• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Hotellet på Brakanes

Det er turistane og reiselivet som har skapt grunnlaget for hotellet på Brakanes (foto: Anders P. Wallevik, eigar: Hardanger Folkemuseum (HFU-WA 841)).

Ingen andre stader i Hordaland ligg strandsedimenta frå slutten av siste istid så høgt i landskapet som i jordbruksbygda og turiststaden Ulvik. Heile 125 meter oppe i lia finn vi att sand og grus som låg i fjøra for 11 000 år sidan. Men det er meir enn fruktbare istidsavsetjingar som gir grunnlag for busetnad i kommunen: Bergensbanen gjorde Noregs tak tilgjengeleg. Takka vere den kan folk bu på Finse (1222 m o.h.), den høgastliggjande faste busetjinga i landet, om enn berre nokre få menneske i vår tid.

Det er eit geologisk skattkammer som openberrar seg på høgfjellet - eit utstillingsområde for bergartar frå fleire kapitel i jordhistoria. Grunnfjellet, sjølve viddegolvet, har lege så godt som uskipla sidan jordas urtid. Over ligg restane etter det eingong kontinuerlege fyllittlaget, det mjuke, mørke og frodige fjellet. Og øvst oppe ligg skyveflaka av hardt gneisfjell som kom sigande inn frå vest eller nordvest - også dei restar av det som eingong var eit vedvarande dekke. 

I fjellkommunen ruvar nokre av Hordalands høgste tindar innanfor grensene - og over fast fjell kronar Hardangerjøkulen, som når opp i om lag 1860 meters høgde på grensa mot Eidfjord. Men det er ved Ulvikfjorden dei fleste innbyggjarane bur. Terrassane framfor Sysegjelet og Ramnagjelet er restar etter gamle elvedelta frå breelvane som spylte ut grusmassar i fjorden då havet stod høgt like etter siste istid. Også det meste av den flatlendte jorda kring Ulvikpollen er marine avsetjingar, frå tida etter at breane var ferdige med arbeidet sitt. Desse avsetjingane gir svært grøderik jord. Det same gjer den gode forvitringsjorda av fyllitt, som det er rikeleg av i kommunen. Klimaet legg også vilkåra til rette for jordbruk;  Ulvik har fylkets varmaste somrar, og lite vind. Dei gode gardane kring den lune fjordarmen er eit av Noregs sentrale fruktdistrikt, med eplesider i særklasse.

Ulvik var eiga skipreide i mellomalderen, som Granvin og Eidfjord. Det fortel om bygder med gode ressursar kring fjorden som ferdsleåre. På 1600-talet vart Granvin og Ulvik slegne saman til ei skipreide, og frå 1689 omfatta Graven skipreide bygdene Granvin, Ulvik og Eidfjord. Ulvik sokn høyrde til Kinsarvik prestegjeld fram til 1608, deretter til det nye Granvin prestegjeld. Eidfjord vart ein del av Granvin prestegjeld frå 1688. Prestegjeldet skifte namn i 1858, då Ulvik vart hovudsokn. Ulvik vart likeins namnet på kommunen og lensmannsdistriktet. Dette omfatta både Granvin og Eidfjord. I 1891 vart så desse to kyrkjesoknene skilde ut som eigne kommunar, og det er dei framleis i dag – som i mellomalderen. Kvar skipreide var sitt eige kongerike.

Skånsam fjellforvalting

Bygdefolket i Ulvik har alltid orientert seg mot fjellet. Mange har frykta at inngrep i fjellet skal råka villreinen og den sårbare høgfjellsnaturen. Så er det heller ingen tvil om at ein mindre del av villreinen på Hardangervidda nyttar beita i Ulvikfjella no enn før, og det er nærliggjande å tru at riksvegtrafikk, kraftliner og snøskuterferdsle gjer sitt til å hemma reinvandringane. I Ulvik er det eit sterkt engasjement for oppbygginga av ei livskraftig villreinstamme i Nordfjella, fjellområda frå Bergensbana nordover mot Aurland, Lærdal og Hemsedal.

Det aller meste av fjellet i Ulvik er statsallmenning. Ulvik fjellstyre forvaltar desse store ressursane, og med dei, rettane til rypejakt, fiske og fjellbeite. Kommunen har også omfattande kraftutbygging. Øvre del av Norddøla er overførd til Austdøla, som igjen er overførd til Sima kraftverk i Eidfjord. Reguleringa av desse overføringane skjer via Langvatn. Ulvik kraftverk i Ulvik nyttar fallet mellom Solsævatnet og fjorden til kraftproduksjon. Elva Dørgo, på austsida av Osafjorden, vart verna i 1993.

Standhaftig grunnfjell

Grunnfjellet i Ulvik er for ein stor del gjord av granitt og gneis. Heilt frå urtida har dette fjellet fått liggja i ro - sjølv ikkje dei store rørslene i berggrunnen då Noreg og Grønland støytte saman for 410-450 millionar år sidan fekk noko særleg verknad på grunnfjellet så langt aust. Den mest spesielle påverknaden på grunnfjellet har kanskje kome ovanfrå, som resultat av eit 650 millionar år gammalt meteorittregn.

Om ikkje dei store kreftene makta å flytta på dette fjellet, så evna i alle fall isen å forma djupe furer i urberget. I eit av dei siste kapitla i jordhistoria, då breane fekk samla kreftene langs gamle dalsøkk, vart djupe fjordar og dalar gravd ut, sjølv i dei mest standhaftige bergartane.

Over grunnfjellet ligg fyllittlaget. Eit grunt hav overfløymde grunnfjellet for kring 600 millionar år sidan. I dette havet vart lag på lag med leire og slam avsett, lag som seinare vart til fyllitt. Rett ovanfor Ulvik sentrum kjem grensa mellom grunnfjell og fyllitt fram som ei brei, skrånande hylle, med gardane Oppheim og Vestrheim. Skuvedekkerestane øvst i lagfylgja kvilar på fyllitten. Dei harde gneisane låg ein gong som ei ugjennomtrengjeleg kappe over heile Vestlandet. No er det bare stumpar igjen av underste delen av denne kappa. Til gjengjeld er dei høgste fjelltoppane i Hordaland gjorde av dekkebergartane.

Det er fjordane og dei djupe dalane som er årsak til det spesielle klimaet i bygdene ved fjorden. Lite vind gjev rask oppvarming om sommaren. Den rolege lufta fører også til raskare avkjøling om hausten, og det kan vera tidleg nattefrost på utsette stader. Om sommaren er det relativt små nedbørsmengder, men det kan koma mykje snø om vinteren. Fjorden frys til frå tid til anna på grunn av roleg sjø og stabilt låge temperaturar. Rett nok har islegginga minka noko etter at Ulvik kraftverk vart sett i drift med utslepp av ”varmt” vatn om vinteren.

Langs gamlevegen til Ulvik, ned dei skarpe hårnålssvingane, set den sjeldne stavklokka farge på vegkanten mellom prestekrage og raudknapp. Også edellauvskogen trivst godt i Ulvik, og ser ut til å spreia seg. Alm, ask og hassel har innteke deler av kulturlandskapet. Andre varmekjære lauvtre, som lind og eik, veks meir spreidd, spesielt oppunder bratte berghamrar. Sjølv kystplantar har funne seg til rette så langt inne i landet. I den fuktige bjørkeskogen veks nemleg bjønnkam, smørtelg og rome. Ein typisk austlending i floraen er tyrihjelm. Denne arten er vanlegast aust i kommunen, til dømes ved Grøndal, nær Bergensbana, men veks også ved Solsæ. Ein annan som kjem austafrå og som i aukande grad finn seg til rette i Ulvik er elgen. I dag tel elgstamma i Ulvik truleg vel 20 dyr.

På raud grunn åtte gull spissruter i rosett

Våpenet er godkjent ved kgl. res. 19.12.1986, og er teikna av Stein Davidsen. Åttebladsrosa er eit tradisjonelt mønster i husflid og folkekunst i Hardanger. Dette motivet finst i treskurd og tekstil av mange slag.

valknute

Ulvik, samansett med dyrenamnet ulv, er truleg det opphavlege namnet på prestegarden, som no ligg på Nedre Hakastad. Dette siste namnet er avleidd av mannsnamnet Haki. Førsteleddet i Brakanes er brake «einer». Hjeltnes har fått namn etter Hjelten, ein langstrekt stein i sjøen nedanfor garden. Namnet er avleidd av gno. hjalt «handtak på sverd». Sisteleddet i Lekve og Øydve, gno. Leikvin og Eiđvin, er vin «naturleg eng». Til grunn for førsteleddet i Spånheim, ofte skrive Sponheim, ligg spánn «spån, treskive i sverdslira», truleg om eit terrengtilhøve på garden. Finse, gno. Firnsær, kan tydast som «villmarksvatnet». Vallaviki reflekterer eldre Vall-land «grasmark» og er såleis i slekt med Valland i Kvam. Hallanger er mogeleg samansett av gno. hall «hall» og gno. angr «trong vik, fjord».

  • Ulvikafjorden

Gartnaren i kulturlandskapet

Som ei av dei gode jordbruksbygdene i Hardanger har Ulvik mange velstelte kulturlandskap, forma av bondens arbeid gjennom generasjonar. Sentralt i bygda ligg gardar som Sponheim og Hakastad, Syse, Lekve og Kvåle; gardar som ligg i jordbrukslandskapet slik det har sett ut dei siste tusen åra. Det er lett å forstå at denne bygda har gjeve plass til ein hagebruksskule, som på Hjeltnes, frå 1901. Men den som framfor nokon har odla dette kulturlandskapet, både det ytre og det indre, er gartnaren og diktaren Olav H. Hauge. Han føyer ein ny dimensjon til landskapet, og han gjev opplevinga ein djupare resonansbotn:

 

« I natt har graset vorte grønt.
Ein fugl freistar å syngja,
skodda ris,
og soli kjem yver snøfjelli.
Frå morgonar for lenge sidan
slær gleda veikt på sitt koparskjold. »

  • Frå Ulvik. I bakgrunnen «hyllegardane» Vestrheim, Oppheim og Ljono

Frå Ulvik. I bakgrunnen «hyllegardane» Vestrheim, Oppheim og Ljono, som alle ligg på hylla som markerer grensa mellom grunnfjell og fyllitt. Gneisane i Vassfjøro lengst bak vart skyvde inn frå nordvest i fjern geologisk fortid og er ein rest av eit større skyvedekke som ligg oppå fyllittbergartane. (Svein Nord)

  • Ulvik har lange tradisjonar med dyrking av frukt

Ulvik har lange tradisjonar med dyrking av frukt. Frukttrea var større før, og det kravde mykje arbeid med å skjera greiner og kvister. Her frå Vallaviki i 1920-åra. Personane er Arne og Åsmund Vallavik. (Anders P. Wallevik)

  • Steinskvett

Steinskvett, den vanlegaste fuglen i Ulvikfjella. (Jan Rabben)

  • Aksinitt frå Bruraviki

Aksinitt frå Bruraviki. Namnet kjem frå dei økseforma krystallane. Prøven er utstilt på Universitetsmuseet i Bergen. (Haakon Fossen)

  • Reinfann

Reinfann. (Miranda Bødtker)

  • Stavklokke

Stavklokke. (Bjørn Moe)

  • Djønne, R. (under arbeid). Kartlegging og verdisetting av naturtypar i Ulvik. Ulvik herad og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport.
  • Kolltveit, O., Kvestad, J. & Dyrvik, T. red. (1987) Ulvik: gards- og ættesoga. Ulvik, Ulvik herad, Bygdeboknemnda.
  • Olafsen, O. (1925) Ulvik i fortid og nutid: en bygdebok. Nordheimsund.
  • Overvoll, O.; Wiers, T. 2002. Viltet i Ulvik. Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane. Ulvik kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 1/2002.