• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Sol over kvite vidder

Sol over kvite vidder er det dei fleste påskegjester drøymer om.Men dei store snømengdene som legg seg vinterstid i fjellområda i Samnanger, slik som her i Fagerdalen, mellom Kvitingen og Svartavatnet, kjem på dagar med gråver og tungt skydekke. (Svein Nord)

Få stader i Hordaland regnar det så mykje og så ofte som i Samnanger. Det er fjorden og dei høge fjella som er årsaka til det fuktige klimaet. I vestavêr blir den fuktige lufta ført innover Samnangerfjorden og tvinga opp og avkjølt over fjella inst i fjorden. Dette gir store nedbørmengder, særleg haust og vinter. Ved Eikedalen er årsnedbøren 3151 mm – og då forstår vi at det kan bli store snømengder på Kvamskogen. På målestasjonen Kvitingen lenger nord er årsnedbøren heile 3442 mm i snitt, og somme år er det mykje meir.

Vatnet – og isen – har forma Samnanger. Det er mange merke etter isavsmeltingstida. Etter at breen hadde kalva inn Samnangerfjorden, stoppa brefronten fleire stader. På desse stadene bygde breelvar delta av sand og grus opp til havnivået på denne tida. Der gravemaskinar ikkje har kome til og fjerna lausmassane, kan vi sjå gamle deltaflater som terrassar i terrenget. Dei syner kor høgt havet gjekk; ved Tysse 75 m o.h. og på Totland ved Frølandsvatnet 81 heile m o.h.

Fjella har dei same hovuddraga som i Os. I vest dominerer gamle havbotnbergartar som gabbro og grønstein. Desse let seg vanskeleg bryta ned, og dei står att som dei høgste toppane på Bergenshalvøya. Dalføret over Gullbotten følgjer ei sone med meir lettforvitrande glimmerskifrar og marmor. Samnangerfjorden følgjer naturleg dei mjuke bergartane og endar opp i hovudsona av glimmerskifer i Tysse-Ådlandsområdet. Innimellom glimmerskiferen ligg gneis og kvartsitt som lange flak. Haukaneset og Furøyni er to nes i Samnangerfjorden som er laga av grunnfjellsgneisar. Dei harde gneisane stod som sperrer for riksvegtraseen. Haukanes-tunnelen måtte sprengjast gjennom gneisane for å få trafikken bort frå den smale og krokete vegen rundt neset.

Det er vegane og tunnellane som endrar sambandet mellom bygdene i vår tid, men dialekt-grensene er dei same –  språket er ein viktig kulturfaktor. Samnanger sokn har uendra grenser heilt frå mellomalderen og fram til i dag. Dette soknet høyrde tidlegare til Ous prestegjeld og kommune, den gamle Framnes skipreide frå vikingtida. Det kommunale sjølvstendet for Samnangersokna kom alt i 1907, men samningane måtte venta heilt til 1949 og 1950 før dei fekk eigen sokneprest og lensmann. Før 1857 høyrde Samnanger – i rettsleg og skattemessig samanheng – til anten Os skipreide eller til Os tinglag av Lyseklostergodset. Kommunen vart skilt ut som eige tinglag i 1908.

Grenseområde

Mot fjellet i nordaust sluttar dei glimmerrike bergartane. Her overtek gammalt grunnfjell skuva inn frå nordvest som gigantiske flak eller dekkjer då den kaledonske fjellkjeda vart til. Bergsdalsdekka, som dei vert kalla, er kvartsrike – eit stort fjellområde som held fram inn i Kvam, Voss og Vaksdal. Fjellet Kvitingen har truleg namn etter den kvite og næringsfattige kvartsitten.

I skifrige bergskorer i desse fjella veks fjellplanter som reinrose, raudsildre og fjellsmelle. Fjellrypa klarar seg bra på dei skrinne fjella. Her finst og lemen, som har vestleg utbreiingsgrense i denne delen av Samnanger. Lenger vest, på Gullfjellet, er det isolerte bestandar av fjellfuglar, som heilo og snøsporv. Gullfjellet er også vestgrense for fleire fjellplanter.

Plantelivet i låglandet er rikt på kontrastar. Det vekslar raskt frå vegetasjonslause bergknausar til fruktbare dalsider. I dei bratte, søraustvende liene ved Samnangerfjorden veks frodige edellauvskogar med mykje ramslauk, vårmarihand og myske. Edellauvskogen grensar ofte til furuskog, og det er framfor alt denne skogen som dominerer.

I furuskogen veks somme stader meir krevjande artar som liljekonvall og andre urter. I fleire av desse skogane holder også mange fugleslag til, m.a. skogshøns, meiser og hakkespettar.

Vatnet- Samnangers viktigaste naturressurs

Då Frøland kraftverk stod ferdig i 1912, var det første store kraftutbyggingsprosjektet på Vestlandet i hamn. Samnangervassdraget produserer i dag om lag 400 millionar kWh årleg, og dette svarar til ein sjuandedel av kraftforbruket i Bergen. Samnanger er også ei hovudlei for mykje av den straumen Bergen får frå andre stader i fylket. Kraftlinene gjennom kommunen set såleis eit vel så sterkt preg på landskapet som vassdragsreguleringa.

Trass i alt vatnet har ikkje Samnanger spesielt mange innsjøar, om vi ser bort frå fjellområda heilt i nordaust. Med høge fjell og bratte fjellsider renn vatnet fort unna, og mykje ferskvatn når ut i den smale fjorden. Alt ferskvatnet gjer at Samnangefjorden lett frys til, før mange av dei andre fjordane i fylket. I slike periodar er isfiske ein populær fritidsaktivitet. Det er gjerne torsk ein har von om å få, men også pale, lange og stundom ein sjøaure kan bita på kroken.

På raud grunn seks gull dropar som lagar ein sirkel

Våpenet er godkjent ved kgl. res. 17.4.1990, og er teikna av Even Jarl Skoglund. Kommunen har nedbørsrekorden i Hordaland. Også vasskraft er ein viktig ressurs for kommunen og dropane kan symbolisera at vatnet er gull verdt.

  • Når isen legg seg inst i Samnangerfjorden, er det gode dagar for isfiskarar.

Når isen legg seg inst i Samnangerfjorden, er det gode dagar for isfiskarar.

  • Kongeørna

Mange fjellvegger og eit godt terreng for jakta på byttedyr gjer Samnanger til ein god levestad for kongeørna. Men trass i gode vilkår: Ørna krev store areal – derfor er det berre nokre få par som har heimstad her. (Jan Rabben)

  • Færseth, R. B.; Thon, A.; Larsen, S. G.; Sivertsen, A.; Elvestad, L.1977. Geology of the Lower Palaeozoic rocks in the Samnanger-Osterøy area, Major Bergen Arc, Western Norway. Norges Geologiske Undersøkelse Bulletin 334:19–58.
  • Lauvskard, N. (1930-1954) Samnanger. Bergen, Sigurd Olsens boktrykkeri.
  • Moe, B. (under arbeid). Kartlegging og verdisetting av naturtypar i Samnanger. Samnanger kommune og Fylkesmannen i Hordaland; MVA-rapport.
  • Steinsvåg, M. J.; Overvoll, O. 2003.Viltet i Samnanger. Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane. Samnanger kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 16/2003.