• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

I Vingen inst i  Frøysjøen ligg den største samlinga av bergkunst i Sør-Noreg, til no er det  avdekket over 2200 rissingar. I bakgrunnen siglingsmerke Hornelen som ragar 860 meter over vassyta og er den høgste sjøklippa i Europa. Foto Trond Lødøen, Universitetsmuseet i Bergen.

Bremanger omfattar det største devonmassivet på kysten av Vestlandet. Desse felta blei skapte på slutten av den kaledonske fjellkjedefaldinga, av sand og rullestein avsett på elvesletter og elvevifter. Avsetningane kom under press og vart forsteina til sandstein og konglomerat. Slike bergartar er svært harde, og forvitrar i liten grad. Resultatet er høge og bratte fjell. Blånibba (1670 moh) er høgste toppen på fastlandet. På Bremangerlandet ligg Hornelen (860 moh), som er den høgste sjøklippa i Europa.

Nord for devonfeltet – langs sørsida av Nordfjorden, på Rugsundøyna og nordre delen av Bremangerlandet – består berggrunnen av eldre gneis. Desse områda høyrer til den vestlege gneisregionen. Over gneisen finst det kambrosiluriske sediment, og magmatiske bergarter som har trengt gjennom disse sedimenta, frå slutten av silurtida. Slik fjellgrunn kan vi sjå på Frøya og den sørlege delen av Bremangerlandet.

Fjordar og pollar deler opp terrenget både på fastlandet og Bremangerlandet. Dalevatnet og Berlepollen på Bremangerlandet har begge ein tydeleg fjordprofil med bratte dalsider. Nord-, Midt- og Sørgulen er eit typisk fjordlandskap som breen har greve ut, med fleire tersklar i fjorden og med vatn innanfor fjordbotnane. Ålfotfjorden lengst aust i kommunen er relativt trong med høge fjell på begge sider.

Fjella aust i Bremanger er dekka av fleire isbrear, med Ålfotbreen og Gjegnalundsbreen som dei største. Dette er blant dei vestlegaste breane i Noreg. Dei ligg i relativt låg høgde, noko som kan knytast til dei store nedbørsmengdene i området. Dei harde, devonske bergartane gjev eit skrint jordsmonn. Fjellandskapet har mange stader eit goldt preg, men i søkk og dalbotnar finst det morene- og skredjord med ein rik vegetasjon. Somme av fjelldalane har urskogsprega fureskog, bjørkeskog og myrar, og i
fjordliene finn vi varmekjær lauvskog med artar som hassel, osp, rogn, selje, eik, hegg, alm og kristtorn. Mellom bergknausane ytst mot kysten ligg det lyngheiar dominert av røsslyng, krekling, klokkelyng, purpurlyng, tytebær og blåbær. Utan beitetrykk vil desse lyngheiane gro att.

Nedbøren og høgdeforskjellane i Bremanger ligg til rette for ein omfattande kraftproduksjon. Ålfotvassdraget blei bygt ut tidleg i 1920-åra, men skapte ein økonomisk katastrofe for dei kommunane som deltok i prosjektet. Dagens 13 kraftverk i kommunen produserer kring 1,5 TWh årleg og gjev grunnlag for tungindustri med smelteverk i kommunesenteret Svelgen.

Bremangerpollen har vore søkt av tilreisande fiskarar i mange hundreår. Denne langgrunne pollen er rik på tareskog og er kjend for eit særleg godt torskefiske. Inst i pollen ligg Førdspollen, eit brakkvassområde med leire- og mudderflater som vert tørrlagde ved lågvatn. Dette er gode beiteplassar for fleire artar av ande-, vade- og måsefuglar. Bremanger har i alt seks reservat til vern om sjø- og våtmarksfugl. Her finn vi artar som grågås, ærfugl, siland, tjeld, raudstilk, steinvendar, fiskemåse, gråmåse, sildemåse, hettemåse, vipe, småspove, svartbak, makrellterne, raudnebbterne og teist.

Namnet Bremanger kjem av brim (”bårebrot mot land”) og angr (”bukt, havarm”). Bremanger vart utskilt frå gamle Kinn kommune i 1864, og omfatta då Frøya, området kring Bremangerpollen og Nord-, Midt- og Sørgulen på fastlandet. Bygdene frå og med Berle og Hennøystranda, og vidare nordover og inn langs Nordfjorden, høyrde til Davik kommune. Dagens kommunegrenser blei fastlagde i 1964.