• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kunnskapsbasen GRIND er Universitetet i Bergen sin portal for formidling av kunnskap om landskap og livsmiljø, henta frå forskarar ved Universitetet i Bergen og frå fagmiljø som Bjerknessenteret,  Havforskningsinstituttet, forvaltningsmiljøa og  musea på Vestlandet.

Utgangspunktet for GRIND er dei to kunnskapsbøkene om Hordaland; Kulturhistorisk vegbok (1993) og Naturhistorisk vegbok (2004). Bøkene representerer ei nyskaping i formidling av «kunnskap i fullformat» frå forskarane i fagmiljøa, gjennom pedagogiske tema-artiklar, kombinert med naturhistoriske og kulturgeografiske presentasjonar av landskap og lokalitetar i kommunane, eit rikhaldig biletstoff i høg kvalitet og historiske kart og grafikk.