaden i Hordaland i steinalderen. Med laksen fylgde godbitar som sel, fugl og anna jaktbart vilt. Mykje av det som stod på steinalderfolkets matsetel,  kan framleis fangast ved Straume. Berglandet  Vaksdal syner spor etter mange av kapitla i den vestnorske geologihistoria. I sørvest ligg Bergensbogane med kambrosilurskifrar. I nordvest rår grunnfjellet. Og i aust ligg gigantiske flak av lausrive grunnfjell som har sklidd på underliggjande lag av fyllitt og glimmerskifer.

Med lange dalar frå fjorden og opp til fjellviddene ligg Vaksdal i eit overgangsområde, både geografisk og administrativt. Før 1853 høyrde nokre få av gardane i Vaksdal heime i  Mjelde skipreide på Osterøy, medan resten var delt mellom Arna, Hosanger og Vatsvern skipreider. Vatsvern, det store bygdelaget nedanfor Voss, høyrde til Hardanger og Voss sorenskrivar-dømme fram til 1773. Då vart det overført til Nordhordland. Bruvik kommune frå 1870 omfatta i hovudsak det området som er dagens Vaksdal, med tillegg av gardane i Eksinge-dalen som vart overførte ved kommunereforma i 1964.

Kjem du langs E16 frå Bergen mot Dale i dag, så kjører du heile vegen innanfor det området som høyrde til Arna skipreide i mellomalderen. Her opplever du fjordlandskapet på sitt brattaste og trongaste. Det er mest som ein portal opnar seg når du rundar svingen og kjem inn til Dalegarden. Det brattlendte landskapet held fram innover mot Straume og Stamnes. Vegen frå Stamnes til Eidslandet, som opna den fem mil lange Eksingedalen for omverda, er bygd med handemakt – eit teknisk meisterverk. Vi ser den naturgjevne samanhengen i at  Eksinge-dalen høyrde i hop med nabodalføret Modalen. Før vegen og bilen kom var dette den kortaste byvegen: over fjellet til Modalen, ut Mofjorden og Osterfjorden til fjordungskyrkja på Hamre og til Bergen.

Laks og kraft

I ein annan målestokk enn kraftutbygginga, men likevel viktig for bønder og bygdelag, var det vidgjetne laksefisket i fjordane og elvane. ”Laksenæringa i Bruvik er så verdfull, at ho ikkje kan skattast for høgt”, skal ordføraren i gamle Bruvik kommune ha sagt på festlege tilstellingar. Vosso-laksen og Ekso-laksen, nokre av dei mest storvaksne laksestammane i verda, vandra inn i fjordane kring Osterøy. Frå Trengereid og innover  til  Stamnes stod sitjenøtene tett i tett på begge  sider og håva inn store mengder fisk. 

Kraftutbygginga må ta sin del av skulda for at det tidlegare så rike laksefisket er historie. At Ekso og Daleelva framleis er lakseførande kan ein takka dei lokale fiskarlaga for. Saman med kraftutbyggjarane har dei sett i verk ei rekkje tiltak som gir håp for laksestammane. Ekso vert kalka, og i begge elvane vert det lagt befrukta rogn rett i elvegrusen – etter naturmetoden. Om laksefisket neppe vil nå attende til gamle høgder er det likevel ei trøyst for sportsfiskaren at aurefisket i både elvar og vatn gir gode fangstar.

Tre retningar

Tre topografiske hovudretningar i landskapet går att i kommunen. Eidsfjorden, Dalevågen og Dalseiddalen går sørvest-nordaust langs lagdelinga i fjellet. På tvers av denne retninga går Bergsdalen. På Dalegarden møtest desse to retningane mellom stupbratte fjell. Nedanfor ligg store blokker av stein som viser korleis landskapet brått kan endrast, også i dag. Av same grunn har vegvesenet sirleg tråkla fjellet saman med solide bolter over dei mange tunnelopningane langs stamvegen mellom Bergen og Voss. Den ville Veafjorden følgjer den tredje retninga - nord-sør. Breane forsynte seg villig av det svakare fjellet langs den gamle forkastinga, og skapte slik den opptil 400 meter djupe fjorden.

Isen for hardt med landskapet og etterlot seg tersklar og trau med innsjøar og elvesletter, som i Eksingedalen og Bergsdalen. I Bergsdalen går eit skilje ved Storefossen. Ovanfor denne er dalen U-forma. V-dalen nedanfor er for det meste utforma av elvar, som mellom istidene har skore seg ned i fjellet, på veg mot fjorden.

På slutten av istida kalva breane raskt innover dei djupe fjordane. Isfronten stogga  fleire stader der det vart grunnare og avsette delta av sand og grus, som på Jamne i Vaksdal (68 m o.h.), på Dale (65 m o.h.) og ved Eidsland (60 m o.h.). Vidare oppover langs Eksingedalen ligg flatt jordbruksland på breelvavsetjingar som vart spylte ut framom breen då ham smelta attende.

Dei høge og bratte fjella har mykje å seia for klimaet i  Vaksdal. I dei tronge dalane mellom fjella kan det bli snautt med sol og solvarme. Nedbøren er meir likeleg fordelt enn sola:  I fjellområda lengst i sør kjem det over 3000 mm i året, i Bergsdalen om lag 2500 mm og i Eksingedalen 2000-2500 mm. Dalane er ikkje berre skuggefulle – dei kan og vere vindfulle: Med tyngdekrafta si hjelp vert kald vind styrt ned mellom fjella om natta og i stille periodar om vinteren. Om sommaren, og særleg på dagar med sterk oppvarming, vil dalvinden blåsa oppover dalen. I områda nær Veafjorden demper fjordvatnet temperaturvariasjonane; resultatet er milde vintrar og relativt låge sommartemperaturar. Dersom fjorden frys til, kan  kulden breia seg innover land.

I dei undersolte dalsidene er det vanskeleg for andre treslag enn dei hardføre sortene, som bjørk og gråor, å klara seg. Dei veks tett i dei bratte liene langsmed Veafjorden. Opp gjennom heile Bergsdalen er det mykje bjørkeskog. På Moastølen opp frå Småbrekke finn ein gammal urskogliknande fjellbjørkeskog med store tre. Gråor veks meir spreidd i dalføret. I Eksingedalen står bjørk og furu tett nedst i dalen, medan bjørk og gråor er nærast einerådande innover mot Gullbrå. Edellauvskog er det lite av i Vaksdal, truleg fordi berggrunnen er for sur. Eika klarar seg best, og helst der ho kan veksa under lune berg.

Forutan hjort og rein og småvilt som rype og hare, har utmarkskommunen nokre uvanlege dyreførekomstar: I Vesle Askjelldalsvatnet i Stølsheimen lever dei vestlegaste skjoldkrepsane her til lands. Det skuldast det kalkhaldige fjellet. Skjoldkreps toler ikkje forsuring, det ein centimeter lange krepsdyret lever berre i vatn med pH over 6.  På murveggane til Dale Fabrikker og nabobygningane ligg ein av dei største taksvalekoloniane som er att i Hordaland. Insektproduksjonen i Daleelva er viktig for desse fuglane. Elveinsekta er også viktige for fossekallen, som lever ved dei fleste elvar og bekkar i kommunen. Ved Bolstadfjorden er det funne ei flaggermushole i bergveggen som desse dyra nyttar som dagplass. Slike holer er det heilt sikkert mange av i Vaksdal.

På gull grunn tre opprette svarte skytlar

Våpenet er godkjent ved kronprinsreg. res. 16.11.1990 og er teikna av Charles Lunde, etter idé av Edgar Eriksen. Industri er hovudnæringa i kommunen og skytlane viser til at også vevindustrien hadde sin bastion i kommunen, representert ved tidlegare Dale Fabrikker. Kommunen nytta frå 1961 eit kommunemerke med eit industrihjul under ein sparre.

valknute

Vaksdal går attende på gno. Vágsdalr og tyder «dalen ved vågen». Stamnes med den eldre uttalen «Stabbnæs» har gno. stafn «(skips)­stamn» eller gno. stafr «stav» som førsteledd, nytta om framstikkande eller bratt lende. Førsteleddet i Toskedal er taske «pose, pung», truleg med bakgrunn i elva eller vatnet. Gammersvik er usikkert, mogeleg er førsteleddet eit gammalt personnamn. Det gammalnorske ordet gullbrá som må liggja til grunn for Gullbrå førekjem som persontilnamn, men det er uvisst korleis ein skal forstå stadnamnet. Enklare er Lavik og Høvik, der førsteledda er lad «stabel» og høy «turka gras». Veafjorden er laga til gardsnamnet Veo, av gno. vé «heilagdom». Førsteleddet i Kallestad har truleg samanheng med kalla «ropa».

  • Sitjenøter og laksegiljer
  • Laksegiljene langs Sørfjorden og Veafjorden

Sitjenøter og laksegiljer

Sitjenøter og laksegiljer er framleis å sjå i kulturlandskapet i dei indre nordhordlandsbygdene. Laksefiske har vore ei viktig attåtnæring i desse bygdene.

 

 

 

 

 

Laksegiljene langs Sørfjorden og Veafjorden er eit vitnemål om det rike laksefisket i desse indre fjordsystema gjennom fleire hundreår. (Teikning av Yngvar Nielsen frå 1882)

  • Bolstadfjorden var ei viktig ferdsle - åre for Vosse bygdene.

Tronge fjordarmar

Frå Veafjorden og Osterfjorden strekkjer smale fjordarmar seg i austlege retningar innover i landet.Vikafjorden, med vidareføringa Bolstadfjorden (biletet), og Mofjorden, har alle grunne straumar på nokre få meter i utløpet. Innanfor dei grunne tersklane blir vatnet djupare, Mofjorden meir enn 200 meter og Bolstadfjorden om lag 150 meter på det djupaste. Vatnet er som regel oksygenfritt og «rote» i dei djupare laga, som ei følgje av dårleg sirkulasjon.

 

Av same grunn frys fjordane lett til. Større vintervassføring etter kraftutbyggingar har likevel ført til at isen oftare går opp og ikkje blir så tjukk som før. Vossevassdraget, som renn ut i Bolstadfjorden, gir åleine frå seg om lag 40% av ferskvatnet til fjordsystemet kring Osterøy – vassmengdene har aldri vore større enn no, etter at vatn vart overført frå øvre delar av Ekso til Vosso under utbygginga i Stølsheimen. Eidsfjorden har ein noko enklare topografi, med djupare terskel. Her er sirkulasjonen betre enn i nabofjordane.

  • Rekonstruksjon av ei av dei gamle, flatbotna ostraskutene som segla i den lokale fraktefarten

Ostraskutene og vossebygdene

Dei flatbotna skutene som frakta ved, bork og andre tunge varer frå dei indre nordhordlandsbygdene og til Bergen, høvde godt for ferdsla opp den strie og grunne Bolstadstraumen. Behovet for meir lettsegla og lettrodde fartøy i transporten frå Bolstadfjorden og ut Osterfjorden til Bergen kan vera ein av grunnane til at båttypen utvikla seg. Kor gammal typen er, kan ein vanskeleg slå fast i dag, og det er heller ikkje sikkert at det berre er tale om ein bestemt type, men om føringsbåtar av ulik storleik til ulike føremål. Debatten går ivrig om det er Ostraskute eller Vossaskute som er det rette namnet. Kanskje er røyndommen i den historiske tradisjonen at det var fjordingane, ostringane, som bygde og brukte båtane, medan vossingane var avhengige av dei i sjøferdsla frå vossebygdene og til byen. Det er også eit faktum at det gamle Vossaveldi strekte seg langt ut mot Osterøy og fjordane ikring. Desse skutene var bygde som kraftige føringsbåtar, med veng akter og rigga med råsegl. Eit par lange årar høyrde til. Båtane kunne lasta opp til 8 famnar ved, og vedfarten var ein viktig varetransport. Tradisjonen fortel om bønder som gjekk i fast fart med ved til bakarane i Bergen.

 

På Brørvika ved Stamnes finst det orginale delar som fortel om båttypen. Eit namn i tradisjonen er «Haldor på Berget» frå garden Kallviki. Han bygde dei beste båtane i dette distriktet.

  • Skjoldkreps

Skjoldkreps. (Sveinung Klyve)

  • Bjørkeraklar

Bjørkeraklar. (Helge Sunde)

Fjerdingsvegmerke

Vi skal ikkje så langt attende i tida før ei byferd frå dei indre nordhordlandsbygdene både var strevsam, farefull og tok lang tid. Opptil to veker kunne ei slik byreise ta, og det var eit høgdepunkt i kvardagen å få vera med på bytur, jamvel om slitet med årane kunne bli tungt når vinden stod imot. Var vinden lagleg, bruka dei råseglet, men i motvind og straumsjø måtte årane fram.

 

Den tid kjende alle til fjerdingsvegmerka; då visste dei kor langt dei var komne, og kor langt det var att. Ved desse fjerdingsvegmerka var det ofte byte ved årane eller ein liten kvilepause. Ei gammal fjerdingmil var 2,8 kilometer. Sjøvegen frå Bolstad og ut Osterfjorden til Bergen var også den vanlege byvegen for vossingane. Eit vanskeleg fjordstykke var Salhusfjorden, og ofte måtte ein «leggja bi» ved gjestgjevarstaden i Salhus. «Å sitja i Salhus». vart eit munnhell.

 

På baksida av eit skriv frå presten Jersin om skulestellet i Bordalen på Voss i 1796 er det skrive ei namneliste over dei vanlege fjerdingsvegmerka mellom Bergen og Bolstad.

  • Odland, A. 1993. Floristiske undersøkelser i Eksingedalen, Hordaland. NINA Oppdragsmelding 250.
  • Overvoll, O.; Wiers, T. (under arbeid). Viltet i Vaksdal. Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane. Vaksdal kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport.
  • Skre, B. & Skre, I. (1965-1987) Vaksdal bygdebok: gards og ættesoge. Vaksdal bygdeboknemd.
  • Bergsdalen: ei fjellbygd i Hordaland (1978-1983). Bergsdalen jordbrukslag.