• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Ytst mot havet, på Holmebåen ved Utvær, ligg Noreg sitt vestlegaste punkt, 4° 29ʹ 57ʹʹ. Utvær fyr 1913, Foto Kristian Berge, (Fylkesarkivet)

Solund er øyriket ved munningen av Sognefjorden. Hovudøya er Sula, deretter følgjer Ytre Sula, Steinsundøyna og Losna som dei største. I alt finst det kring 1700 øyar, holmar og skjer i kommunen, og nesten tusen kilometer kystlinje. I sør grensar Solund mot den fire til seks kilometer breie Sognesjøen, i nord mot den litt smalare Buefjorden. Nærast fastlandet kjem Solund i nordaust, der det smale Tollesundet skjer seg inn mellom øya Losna og Lifjell i Hyllestad. Ytst mot havet, på Holmebåen ved Utvær, ligg Noreg sitt vestlegaste punkt, 4° 29ʹ 57ʹʹ.

Namnet Solund har ikkje noko med sola å gjere, men kan komme frå sól som tyder ”fure, innsnitt”. Øyriket er sundskore av ei rekkje mindre fjordar, vatn og tronge sund, dei fleste i retninga nord–sør. Landskapet er svært kupert med mange fordjupingar, ”furet værbitt” passar godt som skildring her. Fjella kjem opp i 400–500 meters høgd med Krakhellenipa (569 moh) som høgste toppen. Øyriket er ungt i geologisk forstand – Solundbassenget er eit av dei vestnorske devonfelta. Berggrunnen består for det meste av sandstein og konglomerat som gjev skrint jordsmonn og karrige forhold for landbruk. Sulingane har i stor grad livnært seg av fiskeri.

Vegetasjonen er generelt fattig i Solund, men her finst litt furuskog, til dømes i Engevik og på Krakksfjellet nordaust på Sula. Skogane her er mellom dei mest urørte kystskogane på ytre Vestlandet, og mellom dei vestlegaste furuskogane i Noreg. Dei er såleis verna. Det førekjem også edellauvskog, blant anna i Mjåta naturreservat søraust på Sula. Skogen her består for det meste av hassel, men også eik og ask. Floraen på Mjåta har eit interessant innslag, nemleg kongsbregne, som berre er funnen nokre få stader i Noreg.

I Solund finst det sju naturreservat for å verne om sjøfugl. Dei tre største ligg vest i havgapet – Gåsvær, Utvær og Indrevær – og omfattar eit høgt tal øyar, holmar og skjer. Dette er nokre av dei største og viktigaste fuglereservata på Vestlandet, med mange artar og dels også bra bestander framleis. Her hekkar mellom anna grågås, ærfugl, siland, stokkand, tjeld, småspove, steinvendar, raudstilk, strandsnipe, tjuvjo, fiskemåse, gråmåse, sildemåse, svartbak, raudnebbterne, makrellterne og teist.

Mink, oter og røyskatt lever i strandsona mange stader i Solund. Av større landdyr er det helst hjorten som har funne seg til rette. Sidan 1980-talet har det blitt felt mellom 70 og opp i mot 200 dyr årleg i kommunen. Blant dei større rovfuglane førekjem mellom anna havørn.

Dei sørlege delane av Solund hadde sitt eige tinglag, Utvær, frå eldre tid, men øyriket var delt mellom kommunane Askvoll og Gulen. I 1854 vart så Utvær tinglag skilt frå som eigen kommune. Kyrkja på Hardbakke vart bygd i 1859, og i 1887 vart Sulen prestegjeld skipa. Bygdene i Nord-Solund blei då overført frå Askvoll til Solund kommune. Den austlegaste øya Losna høyrde til Gulen heilt fram til 1964, då den vart innlemma i Solund.