• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Etneelva

Etneelva buktar seg gjennom grøderike lausmassar på veg mot fjorden. (Helge Sunde)

Etne er ei av dei grøderike jordbruksbygdene på Vestlandet. Heilt frå bronsealderen har gode gardar gjeve velstand og makt, og på overgangen frå vikingtid til mellomalder kjem den mektige Gjerdeætta gradvis inn i rikspolitikken. Då var det tre hovudgardar i Etne: Grindheim, Stødle og Gjerde. Både Stødle og Gjerde var truleg hovdingsete i vikingtida, og fornminnebygda Etne er mellom dei mest innhaldsrike i landet – eit vitnemål om gammal busetnad.

Dei gode jordbruksvilkåra er den store elva å takka. Laksefiskarar har i lang tid valfarta til Etne for å henta opp storfisken. Sidan tidleg på 1990-talet har Etneelva vore den viktigaste for sportsfiskarar i Hordaland. Elva hentar vatnet frå eit nedbørsfelt som dekkjer nær ein tredel av arealet i kommunen. På veg mot fjorden buktar den seg gjennom mektige og grøderike lausmassar. Ved elvemunninga ligg ei stor sandøyr – eit biologisk rikt område, trass i store inngrep opp gjennom tidene. Her veks den vesle tettstaden Etne fram, med handel og handverk; i dag eit industriområde.

Namnet på kommunen har samanheng med elva og det store elvedeltaet ved fjorden. Etne er truleg ei avleiing av den eldre forma etja, «eggja, driva fram», opphavleg brukt om Etneelva. Etne kommune vart i 1965 slått saman med den delen av Skånevik kommune som låg sør for Åkrafjorden. Den andre delen nord for fjorden – Holmedal og Åkra sokn – vart overført til Kvinnherad. Både Etne og Skånevik høyrer til den eldste generasjonen prestegjeld i distriktet, med mellomalderen sine grenser. Etne skipreide frå vikingtida var identisk med prestegjeldet, medan Skånevik skipreide også femnde om gardane aust på Halsnøy – det var båten og sjøferdsla som fastla grenselinjene mellom bygdene. Ein gammal tradisjon vart såleis broten då Skånevik vart ein del av Etne prestegjeld på 1980-talet.

I tidleg kristen tid, kring år 1000, har bygdefolket hatt sine samlingsstader før kyrkjene vart bygde. Steinkrossen ved Grindheim kyrkje har truleg stått på ein slik samlingsstad. Namnet «Krossbakken» like ved kyrkja kan vera eit vitnemål om det. Til Grindheim sokn høyrde gardane Stordalen og Litledalen, medan fjord-gardane høyrde til Gjerde sokn. På begge desse gardane vart det bygt stavkyrkjer, kanskje alt på 1000-talet. Gjerde har truleg vore kongsgard eller krongods. Då Erling Skakke, som sat på storgarden Stødle, hadde fått kyrkja si hjelp til å krona sonen Magnus til konge i 1164, grunnla han Halsnøy kloster. Garden Gjerde vart då gjeven til klosteret. Dei første stavkyrkjene som vart bygde på Gjerde og Grindheim, vart vølte fleire gonger gjennom hundreåra, før dei vart erstatta av tømmerkyrkjer på 1600-talet. Erling Skakke – som hadde fått dette tilnamnet etter eit sverdhogg i halsen under ei korsferd – bygde ei privat steinkyrkje på Stødle, og denne kyrkja står i dag. Også i vår tid er Etne ei stor jordbruksbygd, med ein rikdom av historiske spor i landskapet.

Fjellkommunen kring den lange fjorden

Dei store lausmassane som bre-elvane la att, skapte god grojord for Etnebøndene. Målt i flatevidde er Etne likevel meir ein fjellkommune enn jordbrukskommune, med meir enn halvparten av arealet over 600 m.o.h. I nordaust går kommunegrensa inne på Folgefonna, men mest er det berrt og grovkupert grunnfjell her. I sørvest er det fyllitt som rår grunnen og det er meir lausmassar. Landskapet her, eit fjellområde i 600-900 meters høgd, liknar det vi finn på Hardangervidda. Dette er restar av den gamle landoverflata frå før istidene, som breane seinare grov ut djupe dalar og fjordar i. Grensa mellom grunnfjell, og fyllitt og dekkebergartar oppå, følgjer i stor grad denne flata. Etnefjella har også mange andre trekk sams med Hardangervidda. Mange av fjellplantene er slike vi mest finn lenger aust, og i begge fjellheimane rår dei same fugleslaga, som boltit, fjøreplytt, blåstrupe og snøsporv.

Mange av dalane og fjordane er gravne ut langs forkastingar frå den tida då den kaledonske fjellkjeda vart sundriven. Andre går vinkelrett på desse og følgjer lagdelinga i det gamle grunnfjellet. Mest markant er den tre mil lange og inntil 650 meter djupe Åkrafjorden. Her stuper vakre fossar ned i fjorden frå sidedalane. Langfoss er ein av dei. Åkrafjorden er ein fjord som har ikkje heilt kunna «bestemma seg» han svingar frå hovuretninga sørvest til nordvest lenger ute. Ved Vannes følgjer han retninga til grunnfjellet, resultatet er dette særmerkte neset. Vannes er samansett av omdanna basiske urtidsbergartar som diabas og gabbro. Berget heng saman med det såkalla gabbrofeltet på Folgefonnhalvøya.

Under istidene meisla isbrear ut Etnefjorden, Stordalen og Litledalen. Høgda på munningen av dei hengjande dalane ovanfor Flåte og Kvammen i Stordalen viser at breen i Stordalen grov 6-700 m djupare enn i dei små sidedalane på sørsida av vatnet. Ved slutten av istida bygde breelvane frå Stordalen og Litledalen opp store delta av sand og grus framfor bretunger i dei to dalane. Havet var då om lag 80 meter høgare enn no. Då isen smelta og landet steig, grov Etneelva seg nedover i lausmassane. Eit anna døme på isen og smeltevatnet sitt arbeid, men i mindre skala, er jettegrytene i berget nord for Rullestadjuvet. Dei høyrer til dei flottaste i fylket.

Stor klimavariasjon, stort mangfald

Mange vassrike elvar gjer at den inste delen av Åkrafjorden og det meste av Etnefjorden gjerne har mykje ferskvatn i overflata og lett vert islagd vinterstid. Saman med kaldluftstraumar som kjem ned dalane i kuldebolkar, kan dette føre til lågare lufttemperatur i Fjæra og Etne enn område som ligg høgare. Også om våren er det store temperaturskilnader. Vekstsesongen tek til alt i første halvdel av april langs Skånevikfjorden. Etne og Åkra følgjer på nokre dagar seinare, men områda inst i Åkrafjorden først om lag etter ein månad. Her kjem også hausten først. Innan kommunen er det også store variasjonar i nedbør. Størst er nedbøren nordover mot Kvinnheradsfjella og Folgefonna.

Berre ein liten del av kommunen ligg under 150 m o.h., men her er det mange artar planter og dyr. Det mangfaldige kulturlandskapet har danna grunnlaget for det. Både på inn- og utmark finn vi ei rekkje stader styvingstre. Etne er ein av dei få kommunane i Hordaland der styving enno blir halde i hevd. Å samla lauv frå trea til vinterfôr var tidlegare eit viktig tilskot til husdyrhaldet på heile Vestlandet. På mange bakkar med beitemark har eineren ei høg og slank vekstform (søyleeiner). Særleg rundt Skånevik og i Stordalen er denne fint utvikla. Lengst vest i kommunen finn vi fleire kystplanter, som trivst i eit klima der mykje mild og fuktig luft driv inn den opne Bjoafjorden. Fleire av desse, som bergflette og kristtorn, stoppar i området ved Åkra og Kyrping.

Kløyvt av blått og sølv ved duestjertsnitt

Våpenet godkjent ved kgl. res. 16.12.1983, og er teikna av John Digernes etter utkast av Magnus Hardeland. Hardelands utkast hadde som motto «samhald», og det skal symbolisera det gode samhaldet mellom dei to tidlegare kommunane Etne og Skånevik som vart slått saman i 1965. Duestjertsnittet er ei av dei meir uvanlege delingane i heraldikken. Det er ikkje brukt i Noreg før Etne tok det som våpenmotiv.

valknute

Etne er truleg ei avleiing av eldre etja «eggja, driva fram», opphavleg brukt om Etneelva og seinare Etnepollen. Same rot har Atna i Østerdalen og Etna i Valdres. Frette kan innehalda eit eldre elvenamn med tydinga «spurning, å fretta», i samband med at dei har teke varsel av elvevatnet. Sisteleddet er ei forkorting av vin «naturleg eng». Støle går attende på eit eldre stuðill «støtte», truleg om terrassar i terrenget. Fjøsna kan mogeleg setjast i samband med gno. fauskr «roten ved». Ebna inneheld ordet emne, som Breievne i Strandebarm. Skånevik, skrive Skodinar vikr ca. 1360, har same opphavsfom som Skøyen i Oslo, av ei uforklart stamme Skað-. Kyrping er mest truleg ei avleiing av kurp, sideform til knurp «knute». Sæbø, tyder rett fram; «garden ved sjøen».

Gravfelt i Etne

Få vestnorske bygder har så mange og så rike gravfunn frå førhistorisk tid som Etne. Dei eldste går attende til eldre bronsealder, for meir enn 3000 år sidan. Dei yngste er frå slutten av vikingtida, kring år 1000 e.Kr.

 

Kystrøysane, som er så vanlege langs leia lenger ute, finst òg i Etne, men dei er ikkje mange. Dei finst, som ein kan venta, i ytre strøk, langs strendene ved Nervik og Byrkjenes, og er vende mot sjøen. Det har vore spekulert mykje over kva slags folk det var som vart lagde til kvile på slike stader. Noko sikkert svar har vi ikkje. Men når vi kjem inn til Etnepollen og bygda innanfor, er det eit heilt anna miljø vi møter. Her ligg haugar og røysar til dyrka mark, ofte ved åkerkanten eller i sjølve åkeren. Dette er bonden sine gravminne, anten dei høyrer til eldste bronsealder eller yngste jernalder. Det finst som einskilde, spreidde gravminne eller i klyngjer. Somme gonger ligg det så mange attmed kvarandre at ein kan tala om gravfelt.

 

I Etne har det vore fleire slike gravfelt, to av dei særs store. På den vide terrassen der Støle, Sørheim og Austrheim ligg, har det vore minst 100 stykke. Ei ruvande rekkje av store jordhaugar har lege ytst på terrassebrotet som vender mot Etnebygda. Nokre av dei finst framleis. Fleire av haugane på terrassebrotet er granska og har gjeve funn frå bronsealderen. Dei fleste gravminna på Støle og på Sørheimsmoen er likevel yngre. Langs vegen som fører over terrassen innover i bygda, finst framleis fleire store haugar frå jernalderen og nokre steinringar med branngraver frå tida like før Kr.f. Det andre store gravfeltet i bygda har lege på Grindheim og Rygg, der det enno finst att ein del haugar og røysar, men her har vore minst 250 stykke. Gravhaugane høyrer, saman med helleristningane, til dei mest karakteristiske kulturminna vi har frå førhistorisk tid. Begge grupper er godt representerte i Etne som markerer seg som ei av dei rikaste fornminnebygdene i Hordaland.

  • Med varmt og solrikt lokalklima trivst firfisla godt i Etne

Med varmt og solrikt lokalklima trivst firfisla godt i Etne. (Roar Solheim)

  • Auestad, I.; Kvalheim, E.; Overvoll, O.2004. Viltet i Etne. Etne kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport nr. 7/2003.
  • Brekke, N. G. 2001. Etne – kulturhistorisk vegvisar. Nord 4.
  • Dyrvik, S. (1968-1972) Etne-soga. Bd. I-III. Etne.
  • Haugland, A. (1984-1990) Skåneviksoga. Bd. II-IV. Skånevik, Skånevik bygdeboknemnd.
  • Martinussen, A.O. & Myhre, B. (1985) Kulturminne i Etnefjella. Bergen.
  • Norsk Ornitologisk Forening avd. Hordaland 1998. Spesialnummer om fuglefaunaen i Etne kommune. Krompen 27 (2): 45–100.
  • Vevatne, M. (1985) Etnesjøen: ein tettstad veks fram. Etne sogelag. Årsskrift. S. 29-67.
  • Etne og Skånevik kommunar gjennom 150 år (1987). Årbok. Etne, Etne Sogelag.
  • Minneskrift for Skånevik Kommune 1837-1937 (1937). Skånevik.
  • Årbok. Etne, Etne sogelag, s. 984.