• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kilstraumen med Utkilen i framgrunnen

Kilstraumen med Utkilen i framgrunnen, ein av gardane på den gode morenejorda som kryssar Austrheim. (Helge Sunde)

Det vide strandflatelandskapet i Austrheim har vore eit ope og skoglaust landskap i meir enn 4000 år, før det har byrja å endra karakter dei siste par generasjonane på slutten av 1900-talet. Omlegging av jordbruket i vår tid, med midre lyngsviing og beiting av utmarka, har gjeve buskar, kratt og skog gode voksterkår i dette flate landet. Berre Litleåsfjellet på gode hundre meters høgd løfter ryggen over strandflata, som er den gamle havbotnen.

Myrer og bølgjevaska istidsavsetjingar har jamna ut det låge terrenget, slik at det verkar ekstra flatt.  Kommunen er først og fremst eit øyrike med fiskerike straumar som Fosenstraumen, men fastlandet strekkjer seg likevel så langt ut mot havet at Vardetangen, heilt nordvest på Lindåshalvøya, dannar den vestlegaste pynten på Noregs fastland.

Austrheim kommune høyrde med få unntak til Lindås skipreide og prestegjeld frå mellomalderen av. I 1837, då det kommunale sjølvstyret vart innført, høyrde Austrheim såleis til Lindås kommune. Den nye Austrheim kommune, skild ut frå Lindås i 1910, omfatta også Fedje kommune fram til 1947, men framleis høyrer Austrheim til Lindås prestegjeld. Dette spreidde øyområdet, med over 500 store og små øyar, er eit gammalt kulturområde og eitt av dei finaste sjøbruksområde og kystmiljø i fylket. I Øyane har båten vore livsnødvendig gjennom mange tusen år; heilt frå steinalderfolket ferdast her i sine skinnbåtar og fram til vår tids smekre betongbruer som spenner over straumane: Bakkastraumen, Kjelstraumen og Fosenstraumen.

Frå Snekkeviki kan du vandra ein innhaldsrik kulturstig fram til det fine vesle kvernhusanlegget i Hoplandsmarka – eit nærbilete av naturalhushaldets energifosyning. Og med den i tankane har du det rette perspektivet for å sjå Mongstadanlegget, like innanfor grensa til Lindås; eit av Europas største oljeraffineri.

Landet under iskappa

Etter å ha kvilt under isen fleire gonger under siste istid, kom Austrheim fram for om lag 14 000 år sidan. Men berre dei høgste områda, fordi mykje av Austrheim vart overfløymd av sjøen då isen smelta tilbake. Då isbreen etter ein mellombels retrett vende attende, om lag to tusen år seinare, danna han Herdlamorenen. I Austrheim stogga iskanten langs ei line på tvers av kommunen, frå Hoplandsjøen over Austrheim-Årås-Mastrevikane-Utkjeilen-Ervikane-Fonnes-Leirvåg og til øya Håvarden. Framfor breen vart det avsett sand, grus og litt stein, og lenger ute silt og leire på havbotnen. I eit siste framstøyt gjekk så isen over desse avsetjingane, og skuva både dei fine og grovare massane saman i fleire moreneryggar.

Då isen som hadde trykt ned landet forsvann for godt, heva landet seg, i Austrheim om lag 30-35 meter. Leira og morenemassane steig opp av havet og vart tørt land. Den flate og leirrike jorda  hindra god drenering, og dette er ein av årsakene til dei store myrområda i kommunen.

Fjellet i Austrheim tilhøyrer den nordlegaste delen av Bergensbogane. I vest vert Bergensbogane klipte over av Hjeltefjordforkastinga, som skil dei frå grunnfjellsgneisane på Fedje og i Øygarden. I aust er det Fensfjordforkastinga som på same vis skil  austrheimsberget frå grunnfjellet i Masfjorden. 

Den kvite, aluminiumsrike anortositten som er vanleg i Lindås og på Radøy finst også i Austrheim. Eit kilometertjukt belte med anortositt svingar seg frå Mongstad og nordvestover til Store Stongi og Børilden og vidare sørover att via Åråsvågen (sjå kartet under). Her snur anortosittbeltet vest og nord igjen,  forbi Sævrøyni og ut i Fedjefjorden. Anortositten og resten av berggrunnen krøllar seg altså på tvers av kommunen i svære bølgjer eller faldar. Dei dannar  den nordlege avslutninga på kjempefalda i Lindås.  

Lyngheiane gror att

I vår tid er bjørk, rogn og furu er i frammarsj i myrlandskapet på strandflata. Sitkagrana, som vart planta i mange felt i 1960-åra, er blitt høge tre. Men det finst framleis område der attgroinga ikkje er komen skikkeleg i gang. Både på deler av Fosnøy og på dei mange øyane i den vestre delen av kommunen er det enno opne lyngheiområde som fortel om fiskarbonden sitt hushald gjennom mange årtusen.

I sørvende skråningar, gjerne der det er steinur, finst mange stader små hasselkratt. Fordi hasselen har vore skjerma mot  lyngbrannane, er desse førekomstane truleg gamle. I slike lune skråningar er ofte jordbotnen rikare på næring enn i områda omkring. Saman med hassel finn ein andre næringskrevjande plantar,  som kusymre, myske, storfrytle, hengeaks og fingerstorr. I tillegg er det ofte ein rik lav- og moseflora her. I den vestre delen av kommunen kan ein i august oppleva dei opne raudfarga heiane med mykje purpurlyng i slike sørvende skråningar. I vest veks og andre typiske kystplantar,  som vestlandsvikke, hinnebregne og fagerperikum.

Berre der det er ly for vinden og brukande sommartemperaturar vil skogen trivast i Austrheim. Ly mot nordvesten kan gje store utslag i oppvarminga, særleg vår og sommar, når det er godver med solskin. Men med høgtrykk og stille er det også fare for at havskodda legg seg over det meste av kommunen. Vekstsesongen er lang, frå midten av april til siste halvdel av november. Minusgrader er det gjerne berre i kortare periodar om vinteren. Årsnedbøren er mellom 1500 og 1700 mm fordelt på 200 nedbørsdagar i gjennomsnitt.

Sjøfuglar på flyttefot

For sjøfuglane har utviklinga vore meir dramatisk i Austrheim enn i dei fleste andre kommunane i Hordaland. Av fire verna sjøfuglreservat er berre Stridsholmen livskraftig i dag. I alle fall når det gjeld Kuøy-området reknar ein med at minken har noko av skulda. Likevel er ikkje sjøfuglane borte. Dei har helst flytta til nye stader, Kjørholmane er ein slik stad.

Sportsfiskarar trekkjer gjerne til Fosnstraumen. Få har vel gått herifrå utan å få fisk. Slik var det truleg og i steinalderen, det var fisken som skapte grunnlag for busetjing. Men også i ferskvatna i kommunen er det rikeleg med fisk for den som vil freista fiskelukka. Fleire kystvassdrag, sjølv om dei er små, har bra oppgang av sjøaure. Vassdraga opp til Purkebolsvatnet og Solendvatnet høyrer til desse – her er det lagt spesielt til rette for sportsfiske dei seinare åra.

På blå grunn tre sølv bjelkar bøygde nedover

Våpenet er godkjent ved kgl. res. 17.2.1989, og er teikna av Svein Skauge. Kommunen er ein øykommune og innbyggjarane er avhengige av båtar og bruer for å koma seg fram. Kommunen er i dag bunden saman av vel 30 større og mindre bruer. Det er tre bruer som er det heraldiske motivet på kommunevåpenet.

valknute

Austrheim tyder beint fram «heimen i aust». Truleg har ein eldre gard «Vestrheim» gått inn i Austrheim. Førland inneheld gno. fyri «stad der det veks furu». Namn på Kross- kan ha ulike opphav, m.a. etter form og etter oppsette krossar. Førsteleddet i Kjelstraumen, skrive Keilustraumr i gno. tyder «smalt sund, renne». Hopland er usikkert, namnet finst òg i Meland. Sisteleddet i Rongevær tyder «opphaldsstad» (sjå også Rong, Øygarden). Njøti, ofte skrive Njøten, heng saman med gno. njóta «nyta, ha godt av» og er i slekt med Nøtterøy i Vestfold. Mastrevik (Mastrevikane) fortel kanskje om at dei har skipa ut skipsmaster her. Fonnes er usikkert, det er tolka både som «framneset» og som «ferjestadneset».

  • Kart over berggrunnen og Herdlamorenen i Austrheim
  • Badevika mellom Fonnes og Vardetangen
  • Slåttonn på Nordre Njøta

Kart over berggrunnen og Herdlamorenen i Austrheim. (NGU/ Haakon Fossen/ Inge Aarseth/ Eva Bjørseth)

 

 

 

 

 

 

 

Badevika mellom Fonnes og Vardetangen. Sand og steinar har sjøen vaska ut frå Herdlamorenen. (Svein Nord)

 

 

 

Slåttonn på Nordre Njøta, om lag 1935. På desse gardane var kantete steinar rydda frå forvitringsjorda (jord smuldra frå fjellet under) og nytta i steingardane.Slik skil dei seg frå mange av dei andre steingardane i Austrheim som har runde steinar frå Herdlamorenen. (Utlån:Jostein Leikvoll,Austrheim kommune cd 31.)

  • Kart med strandlinja for 8000 år sidan og områda som vart overfløymde av flodbølgja
  • Tsunami

Tsunami

For om lag 8000 år sidan vart sjøen kring Austrheim på ein halvtime omskapt til tørt land, både marbakken og langt ut over botnen, til fleire meters djup. Ein liten time gjekk – så kom flodbølgjene veltande, 3–4 meter høgare enn havet hadde vore før. Steinalderstrilane må ha fare ille. Lét dei seg freista til å springa etter havet for å plukka fisken som låg att og sprella, hadde dei ikkje store sjansen til å overleva. Stod dei berre og gapte, eller låg dei og sov, var dei ikkje stort betre farne.

 

Tsunami har dei færraste høyrt om på våre kantar, men i Japan veit alle kva det er. Ordet tsunami er japansk og tyder «hamnebølgje». Namnet blir nytta om ei flodbølgje som er utløyst av eit jordskjelv på havbotnen eller eit undersjøisk ras. Der det går eit stort ras, vil vatnet først fylla rasgropa slik at havet i områda omkring senkar seg. Bølgjene som blir danna, er svært lange og ofte mindre enn 1 meter høge ute på det opne havet. Men når dei kjem inn over grunt vatn, reiser sjøen seg gjerne 10–30 meter. Vanlegvis kjem slike bølgjer i landområda omkring Stillehavet, slik som Japan, Hawaii og andre stader. Men ein tsunami har òg råka norskekysten – i eldre steinalder for om lag 8000 år sidan. Årsaka til denne tsunamien var eit undersjøisk ras på Storegga utanfor kysten av Møre–Trøndelag, der fleire tusen kubikkilometer av havbotnen rasa ut. På Sunnmøre nådde flodbølgja om lag 10–12 meter opp over havnivået på den tida. I Austrheim steig vasstanden 3–4 meter, slik at bølgja, der lendet var lågt, breidde seg fleire hundre meter inn frå stranda.

 

Det er ikkje mogleg å sjå spor av tsunamien i terrenget i dag, men på Fosnøyna er det teke borprøver i fleire vatn med ulik høgd over havet. I borkjernane er det funne sand, grus, trepinnar og skjel som bølgja tok med seg då ho slo innover land. På den tida var havnivået 10 meter høgare enn det er i dag. Dei aktuelle sedimentlaga ligg opptil 3–4 meter høgare enn havnivået i steinalderen,altså 13–14 meter over dagens nivå

  • Kart over tidvasstraumar i Nordhordland
  • Fiske ved Fosnstraumen

Straum og tidvatn

Småbåtførarar lyt lesa tidvasstabellen før dei tek seg inn i Straumane. Førarar av større fartøy må granska djupner og bruhøgder. Tronge sund og strie straumar set båtfolk som ikkje er lokalkjende, på harde prøvar. Men dei fleste føretrekkjer denne leia framfor å gå utanskjers.

 

Straumane blir farvatnet kalla, fjordane, sunda og straumane frå Alverstraumen i sør til Fonnes i nord.Her krokar den tronge farleia seg mellom stakar og lykter i eit vekslande landskap,med små tettstader, gardsbruk, lynghei og skog. Planteskogen pressar seg på overalt,mange stader like ned i fjøresteinane.

 

Det er tidvatnet som skaper dei sterke straumane i denne delen av fylket. Tidvassbølgja breier seg nordover langs Rogalandsog Hordalandskysten; om lag 21 minutt tek ho frå Stavanger til Nordhordland. Derfor kjem både høgvatn og lågvatn noko seinare nordetter kysten.Tidvasskilnaden aukar òg, frå 60 centimeter i Sunnhordland til 120 centimeter i Nordhordland. Tidvasstraumane er svake utanfor vestlandskysten, om lag 0,5 knop på det meste.Dette er lite samanlikna med mange andre kystnære havområde.

 

På ferda nordover to gonger i døgnet vil flodbølgja ikkje berre følgja kysten – det lek òg vatn gjennom opningane til fjordar, sund og pollar i landet innanfor. Dess større sjøbassenga innanfor er, dess meir vatn skal inn og ut gjennom opningane.Og er opningane tronge, blir straumen tilsvarande sterkare.

 

Korsfjorden, Fedjeosen, Fedjefjorden og Fensfjorden er hovudopningane på denne delen av kysten. Sidan tidvatnet er berre få minutt forseinka nordover, vil flodbølgja gjera seg gjeldande omtrent samtidig i desse opningane. Ved stigande vatn kjem tidvassbølgja inn gjennom Korsfjorden, Raunefjorden, Vatlestraumen og Byfjorden. Herifrå breier ho seg vidare nordetter. Nokre få minutt etter Korsfjorden kjem bølgja inn Fedjefjorden og Fedjeosen, men her forplantar ho seg sørover gjennom Hjeltefjorden. Same retninga har vatnet inn Fensfjorden. Ved veksande sjø går derfor straumen mot sør i Fonnesstraumen, Kilstraumen og Fosnstraumen i Austrheim, samstundes som han går nordover i Alverstraumen. Alle desse straumane forsyner Lurefjorden og Lindåsosane med tidvatn. Storleiken på dette bassenget, saman med dei tronge passasjane, gjer at straumane blir forsterka. I Alverstraumen kan straumane koma opp i 6 knop.

 

Passasjane kan vera så tronge at dei hindrar full utveksling av tidvatnet, eit fenomen som vi kallar struping. Under slike tilhøve vil vatnet framleis renna inn i bassenget innanfor opninga, samstundes som tidvatnet har teke til å falla utanfor. Høgvatn og lågvatn blir forseinka, og tidvasskilnaden blir mindre på innsida. Slik er det i Lindåsosane: Opningane er så tronge at tidvasskilnaden her er berre om lag ein halv meter, halvparten av Lurefjorden utanfor. Av same grunn kjem høgvatn og lågvatn to og ein halv time seinare inne i Lindåsosane enn utanfor. Også opningane inn til Lurefjorden gir tydeleg strupingseffekt. Samanlikna med Fensfjorden og kystvatnet utanfor er det ei forseinking av tidvatnet på om lag 22 minutt i Lurefjorden.

  • Oter

Oteren er attende

Oteren var tidlegare eit viktig innslag i kystfaunaen i Hordaland, men bestanden minka  og var svært låg fram mot århundreskiftet. No er talet på dyr i vekst igjen og fylket har ein bra bestand langs heile den ytre kysten sør til Bømlo. Også innover langs fjordane finst det oter,  men mindre enn på kysten.  Aukinga viste seg  først i dei ytre kommunane nord i fylket, mellom anna i Austrheim.

 

Han har eit variert kosthald, men likar fisk best, om han greier å få fatt i slik mat. Ein vaksen oter treng oppunder ein kilo sjømat kvar dag. Stundom får han tak i meir. Då et han det han vil ha, og lèt resten liggja. Slik restemat er populær mellom måsar og havørn. Det blir hevda å vera ein samanheng mellom talet på oter og talet på havørn på kysten, og nettopp matoverskotet frå oteren kan vera årsaka. Ørna er nemleg ikkje særleg flink til å fiska sjølv.

 

Sjølv oter som lever langs kysten, må ha tilgang på ferskvatn året rundt for å drikka. Såleis er Austrheim særskilt godt eigna for arten, med fleire mindre kystvassdrag som sjeldan frys heilt att. Oteren jaktar på grunt vatn, og der det veks tang og tare ved stranda, står det gjerne ein del småfisk. Gjer det ikkje det, kan jegeren greia seg med strandkrabbar og annan sjømat.

 

Tidleg på 1900-talet var det mykje jakt på oter, dels fordi pelsen var verdifull, men mest som følgje av statlege skotpremiar. Det var i alle fall ikkje på grunn av kjøtet, for det har stram smak av tran. I mellomalderen åt folk likevel oter i fastetida. Då var det ikkje lov å eta kjøt, men oteren vart velvillig rekna som fisk. I Hordaland har oteren vore totalfreda sidan 1974.

  • Kystmyrklegg
  • Vestlandsvikka

Kystmyrklegg og Vestlandsvikka

I Austrheim veks den sjeldsynte vestlandsvikka nokre få stader. Planta var truleg vanlegare før i tida. No har skogen overteke mange av dei tidlegare veksestadene. Enno er det mykje lynghei att i Austrheim. Kystmyrklegg trivst i fuktige parti i heia. 

  • Bondevik, S.; Svendsen, J. I.; Johnsen, G.; Mangerud, J.; Kaland, P. E. 1997. The Storegga tsunami along the Norwegian coast, its age and runup. Boreas 26: 29–53
  • Borthen, S. 1995. Børillen Synform in the Lindås Complex, Western Norway - petrography, structural geology and regional significance. Cand. scient avhandl., UiB,1995.
  • Byrkjeland, S.; Overvoll, O. 2003. Viltet i Austrheim. Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane. Austrheim kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 8/2003.
  • Heggberget, T. M. 1990. Oteren. Semb-Johansson, A.(red.): Norges Dyr,  Pattedyrene I:165–177.Cappelen.
  • Moe, B. 2003. Kartlegging og verdisetjing av naturtypar i Austrheim. Austrheim kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 1/2003.
  • Solheim, A. (1972) Bygdebok for Austrheim. Bergen.
  • Solheim, A. (1985) Gardssoga for Austrheim.