• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Pærehausting på Djødno kring 1900

Pærehausting på Djødno kring 1900 (foto: A. P. Wallevik, eigar: Hardanger Folkemuseum (HFU-WA 1389)).

Når frukthagane blømer i Ullensvang om våren, er det naturen som takkar for framifrå vekseforhold. Sørfjorden er Ullensvangs varmemagasin. Fjorden stabiliserer temperaturane og vernar mot kulde. Fjellveggene gjev frå seg opplagra solvarme – og dei høge fjella skaper livd for vinden.

Isen som grov ut Sørfjorden, la også etter seg morenemassar som skulle bli god dyrkingsjord. Etter istidene har jordskred, flaumskred og snøskred ned frå bratthenga ført med seg endå meir lausmassar som er blitt meir jord. Rett nok er det berre eit smalt belte langs fjorden, opp til om lag 200 meters høgd, som er eigna til fruktdyrking. Dette beltet er likevel omfangsrikt nok til at Ullensvang er landets fremste fruktbygd. Mange av frukthagane ligg ned mot fjorden, på gamle marbakkar med næringsrik jord som landhevinga har gjort tilgjengeleg.

Den livgjevande Sørfjorden vart graven ut i ei revne i grunnfjellet, som ei markert nord-sørgåande forkastingssone. Over fjorden på vestsida heng stupbratte fjellsider der årvisse snøskred losnar i 1500 meters høgd og kastar seg ned mot Velure, Aga og Måge. Lenger sør når den nordlege Folgefonna 1644 m til vers. Men det er på austsida at kommunens høgaste punkt reiser seg; Hårteigen ragar 1690 meter opp, 300 meter over vidda.

Dei flottaste fossane i kommunen har kjeldene sine på Hardangervidda. Men Ullensvang får ikkje nyta godt av alt vatnet - deler av vidda hallar mot aust, slik at fleire vassdrag renn mot Telemark. Mykje av fjellet aust for Sørfjorden ligg innanfor Hardangervidda nasjonalpark, der vassdraga er freda. I tillegg er Opo i Opedal og Kinso verna mot vidare kraftutbygging. Og nettopp den store vidda forklarar kvifor Ullensvang geografisk var den største skipreida i Hardanger i mellomalderen, jamvel om bygdene her ikkje hadde den største jordbruks-produksjonen før fruktdyrkinga si tid fleire hundreår seinare.

Hardanger, som var eiga sysle i mellomalderen og eit eige underlen etter 1660, hadde ikkje like fast skipreideinndeling som dei ytre bygdene. Det vekslar derfor litt mellom sokn og skipreider på ulike tidspunkt. Det ser ut til at dei tre soknene Kinsarvik, Ullensvang og Odda var saman i ei skipreide heilt frå mellomalderen av. Leidangsskipet «Hardinggeiti» - ein skarpseglar av beste merke – stod i langnaustet «Skipastod» i Kinsarvik. Tuftene etter dette viser framleis tydeleg i landskapet på «Ålmerket» - allmenningen ved mellomalderkyrkja. Kinsarvik vart skild ut som eiga skipreide på 1600-talet.

Kinsarvik prestegjeld omfatta frå gammalt av også dei same tre kyrkjesoknene Kinsarvik, Ullensvang og Odda. Då Ullensvang vart hovudsokn i 1869, fekk prestegjeldet dette namnet. Frå det opphavlege Ullensvang herad – Stor-Ullensvang – som vart den nye kommunen etter formannskapslovene i 1837, vart Odda og Kinsarvik skilde ut som eigne kommunar i 1913. Odda vart eige prestegjeld i 1915. og i 1968 vart soknene Eidfjord og Jondal overførte til Ullensvang prestegjeld. Ved revisjonen av kommunegrensene i 1964 vart Kinsarvik atter ein del av Ullensvang. Samstundes vart Åsgrenda krins på sørsida av fjorden overført frå Kvam til Ullensvang – ein rest av mellomalderens samband over fjorden – og Eidfjord vart ein del av den nye storkomunen. I 1977 skilde så den rike kraftkommunen Eidfjord lag med Ullensvang.

Overlevande fossil

Nord på Folgefonnhalvøya og langs austsida av Sørfjorden har geologar kartlagt halvannan milliard år gamle mektige lag av kvartsitt, konglomerat og ulike omdanna vulkanske lag. Laga har fått namnet Ullensvanggruppa og skil seg frå berggrunnen i resten av kommunen. Her, som elles i fylket, er det granitt og gneis som dominerer i grunnfjellet.

Oppe på vidda – i vel 1200 meters høgde – er det funne nær 500 millionar år gamle fossil i fyllittbergartar. Fossila har utruleg nok kome velberga gjennom den enorme påkjenninga berggrunnen seinare vart utsett for. Vel knapt 100 millionar år etter at fossila levde, braka Noreg og Grønland saman under den kaledonske fjellkjededanninga og skyvedekke av gneis kom glidande inn frå vest. Skyvedekka dekte ein gong heile dette området, no er det berre Hårteigen og einskilde andre toppar sør i kommunen som står att.

På austsida av Sørfjorden er det ekstra lett å sjå korleis vegetasjonen endrar seg frå fjorden og opp til vidda. Lengst nede er det ikkje mykje edellauvskog att. Slik skog opptok gjerne godt jordbruksland, difor vart han tidleg rydda. I dag er nok gråor det treslaget ein ser mest av. Ho veks i store mengder opp til 600 m o.h., der bjørka tek over – opp til skoggrensa. Somme stader i den tørre delen av skogen veks den varmekjære humlen. Frå gammalt av var bøndene pålagde å dyrka humle for bryggeria i Bergen. Hardingane stakk nok unna litt til eige bruk, og slik vart planta forvilla og spreidd.

Villreinkalving

Laks og sjøaure kan ikkje ta seg langt oppover elvane i brattlendet i Ullensvang. Auren derimot kom seg til Vestvidda med menneske si hjelp langt attende i tida. Aurefisket på Vestvidda er framifrå, og fleire stader er fisken stor i fjellvatna.

Deler av Vestvidda er også dei tradisjonelle kalvingsstadene for villreinen på Hardangervidda. Når kalvinga skjer på vårparten, skal og må reinen ha fred. Like fredeleg er det ikkje om hausten, når Ullensvangjegerane fer til fjells for å sikra seg reinsdyrsteik. Vindretninga er avgjerande for utbytet – med vedvarande vind frå vest og nordvest er det von om god jakt - dyra trekkjer då ofte mot Vestvidda. Eit samarbeid med Odda har gjort at fangstfolk med jaktrett i Ullensvang statsallmenning har fått tilgang til område i Røldal og Odda, og motsett, heilt opp mot fylkesgrensa til Telemark. Forutan hjort og elg, har Ullensvang også ei lita rådyrstamme med tilhald i skogane på austsida av fjorden. Ingen veit sikkert korleis rådyra kom dit.

Kommunevåpen for tidlegare Ullensvang kommune. I raudt ein gull bjelke følgd av tre gull liljer, to over og ei under bjelken

Våpenet er godkjent ved kgl. res. 8.11.1979 og er teikna av Magnus Hardeland. Motivet er henta frå ein gravstein i Ullensvang kyrkje over riddar og lagmann Sigurd Brynjulvsson på Aga, død 1302 eller 1303. På gravsteinen er han framstilt som riddar med ringbrynje, lanse og skjold. Kommunen henta motivet til våpenskjoldet frå skjoldet til lagmannen.

valknute

Ullensvang er samansett av gudenamnet Ullin og vang «grasslette». Kinsarvik og elvenamnet Kinso, er avleidde av kinn «bratt fjellside». Djødno tyder mogeleg det «som ligg i livd». Enklare er Ernes, av gno. elri «stad det veks or». Nå kjem av gno. knúi «knoke», her brukt om fjellknaus. Om Måge seier Norske Gaardnavne at det er eit «enestaaende Navn af uvis Oprindelse». Vinnamnet Bleie, skrive Bleiđin i 1329, inneheld eit gammalt elvenamn med tydinga «blyfarga» (om brevatn). Aga ligg i livd under eit berg med skredlaup på båe sider og kan tydast som «den agefulle», eller «den som stikk fram». Hauso er dativ fleirtal av haus «rund knaus». Grimo er opphavleg elvenamn, av same opphav som grime (på hest), òg «ansiktsstripe». Årekol synest vera samansett av gno. á «elv» og hváll (nyare kvål) «rund høgd». Meir problematiske er Utne og Lote. For Lote kunne ein tenkja seg samband med eit ord for søkk i lendet. Alm ligg til grunn for førsteleddet i Alsåker, skrive Almsakr i 1306.

  • Portrett av Jakob Alvsåker
  • Jakta «Familien»

Hardingar på sjøen

  • Oksen

Oksen som vêrmerke

”Når Oksen har hatt, vert det regn i natt;  Når Oksen har trøya,  må du ut og høya” sa dei gamle i Ullensvang. Fjellet Oksen ligg sentralt og synleg frå store deler av dei fire fjordarmane i Indre Hardanger og er knytt til eit utal vêrmerke. Mange av desse merka har ei enkel fysisk forklaring, som knyter seg til vêromslag om sommaren. Då kjem det inn frå vest fuktig og kjølig luft i høgda. Den varmare lufta – som stig opp frå fjorden langs fjellsida – vert brått avkjølt, slik at det lagar seg låge tåkeskyer. På kort sikt er derfor slike vêrmerke nokså sikre.

  • Fruktbløminga i Hardanger

Fruktbløminga i Hardanger, som her ved Indre Alsåker, er ein av dei store turistattraksjonane på Vestlandet. Bløminga er avgjerande for at det skal bli ein god frukthaust. (Svein Nord)

  • Dompapen

Dompapen er vakker, men ikkje alltid like omtykt i frukthagane ettersom han gjerne tek for seg av knoppane på frukttrea. (Jan Rabben)

  • Hausting av eple, Djønno
  • Tildekking av morelltre for å verna mot kraftig regn
  • Arnhild Bleie haustar raud gravenstein

Fruktdyrking

Munkane frå Lysekloster var dei første fruktdyrkarane i Hardanger, men det var først på 1800-talet at fruktdyrkinga voks fram som ei viktig næring. Prosten H. C. Atche planta dei to første morelltrea i prestegarden i 1758. Og klokkaren hans, Peder Olsen Løgit, lærte hardingane å laga frukttre ved hjelp av poting.

 

Klimatisk ligg Ullensvang på nordgrensa for yrkesfruktdyrking. Sommartemperaturen er avgjerande for å oppnå god vekst og kvalitet på frukta. Milde vintrar sikrar god overvintring utan frostskade på knoppar og røter. I veksttida (mai–september) er normaltemperaturen 13,0 °C, medan nedbøren normalt er 438 millimeter. Frukttrea har djuptgåande rotsystem og krev eit jordsmonn som er lett gjennomtrengjeleg, slik at røtene får god tilgang på næring, luft og vatn. Jorda er i hovudsak morenejord, ofte med skredmassar i øvre jordlag. Jorda har lågt leirinnhald, men høgt innhald av organisk materiale. Med nokolunde jamn fordeling av nedbøren i veksttida gir dette jordsmonnet gode vekstvilkår for frukttre.

 

I Ullensvang finst det i dag om lag 500 000 frukttre, og kommunen er det største og viktigaste dyrkingsområdet for frukt i landet. Det blir dyrka mest eple; aroma og gravenstein er dei viktigaste sortane. Det første gravensteintreet i Noreg vart planta på garden Aga i 1792, og denne eplesorten har vore populær like fram til i dag. Pæredyrkinga har gått attende i seinare år. Eit særmerke er at det blir dyrka så mykje morellar (også kalla søtkirsebær) og plommer. Gjennom forsking har det lukkast å få fram ei rekkje nye og kvalitetsmessig høgverdige morellsortar. Saman med forbetra dyrkingsteknikk og handsaming av bæra har det gitt morelldyrkinga eit kraftig oppsving. I tillegg til å forsyna den norske marknaden blir det årleg eksportert morellar til England.

 

Det blir dyrka frukt på begge sider av Sørfjorden i eit belte frå sjøen og opp til 200–250 moh. Vekstvilkåra og talet på soltimar er om lag det same på austsida ogpå vestsida av fjorden. Eplesortane reagerer ulikt på dyrking i ulik høgd over fjorden. Ein kravstor sort som gravenstein reagerer negativt med omsyn til sukker- og syreinnhald med aukande høgd over havet. Den mindre kravstore sorten prins reagerer derimot lite på høgdeskilnadene. I åra etter 1960 har fruktdyrkinga i Ullensvang gjennomgått eit stort hamskifte. Dei høge, svært arbeidskrevjande trea er bytte ut med låge tre som kan haustast frå bakken. Plantingane er ordna i felt med få sortar. Små bekker har ein lagt i røyr, og kneikar i terrenget er jamna for å gjera garden meir framkomeleg for traktoren.

 

Eit frukttre er å sjå på som samansett av to ulike individ: grunnstamma – som er det same som rota, og sorten – som utgjer den delen av treet som er over jorda. Desse to komponentane er vaksne saman i potestaden, der plantevevet frå sorten og grunnstamma er ført saman under potinga. Det var overgangen frå sterktveksande til veiktveksande grunnstammer som gjorde det mogleg å fornya frukthagane med småvaksne tre. Med ei veiktveksande grunnstamme kunne epletrea plantast mykje tettare og formast med ei gjennomgåande midtstamme til 2,5 meter høge tre. Denne treforma gir jamnare og betre fruktkvalitet; fruktene får meir lys og betre farge. Avlingsmengda kan regulerast med handtynning av karten; det hindrar overbering eitt år og lita eller inga avling året etter. Både plantevernarbeidet og haustinga kan gjerast mykje lettare og meir effektivt med små tre samanlikna med høgvaksne tre.

 

Moderniseringa av fruktdyrkinga dei siste 50 åra har påverka og endra kulturlandskapet på ymse vis. Mange saknar dei store, gamle aplane i full blom. Men det er dei mange velstelte og småvaksne trea som framleis gjer fruktdyrkinga til ein viktig del av livsgrunnlaget i Ullensvang.

  • Tåkesprøyting av epletre
  • Frostmålarar
  • Prinsipp for spreiing av frostmålarar ned dalsida
  • Nyutvikla lauvtreborkbiller overvintrar inne i gangane som morbilla har laga

Uvelkomne i frukthagane

Fruktproduksjonen varierer mykje avhengig av vêret, men òg fordi det er fleire enn vi menneske som tek for seg av avlingane. I utmarka lever talrike insekt som søkjer mot frukthagane i knappe tider. Framleis nyttar ein sprøytemiddel mot desse ubedne gjestene, men forsking, mellom anna i Hordaland, gjer at bruken av kjemiske middel i fruktdyrkinga er monaleg mindre enn før.

 

I dei indre hardangerkommunane er berre om lag ein prosent av jorda dyrkbar. Likevel har hardingane visst å utnytta maksimalt den jorda dei har. Slik har insekt som naturleg lever i utmarka, fått eit ekstra tilbod. Somme år fell stor insektproduksjon saman med dårleg sesong for vertsplantene for insekta. Då må insekta ty til alternative løysingar. Dersom slike alternativ finst på dyrka land, blir insekta sine problem gjerne òg bonden sitt problem.

 

Kjemiske sprøytemiddel har vore det beste våpenet i kampen mot skadeinsekt. Men slik krigføring medfører oftast utslepp av miljøgifter i naturen og fare for kjemisk forureining av frukta. Både styresmakter og forbrukarar krev minst mogleg bruk av planteverngifter. Bruken av kjemiske sprøytemiddel er derfor sterkt redusert dei seinare åra. Forsking har dessutan vist at fleire typar insektangrep kan varslast på førehand, slik at sprøyting ikkje skjer i utrengsmål. Eit nærliggjande døme er varslingssystemet mot angrep av rognebærmøll i eple.

Rognebærmøllen

Den vesle sommarfuglen rognebærmøll legg helst egga sine på rognebærkart. Vanlegvis utviklar det seg berre ein larve i kvart rognebær. I år med for lita fruktsetjing på rogn i høve til talet på rognebærmøll blir det stor konkurranse om eggleggingsplassane. Slike år trekkjer mange møll inn i eplehagar for å leggja egga sine der i staden. Når egga klekkjest på seinsommaren, borar dei nyklekte larvane seg inn i eplekarten for å gjennomføra larveutviklinga. Larvane lagar eit gangsystem på kryss og tvers, og gjer frukta ueigna som menneskeføde.

 

Invasjon av rognebærmøll i frukthagane kan varslast ved gransking av den naturlege vertsplanta. Angrepsgrad av larvar i rognebæra blir registrert om hausten. Neste vår blir blomeklasane talde på faste referansetre. Frå larveregistreringa er det mogleg å spå kor stor insektproduksjonen vil bli, og frå blomeklaseteljingane kan ein seia kor mykje naturleg føde som vil stå til disposisjon for desse insekta. Om det ikkje blir nok næring, aukar faren for at møllen skal bruka frukttre som erstatning for rogn. Kvart år blir det sendt ut varsel om fare for angrep av rognebærmøll i eple for alle dei viktigaste fruktdyrkingsdistrikta i landet.

Før 1970 var det vanleg å sprøyta to gonger kvart år mot rognebærmøll i eple. Varslingssystemet har gjort at det er nok å sprøyta mot desse insekta ein gong kvart anna eller tredje år.

Herjing av frostmålarar – eit vestlandsfenomen

I Hordaland har frostmålaren herja frukthagane stort sett med 12–15 års mellomrom det siste hundreåret. Dette insektet har ei rekkje lauvtre, inkludert mange av frukt- og bærslaga som blir dyrka hos oss, som naturlege vertsplanter. Fjordbygdene vestpå er mykje meir utsette enn flatbygdene på Austlandet. Årsaka er knytt til topografi og klima: Larvar frå lauvskogen oppe i dei bratte fjellsidene blir spreidde med vinden, som ber dei med seg til frukthagane nede ved fjorden, der det òg er larveproduksjon.

 

Ein problemperiode startar oftast på bjørk, selje og rogn oppe i liene. Etter kvart som bestanden av frostmålarar aukar, må dei nyklekte larvane søkja over på annan vegetasjon – eller til andre område – for å overleva. Frostmålarlarvane flyttar seg ved at dei spinn ein lang tråd som vinden tek tak i. Slik får larvane gratis flygetur til neste beite. På ettermiddags- og kveldstid, frå slutten av mai og utover i juni, er det i dei indre fjordbygdene ofte ein luftstraum nedover liene, frå dei kjøligare områda med snøsmelting øvst mot fjellet og ned mot dei soloppvarma områda ved fjorden. Med denne luftstraumen kjem frostmålarlarvane drivande, og ein del hamnar i frukt- og bærhagane. Somme år drys nyklekte larvar nedover frukthagane langt utover i juni. På denne tida er dei første larvane – klekte frå egg som opphavleg var lagde på trea i frukthagane – om lag ferdige med larveperioden. Dermed må det kanskje sprøytast to gonger same året for å unngå store skadar på frukta.

Lauvtreborkbilla

For ein del år sidan var masseangrep av granborkbilla eit omfattande problem i skogbruket austpå. Borkbiller har vi òg i Hordaland, og i frukthagane kan lauvtreborkbilla vera eit problem. Arten vart først oppdaga i Hordaland (Etne) i 1979, men er seinare vorten nokså vanleg somme stader. Medan rognebærmøll er eit problem for fruktkjøtet, kan lauvtreborkbilla gjera ende på heile treet. Friske tre er ikkje utsette – desse billene vel seg ut tre som av ein eller annan grunn er svekte.

 

Billene borar seg inn i veden på trea og legg egg i gangsystemet dei har laga. Etter kvart gror gangane til med ambrosiasopp, som larvane livnærer seg på. Sporar av denne soppen har dei vaksne billene med seg frå gangane i treet der dei har overvintra. Veksten av soppen stoppar saftstraumen i det nye vertstreet, som visnar og døyr kort tid etter at billene er etablerte.

 

Billene orienterer seg etter den naturlege, men svake alkoholdunsten frå trea for å finna eit nytt tre til egglegging. I spesialkonstruerte feller kan ein lokka billene med alkoholdunst frå ei blanding av 50 % etanol og 50 % toluen.

«Skadedyr»

I økologisk meining gjer desse «skadedyra» ikkje anna enn å ta for seg av eit ekstra tilbod som vi menneske har skapt. Skadane blir mest tydelege når det er knappe tider for desse organismane i naturen.

 

Blir det for mange individ av ein art, har naturen sjølv mange mekanismar for å retta opp att balansen, særleg ved auka konkurranse mellom individa. Slike prosessar tek likevel litt tid. Ein fruktdyrkar – som skal tena pengar på avlingane – har ikkje alltid tid til å venta på naturens gang, særleg ikkje når avlinga står i fare for å bli øydelagd.

 

Ingen ønskjer å nytta sprøytemiddel i landbruket. Nøkkelen til betre plantevernmetodar ligg mellom anna i å studera – og forstå – dei naturlege prosessane i utmarka, og dra praktisk lærdom av dei.

  • Djønne, R. (under arbeid). Kartlegging og verdisetting av naturtypar i Ullensvang. Ullensvang herad og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport.
  • Hertzberg, N. (1818) Noget om Kingservigs Præstegjeld i Hardanger. I: Budstikken. S. 681-695.
  • Hilstad, T. m. fl. (under arbeid). Viltet i Ullensvang. Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane. Ullensvang herad og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport.
  • Kolltveit, O. (1971-1974) Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid, bind IV-V. Odda, Odda, Ullensvang og Kinsarvik bygdeboknemnd.
  • Norsk Ornitologisk Forening avd. Hordaland 2000. Spesialnummer om fuglefaunaen i Ullensvang herad. Krompen 29 (1):1–64.
  • Olafsen, O. (1907) Ullensvang: en historisk-topografisk-statistisk beskrivelse af Ullensvangs Herred. Bergen.
  • Olafsen, O. (1914) Ullensvangs kommunale historie: et minde- og jubilæumsskrift. Odda.