• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Sollia ved Austefjorden

Sola tek godt i bakken i den bratte, sørvestvende Sollia ved Austfjorden, i framgrunnen. I ura finst ein av dei beste veksestadene for lind i Lindås. Inst i Stallbotnen til høgre på biletet kjem ei mektig grense i hordalandsberggrunnen opp på land i eidet over mot Bjørsvik, den såkalla Bergensbogeskjersona. (Svein Nord)

Den langstrekte halvøya aust for Radøy, frå nordsida av Osterfjorden og nordvestover mot Mongstad, utgjer den sentrale delen i dagens Lindås. Det er ikkje spesielt mykje lind i denne kommunen, men langs dei sørvende berga ved Osterfjorden er det gode veksestader for dette varmekrevjande treet. På Vollom ved den lune Lurefjorden finn vi også den nordlegaste bøkeskogen i verda, kanskje ein arv frå kongsgarden på Seim inst i fjordbotnen; Sæheim.

Her låg ein av Harald Hårfagres fem kongsgardar som utgjorde kjerna i vestriket, med strategiske utpostar i dei gode gardane på Lygra og Herdla, som høyrde til kongsgodset. Dei første bøkenøttene kan vikingar ha frakta med seg frå England eller Danmark for tusen år sidan. Litt lengre nord ved Lurefjorden ligg Lygragarden, med eit intakt lyngheilandskap i utmarka på Ytre Lygra. Dette menneskeskapte landskapet er ein felles natur- og kulturarv langs atlanterhavskysten frå Biscaya til Lofoten, gjenskapt og skjøtta av Lyngheisenteret på Lygra og heidra av UNESCO.

Det store området som utgjer Lindås kommune i dag, var i tidlegare hundreår delt mellom tre ulike skipreider: Eikanger i aust, Lindås i nord og Olundfit, som i hovudsak omfatta Alversund og Seim. I 1837 vart dei nye kommunegrensene trekte etter prestegjeldsgrensene. Dei to prestegjelda Hamre og Hosanger omfatta områda på begge sider av Osterfjorden. Hamre omfatta også Alversund og Meland kyrkjesokn, medan Hosanger strekte seg heilt frå Seim til Romarheim og Dyrkollbotn. Lindås prestegjeld omfatta då Lindås, Masfjorden, Austrheim og Fedje. I 1879 vart Masfjorden skilt ut som eigen kommune. Det same var tilfelle for Austrheim og Fedje i 1910. Den nye Lindås kommune frå 1964 er ei samanslåing av ei rekkje kommunar og kommunedelar: Lindås, med Titland krins av tidlegare Sæbø kommune på Radøy, heile Alversund, dernest Hamre og Hosanger sine område nord for Osterfjorden, og gardane Dyrkollbotn, Nipa og Eiterdalen som tidlegare høyrde til Modalen. Alversund hadde vore eigen kommune og eige prestegjeld frå 1885, då soknene Alversund og Meland vart skilde frå Hamre og Seim vart skilt frå Hosanger.

Dei vide lyngheiane i dei ytre delane av Lindås er næraste nabo til raffineriet på Mongstad. Båe torvmyrane og dei djuptliggjande oljelaga representerer energiressursar, men i ulike stadium. På nattestid ligg Mongstad som eit soria-moria slott i  landskapet – eit av dei største oljeraffineria i Europa. Her vert olje frå norsk sokkel foredla og mellomlagra – til kjeldene er tømde. Sjølve Lurefjorden og Lindåspollane har eit økosystem det knapt finst make til. Her lever det ei sildestamme som kan ha utvikla seg i isolasjon frå omverda sidan istidene tok slutt for om lag 11 000 år sidan.

Frå lynghei til edellauvskog

I store delar av Lindås er dei gamle kystlyngheiene i dag blitt til skogområde med bjørk, furu, osp og hassel. Dei mange granplantefelta medverkar også til at landskapet har skifta karakter. Mykje av skogen i kommunen er derfor ung, trea er for det meste yngre enn førti år. Eldre skog finst óg; i furuskogen vest for Æse og i dei bratte liene kring Husdalsvatnet er det godt vaksne tre.  Ein stad der linda trivst, er ved Sollia sør for Dyrdal inst i Austefjorden, der det veks store og gamle lindetre. Langs Osterfjorden, mellom Gjervik og Leknes, er den beste veksestaden.  Saman med eik, hassel, alm og ask dannar linda edellauvskogen i området. Sola tek godt i dei sørvende berga, der bergmynte og fleire andre solhungrige artar har funne gode vokstervilkår.

Kommunen har seks område som er verna som sjøfuglreservat, men av desse er det berre Klammersholmen og Grønningane som kan seiast å vera livskraftige i dag. Førekomsten av terner og måsar i skjergarden i Lindås synest å vera sterkt redusert, utan at det er råd  å peika på sikre årsaker til dette. Då går det betre for dyrelivet som er knytta til ferskvassvåtmarkene. Det hekkar både storlom og smålom i Lindås, og vadefuglar som enkeltbekkasin, raudstilk og strandsnipe er vanlege mange stader. Jamvel er skogsnipa funnen hekkande her. Dette er dei einaste kjende hekkestadene i fylket og dei vestlegaste i verda.

I Fensfjorden og nordre del av Lurefjorden trivst silanda. Desse fjordbassenga er dei aller viktigaste for denne arten på heile Vestlandet - framfor alt om vinteren. Lindås-sida av Osterfjorden høyrer til dei beste overvintringsstadane for dykkender  i heile Sør-Noreg, med  særleg store mengder av kvinand, toppand og ærfugl i periodar.

Bergensbogane og Lindåsdekket

Køyrer du langs Osterfjorden, legg du merke til tunnelane og dei høge vegskjeringane. Og gamlevegen, frå tida før tunnelane, er uvanleg svingete. Vegbygging på tvers av bergensbogane er vegbygging på tvers av naturen. Dei store rynkene i landskapet er kompromisslause. Men fer ein nordvestover på Lindåshalvøya følgjer ein berglaga –  med mange rette vegstrekningar og færre tunnelar.

Lindåshalvøya femner om den nordlege delen av bergensbogane. Med myndig hand held den nordvest-søraustlege lagdelinga i bogane orden på terrengdraga, med langstrekte og parallelle åsar og dalsøkk, fjordar og vatn. For det meste er det gneisar og omdanna djupbergartar som står i dagen,  bergartar som høyrer til det såkalla Lindåsdekkjet  - eit svært flak av jordskorpa som vart rive laus og pressa inn over det vestnorske grunnfjellet som ein del av bergensbogane for 450-410 millionar år sidan. Den austlegaste av bergensbogane skil seg ut og har fått eige namn: Store Bergensboge. Mellom anna er Hindenesfjorden graven ut langs denne sona med ”blautare” glimmerrikt fjell frå kambrosilurtida.

Men Lindås er meir enn bergensbogar: I den delen av kommunen som ligg aust for halvøya  er det grunnfjellsgneis med nordaustlege drag som rår grunnen. Skiljet mellom bergensbogane med nordvestlige drag og grunnfjellet med nordaustlege drag går langs skardet frå Bjørsvik til Stallbotnen. Skiljet følgjer ei rørslesone knapt uten sidestykke i fylket; langs denne sona  har Lindåshalvøya sige ned ei mil i høve til gneisane i aust.

Kontrastane er store i  Lindås. I den vidstrakte kommunen skifter landskapet frå fjellvidder og djupe dalar nordaustover mot Masfjorden til store strandflater i nordvest. På Mongstad danna kombinasjonen av flatt lende og ein djup fjord grunnlaget for industrireising. Kommunens beste jordbruk måtte vika for det svarte gullet.

Det er aldri langt til sjø og hav i Lindås. Klimaet, især på halvøya, er då også tydeleg prega av dette geografiske hopehavet. Vintrane er milde, og sommartemperaturen kjem sjeldan over 20 grader. Dessutan kjem havskodda ofte sigande inn frå vest i rolege godversperiodar om sommaren. Innover mot fjella i Masfjorden søkk gjerne temperaturane og her er det også ekstra godt om væte. Normal nedbørmengd i denne delen av kommunen er over 3000 mm i året.

Kommunevåpen for tidlegare Lindås kommune. På raud grunn eit sølv lindetre

Våpenet er godkjent ved kgl. res. 4.5.1979, teikna av Magnus Hardeland. Kommunen har teke namn etter prestegarden, som har namn etter ein ås med lindeskog. Ellers veks det lite lind i kommunen.

valknute

Lindås er eit namn som det er lett å forstå, men ikkje alle åsar der det veks lind vert heitande Lindås. Verås inneheld vêr «vêrlag», og også Alver kan tolkast meteorologisk, jf. islandsk alviđra «mildt vêr frå alle kantar» (Knarrvik sjå Fjell). Sisteleddet i Bruknappen er knapp «rundvoren høgd», kva bru siktar til her, er uvisst. Tofting er ei samandraging av tuft og eng. Luro, ofte skrive Lygra, heng saman med loge og tyder «den lyse». Spjotøyni, uttala «Spjøtøynæ», er namngjeven ut frå samanlikning med eit spyd. Førsteleddet i Spjeldnes er truleg same ordet som i nålespjeld «hylster for nålepute», eit ord som har vore kjent i Lindås fram til i dag. Gno. spjald vart nytta om firkanta plate, tavle o.l. Ei samanlikning ligg òg til grunn for Hodno, dativ fleirtal av horn, i forma af Hornom 1175. Vassel er usikkert, mogeleg samansett av vatn og sil «still elvestrekning». Hundvin kjem helst av dyrenamnet hund og vin «engslette». Låtrebogane er samansett av gno. látr «liggjestad (særleg for sel)» og gno. bugr «innbøying». Fonnebost, gno. Fornibólstađr, tyder «gamlegarden». Risa er ei eldre fleirtalsform av ris «(kratt)skog», medan førsteleddet i Bjørsvik visstnok er mannsnamnet Bjørgulv.

  • Lindås

Bøane, torvmyrane og strendene på Mongstadgarden ligg no under asfalt og betong. Her finn vi i dag ein av dei største oljeterminalane i Europa. Det går ei lang linje i denne utviklinga, frå det vegetabilske brenselet i torvmyrane som forsynte kystfolket ned gjennom mange generasjonar, til den djupkomprimerte versjonen, omdanna under høg temperatur langt nede i jordskorpa til olje- og gass. (BT)

  • Frå Lygra mot vest, om lag 1910

Frå Lygra mot vest, om lag 1910. (Ludvig Lygre)

  • Krikkand

Våryre krikkender

Krikkanda er den vanlegaste andearten i Hordaland, og Lindåshalvøya er eit av dei aller mest ettertrakta områda for denne fuglen. Krikkanda er slett ikkje lett å få auga på, lita som ho er, og flink til å gøyma seg. Dessutan er det sjeldan mange fuglar på same staden, oftast ikkje meir enn 2–3 par i det same vatnet. Det er ikkje utan grunn: Krikkandhannen er nokså styrlaus i periodar. Sjølv om arten dannar par, driv hannen intens kurtise med maken til naboen samstundes som han parar seg med sin eigen utvalde. Dersom nabohoa er i eggleggingstida og dermed er fertil, går ikkje nabohannen av vegen for valdtekt, så sant sjansen er der.

 

Krikkanda føretrekkjer små skogstjørner eller stiltflytande elvar. I slikt terreng kan ein stundom få auga på krikkandhoer som smyg seg varsamt på matjakt i rugetida. Blir dei oppdaga av ein våryr hann, er det gjerne ikkje fred å få, og matpausen blir lite effektiv. Når det er stor avstand mellom para, er det mindre fare for uønskt merksemd frå hannane. Det er truleg ei medverkande årsak til at krikkanda gjerne plasserer reiret fleire kilometer frå vatna der dei hentar maten.

 

Hos krikkanda blir parbindinga oppløyst tidleg i rugeperioden. Då har hannen lite å gjera. Kanskje forlèt han hekkeplassen og dreg til fjells. Krikkanda hekkar nemleg i fjellet, men her har ikkje sesongen kome like langt som i låglandet. Derfor kan det vera ein god strategi å finna ein ny make her, eller jaga etter hoer på anna vis. På slike stader er det såleis ofte stor overvekt av hannar i bestanden.Ved Langavatnet på Hardangervidda er det sett krikkandhoer med inntil 25 kåte hannar etter seg. (Jan Rabben)

  • Angel, T. v. W. (1927) Beskrivelse over Lindaas Præstegjeld i Bergens Stift. I: Nordhordland og Midthordland. Bergen, Nordhordland og Midthordland sogelag, s. 32-56.
  • Bysveen, M. A.; Overvoll, O. 2004. Kartlegging og verdisetting av naturtypar i Lindås. Lindås kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA rapport 5/2004.
  • Christensen, A. L. (1990) Sild og pote: daglegliv i ei strilebygd slik folk minnest. Lindås kommune.
  • Halvorsen, E. (1982) Ymist frå Romarheim gamle skulekrins.
  • Hauge, S. (1987) Lindås kommune 1837-1987: jubileumstidsskrift. Lindås.
  • Hjelmtveit, N. (1968-1972) Bygdebok for Alenfit.
  • Hjelmtveit, N. (1987) Gjestgjevarstadane i Alenfit skipreide. I: Frå Fjon til Fusa: årbok for Nord- og Midthordland sogelag. Bergen, Sogelaget, s. 81-152.
  • Overvoll, O.; Stusdal, V. (under arbeid). Viltet i Lindås. Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane. Lindås kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport.
  • Riisnes, H. J. (1896) Historiske optegnelser om Lindaas og Masfjorden . Bergen.
  • Sjurseth, K. (1943) Lindås herad: kommunalsoga 1837-1937. Bergen.
  • Toft, M. (1981) Bygdebok for Lindås: Myking sokn. Lindås bygdeboknemnd.