• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Sunnfjord er namnet på ein kommune, men regionen Sunnfjord er langt større. Det historiske Sunnfjord omfattar kommunane Askvoll, Fjaler og Sunnfjord saman med tidlegare Flora (no sørlege delen av Kinn kommune) og sørlege delen av Bremanger kommune. Den gamle grensa mot Nordfjord kryssa Frøysjøen nord for fjordarmen Gulen, og følgde fjella på Bremangerlandet nord for Dalen og Vetvika. Sunnfjord og Nordfjord har elles høyrt saman i fleire samanhengar, til dømes som eit samla futedøme i periodar.

I motsetning til Sogn i sør og Nordfjord i nord, omfattar Sunnfjord ikkje ein lang fjord, men fleire kortare – Dalsfjorden, Førdefjorden, Høydalsfjorden, Eikefjorden og Norddalsfjorden. Landskapet er heller ikkje så fullt så brålyndt som i naboregionane. Generelt så er landformene mest avrunda og fjella lågast ut mot kysten. Lengst mot aust, særleg i Jølster, finn vi tronge, djupe dalar mellom brear og høge nutar. Fleire lengre dalføre strekkjer seg innover mellom dei sunnfjordske fjella – Solheimsdalen/Grøndalen, Naustedalen, Førdedalen/Jølster og Viksdalen/Haukedalen. To av dei lengre vassdraga er varig verna – Gaularvassdraget og Nausta. Desse to er, saman med fleire av dei andre elvane i Sunnfjord, gode lakseelvar.

Sunnfjord har to byar – Florø og Førde, som også er dei største og viktigaste tettstadane i regionen. Florø fekk bystatus allereie i 1860 basert på det rike sildefisket langs kysten. Gjennom dei siste tiåra har oljebasen vore motoren for næringslivet i byen. Førde er mykje yngre enn Florø, og blei bygt opp som regionsentrum basert på sjukehus, handel og sørvisnæringar frå 1970-talet og utetter. Førde har stor innpendling og har på fleire område status som senter for Sogn og Fjordane.