• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Luster kommune strekkjer seg inn i Jotunheimen. Skagastølsryggen med Mohns Skar og Store Skagastølstind i bakgrunnen. Personane er, frå venstre: Trygve Gran Kroepelien, Carl Joachim Hambro (stortingspresident under andre verdskrig og ein ivrig klatrar), Therese Bertheau (den første kvinnelege norske fjellklatraren), Carl Wilhelm Rubenson og Kari Berge (dotter av Ola og Anna Berge og frå 1928 eigar av Turtagrø Hotel). Biletet er frå sommaren 1908 og er teke av Ferdinand Schjelderup. (Fylkesarkivet)

Luster ligg på begge sider av Lustrafjorden, som er inste armen av Sognefjorden. På vestsida strekkjer to dalføre, Veitastrond og Jostedalen, seg frå fjorden til Jostedalsbreen med Høgste Breakulen på 1957 moh. Breen er nasjonalparkområde, og frå hovudbreen går fleire sidearmar ned i dalføra i Luster. Nigardsbreen ligg i dalføret ned mot Nigardsbrevatnet (284 moh) i Jostedalen, og er ein stor turistattraksjon.

Frå botnen av Lustrafjorden går to dalføre, Mørkrisdalen og Fortundalen, mot nord og inn i Breheimen nasjonalpark. Dette er eit av dei største villmarksprega områda som er att i Sør-Noreg, med stor spennvidde i naturtypar. Breane, tindane, høgfjellsvidder, vassdraga med frittrennande elvar og fossar, den spesielle fjellvegetasjonen, frodige dalar med innslag av edellauvskog og levande kulturlandskap med stølsdrift, gjer området spesielt i nasjonal samanheng. Det finst fleire svært viktige naturtypar og ei rekkje raudlisteartar i området, mellom desse store rovdyr og fleire rovfuglartar.

Aust for fjorden strekkjer Luster kommune seg inn i Jotunheimen. Også dette fjellmassivet, som ligg i overgangen mellom austleg og vestleg høgfjellsnatur, er nasjonalpark. Her finn vi isbrear og alpine toppar på opp til 2400 moh., men også frodige lågareliggjande dalføre. Utladalen tek til i Luster kommune og endar opp i Årdal.

Berggrunnen i nordvest høyrer til gneisregionen. I søraust ligg Jotundekket med sterkt omdanna prekambriske djupbergartar. I overgangen mellom gneisen og Jotundekket – frå Hafslovatnet til Gaupne og vidare innover til Fortundalen – finn vi ei sone med hovudsakleg fyllitt og glimmerskifer frå kambrosilur. Skyvedekka har eit bratt fall mot skifrane i nordvest, og dalføra på austsida av Lustrafjorden er difor bratte og korte. På vestsida er dei lengre og har større vassføring. Det finst større område med elveavsetningar i Fortundalen, Jostedalen, Gaupne og på Veitastrond. Det største samanhengande jordbruksarealet ligg på Hafslo, som har mykje morenejord.

Mange fjell og vassdrag med store høgdeskilnader har gjeve grunnlag for ei rekkje kraftutbyggingar i Luster. 14 kraftverk produserer kring 3 TWh årleg, noko som gjer Luster til Noregs åttande største kraftkommune. Mørkrisdalselva er varig verna mot kraftutbygging.

Mørkrisdalen er landskapsvernområde og er eit godt døme på dei store lokale klimavariasjonane ein kan finne i dalføra i indre Sogn. Dalen har svært bratte og dels varme fjellsider med steinurer og rasvifter. Heilt i vest ligg fjellsidene innanfor den sørboreale sona der fleire varmekjære artar som lind og alm kjem inn. Mesteparten av området elles høyrer til den mellomboreale og nordboreale vegetasjonssona.

Skogen i Luster omfattar både furuskog, bjørkeskog mot fjellet, boreal lauvskog og parti med edellauvskog. I naturreservatet Luster Allmenning sør i kommunen finn vi alle desse skogstypane. Inne i området ligg Skogateigen, det første naturreservatet i Noreg, som blei oppretta i 1914 for å ta vare på ein særmerkt førekomst av naturleg granskog.

Med formannskapslova i 1837 vart noverande Luster kommune skipa i tre kommunar: Luster, Jostedal og Hafslo. I 1965 vart desse tre kommunane slegne saman til storkommunen Luster, med Gaupne som kommunesenter. Namnet Luster tyder rimelegvis ”den lyse” og kjem av den uvanleg lyse, grønblå fargen på vatnet i fjorden.