• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Høyanger ligg i eit nedbørrikt område med mange vatn og vassdrag, og dei store høgdeskilnadene har gjeve grunnlag for ei rekkje kraftutbyggingar og ein kraftkrevjande industri. Foto Eugen Nordahl-Olsen, ukjent årstall (Fylkesarkivet)

Høyanger er den einaste av sognekommunane som ligg på begge sider av Sognefjorden. På nordsida strekkjer han seg frå Bekksneset i vest, der grensa går mot Hyllestad, til Tussvikberget i aust, ved grensa mot Sogndal. Ved kommunereforma i 2020 blei grensemerket flytta eit stykke austover, då bygda Nessane ikkje ville vere med inn i den nye storkommunen Sogndal. På sørsida av fjorden er Høyanger avgrensa av Fureneset ved grensa mot Gulen i vest, og garden Nybø ved grensa mot Vik i aust. Sognefjorden har fleire mindre sidearmar her – Vadheimsfjorden, Høyangsfjorden og Lånefjorden på nordsida, og Ikjefjorden og Fuglsetfjorden på sørsida.

Landskapet er prega av høge fjell som stuper nokså bratt ned i Sognefjorden, sidearmane og dei korte dalføra. Berre åtte prosent av arealet i Høyanger ligg lågare enn 150 meter over havet. Høgaste toppen er Langedalsfjellet i nordaust med 1456 moh. Sognefjorden er her på sitt djupaste, litt vest for Vadheimsfjorden går han ned til 1303 muh. Dette er det største fjorddjupet nokon stad i Noreg.

Geologisk soknar Høyanger til gneisregionen, som strekkjer seg frå Samnanger til Trondheimsfjorden. Mykje av høgfjellet i kommunen har lite eller ingen vegetasjon. I dalføra finst det derimot lausmassar av morene, skredmateriale og avsetningar frå brear og elvar, og desse gjev grunnlag for ein rik og variert flora, særleg i dei sørvende hellingane.

Av skog er her både furuskog og edellauvskog, mellom anna bjørk, gråor, hegg, hassel, alm og ask. Fleire stader finst det trua artar av lav i skogen, til dømes kystkantlav, skoddelav, kastanjelav og trollpraktlav. På Kvist ved Nessane ligg eit verna område med lindeskog, som har innslag av kravfulle artar som junkerbrekne, breiflangre, svarterteknapp, myske, lungrønaks og ramslauk. Somme stader finn vi våtmarksområde med eit rikt fugleliv, til dømes naturreservatet Sørestrandsvatnet i Øvrelavikdalen. Her er det registrert 46 artar av våtmarksfugl.

Lengst i søraust strekkjer Høyanger seg inn i Stølsheimen landskapsvernområde. Området har fått namnet sitt frå dei mange titals stølane, som vitnar om ei tid då stølsdrift var ein viktig del av levebrødet til bøndene ved Sognefjorden.

Høyanger ligg i eit nedbørrikt område med mange vatn og vassdrag, og dei store høgdeskilnadene har gjeve grunnlag for ei rekkje kraftutbyggingar og ein kraftkrevjande industri. I kommunen ligg det 15 kraftverk med ein årleg produksjon på i alt 1,3 TWh. Dette utgjer om lag 1 prosent av den samla norske vasskraftproduksjonen.

Namnet Høyanger har sin bakgrunn i Høyjangr, som er det eldre namnet på Høyangsfjorden. Det er truleg samansett av høy og angr (vik, fjord). Den første kommuneskipnaden i denne delen av Sognefjorden heitte ”Ladevig Præstegjelds formannskapsdistrict”. Men avstandane var store, og i 1853 blei kommunen delt. Ut av delinga kom kommunen Lavik lengst vest på nordsida av fjorden, medan sør- og nordsida lengst aust fekk namnet Klævold, seinare Kyrkjebø. Lavik fekk i 1859 Brekke på sørsida under seg, men miste Bø sokn til den nyskipa Hyllestad kommune i 1862. Brekke vart fråskild att som eigen kommune i 1904. Dagens Høyanger kommune blei til i 1964, då kommunane Lavik og Kyrkjebø vart slått saman.