• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Mesteparten av Bulandet og Værlandet og dei mindre holmane og skjera i Askvoll høyrer til den låglendte strandflata. Denne strekkjer seg også rundt høge fjell på større øyar som Alden og Atløyna og på fastlandet. Det var dette fenomenet som fekk geologen Hans Reusch til å skrive at ”Alden ligner en hat, der flyder paa vandet". Foto Sigvald Vårdal (Fylkesarkivet)

Askvoll er eit landskap med øyar og fastland mellom to fjordar. I sør går Buefjorden som ein havarm inn mellom Bulandet-Værlandet og Solund. Innanfor landemerket Geita fyr og den vesle øya Aralden, som tidlegare hadde fast busetnad, blir havarmen til ein brei fjord, Vilnesfjorden. Vel forbi Atløyna smalnar fjorden inn til den trongare Dalsfjorden, som utgjer Askvoll si grenselinje mot Fjaler.

Nord for Askvoll blir Ryggsteinhavet til havarmen Stavfjorden, som så blir til Førdefjorden. I aust utgjer Blægja og Heilefjellet grensa mot Sunnfjord kommune. Dette massive fjellområdet tronar majestetisk over fjordane ikring og strekkjer seg opp i over 1300 meters høgd. Det blir kalla Kvamshestbassenget og utgjer eit av dei vestlandske devonfelta – skapt av erodert materiale frå den kaledonske fjellkjeda.

Bergartane i Kvamshestbassenget er, saman med dei vi finn yst i kommunen, dei yngste i Askvoll kommune. I Bulandet og delvis i Værlandet ligg lag med konglomerat, breksje og sandstein. Breksjen blir teken ut i blokker og nytta til prydstein, marknadsført som ”Black Beauty”. Lenger aust, på Brurastakken ytst på Atløyna, har fjellsida karakteristiske striper som gjev forbipasserande i skipsleia eit tydeleg bilde av den geologiske utviklinga. Her ligg eit lag med kvartssandstein nedst, som har sige saman på grunn av stor uro i jordskorpa og veldige forkastingar. Det øvre, lyse laget består av kvartskonglomerat, mens det heilt øvste laget, som er nesten svart skifer, er det som geologane kallar for Sunnfjord melange.

Mesteparten av Bulandet og Værlandet og dei mindre holmane og skjera i Askvoll høyrer til den låglendte strandflata. Denne strekkjer seg også rundt høge fjell på større øyar som Alden og Atløyna og på fastlandet. Det var dette fenomenet som fekk geologen Hans Reusch til å skrive at ”Alden ligner en hat, der flyder paa vandet”. Havet har sett sitt preg også innover fjordane i Askvoll. Langs nordsida av Dalsfjorden finst det ei rekkje marine avsetningar med silt og leire, som har skapt grunnlag for teglindustri.

Askvoll har eit stort mangfald av kulturlandskap og kulturmarkstypar. Ein rapport frå 1990 nemner i alt 18 typeområde: Sandøy, Tvibyrge og Smelvær (øybruk), Raudøyna(torvhei), Herland (beitebakkar), Vilnes (urterike slåtteenger), Askvika – Eidsfjord (heilskapleg kulturlandskap), Størdal (beitebakkar og lynghei), Stong (hasselhage),Mjåset (svartorhage), Grimelia (lynghei), Hålandsstølen og Rivedalsstølen (fjellstølar),Eikenes (risingsli og gråorhage), Storevika (hagemark med furu), Gjelsvika (jordnøtt- ogstrandeng), Fossedalen (fjellgardar og husmannsplassar) og Kvammen (einerhage). Sidan denne rapporten kom må ein rekne med at redusert bruk av kulturlandskapet og attgroing har auka i dei ulike typeområda.

I Askvoll finst det 17 naturreservat for å verne om sjøfugl. To av desse, Askvika og Sørværet, er våtmarksområde. Eit område med edellauvskog i Steiehalsen ved Dalsfjorden er freda som naturreservat. Scilla verna eller kystblåstjerne er ein sjeldan kulturlandskapsblome som finst nokre få stader ytst på kysten, deriblant i Bulandet.

Fjordane utgjer dagens grenser kring Askvoll kommune, men slik har det ikkje vore så lenge. Det gamle tinglaget og prestegjeldet Askvoll strekte seg i nordaust ikkje lenger enn til Grimelia og Stongfjorden. Bygdene lenger innover langs Førdefjorden sokna til Kinn og Førde, medan Holmedal og gardane ikring høyrde til Fjaler, tidlegare Ytre Holmedal. I sør derimot strekte Askvoll prestegjeld seg heilt til Nord-Solund og Lifjorden i Sogn, før Hyllestad blei skilt ut i 1861, og Nord-Solund blei overført til det nyskipa Sulen prestegjeld i 1888. Dagens grense langs Førdefjorden kom på plass i 1964 og langs Dalsfjorden først i 1990.