• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Søre Kvingevågen

Frå Søre Kvingevågen, ein av vågane på austsida av Austfjorden. (Svein Nord)

Masfjorden er Hordalands urtidsrike. Fjellgrunnen er mellom ein og to milliardar år gammal, utan innslag av yngre bergartar. Dei aller fleste andre hordalandskommunane har i det minste ein flik av yngre fjellgrunn. Masfjorden er ikkje berre steingammal, mykje av naturen er også utemd. Fjonfjella, mellom Austfjorden og Romarheimsdalen, er den einaste verkelege villmarka i fylket, bortsett frå Hardangervidda. Haugsdalsdeltaet er dertil det einaste større, naturlege saltvassdeltaet som er att i Hordaland.

Store deler av Masfjorden er eit sundskore fjellplatå. Platået skrånar frå nesten 1000 m høgd i aust til 300-500 m i områda ovanfor Masfjordnes. Dei opphavlege fjellviddene er delte opp av sjølve Masfjorden og store og små dalar. Oppdelinga følgjer sprekkeretninga i gneisane. Mange av dei mindre dalane endar brått i dalbotnar inn mot fjellheimen, slik som Hopsdalen, Øvredalen, Andvikedalen og dalane langs Austfjorden. Dei største dalane har fleire trinn opp mot fjellområda, som Haugsdalen, eller eitt stort trinn, som til dømes ved Fossen i Matredalen, på vegen mot Stordalen.

Fram til 1870-talet var Sandnes sokn – som seinare vart kalla Masfjorden sokn – ein del av Lindås kommune, Lindås prestegjeld og lensmannsdistrikt. Så fekk Masfjorden eigen sokne-prest i 1876 og vart eigen kommune i 1879, med eigen lensmann året etter. Ved den store kommunereguleringa i 1964 vart dei tre gardane Einestrand, Eikebotn og Kikall overførte frå Lindås.

I mellomalderen høyrde mesteparten av Masfjorden til Gulen skipreide. Denne var då ein del av Hordafylket; det gamle Gulatinget låg såleis innanfor fylkesgrensa på 900-talet. Framleis låg størstedelen av Masfjorden under Gulen skipreide på 1600-talet, medan Austefjordgardane høyrde til Eikanger skipreide. Desse gardane vart overførte til Lindås skipreide i 1853, og i 1879 vart altså Masfjorden skilt ut frå Gulen skipreide som eigen kommune i 1879.

Masfjordbygdene har gode skogvidder, og det har vore skipa mykje ved og bygningstømmer utover til kystbygdene. Det var vanleg å skaffa seg ei tømmer frå Masfjorden til ei stove i byte mot fisk. Jørgen Garnaas sin sjarmerande vedberar frå 1700-talet uttrykkjer derfor eit viktig næringssamband mellom fjordbygdene og kystbygdene i tidlegare hundreår.

Fjellgrunn og grusmassar

Gneis er det vidfemnande omgrepet for dei sure og kvartsrike bergartane som dominerer fjellgrunnen i Masfjorden; her finst granittgneis, augegneis og migmatittgneis. I urtida vart migmatittgneis danna ved så høg varme at berget tok til å smelta. Under den kaledonske fjellkjedefaldinga var temperaturen også høg - då vart Masfjordfjellet drege djupare ned i jordskorpa enn noko annan del av grunnfjellet i Hordaland. Djupdykket viser att i høgtrykksbergarten eklogitt, som er å finna på Øksnefjellet like over grensa til Gulen.

Det meste av lausmassane i kommunen er konsentrerte til nokre få stader: Ved Andvik ligg store moreneavsetjingar oppetter dalsidene. Også i Matre og på Masfjordnes, eller Sandnes som staden også vert kalla, la breen att mykje grus og sand. Dei harde og sure bergartane og dei sparsame lausmassane gjev magre kår for jordbruket. Til gjengjeld byr fjellheimens store regnfang på gode vilkår for vasskraftutbygging, Masfjorden er ein av Hordalands største kraftprodusentar. Nedbørsstasjonen på Haukeland har jamvel noregsrekord i disiplinen “siste 30 døgn”, med 1320 mm målt nedbør i perioden frå 9.1 til 7.2. 1989. Dette er meir enn gjennomsnittleg nedbør for eit heilt år på Fedje. Dei 5 nedbørstasjonane i kommunen har årlege middelnedbørmengder som varierer frå 2234 mm på Frøyset til 3537 mm på Haukeland. Dei høge fjella tvingar luftstraumane frå vest opp frå fjordbotnane. Dermed blir lufta så mykje avkjølt at ho ikkje lenger kan halda på væta.

Vasskraftutbygginga tok til i 1950-åra, og mange vatn i fjella er regulerte. Det er jamvel planar om ny utbygging som kan gjera ende på villmarka i Masfjorden. For at eit naturlandskap skal kunna kallast villmark, må det vera minst 5 kilometer til næraste veg, jarnbane, faste busetjing – eller vasskraftinngrep. Fjonfjella vil missa villmarkstatusen dersom det blir gjort alvor av planane om å regulera alle småelvane som renn ut i Haugsdalselva og Matreelva. Desse to elvane forsyner frå før 4 kraftstasjonar, som til saman produserer om lag 1350 GWh i året.

Heim for ørner og mosar

I 1999 måtte arbeidet med å reisa ei ny telemast i Masfjorden stoppast. Like ved staden der masta skulle stå hekka det nemleg ei havørn. Masta måtte venta og ørna fekk hekka seg ferdig. Ørna ser ut til å kunna leva med det nye naboskapet - ho har hekka på same staden også etter at masta kom på plass. Havørna finn reirstadene i furuskogen, men ho er lettast å sjå langs fjorden på jakt etter mat. Furuskogen er også levestad for storfugl – skogen nord for Masfjorden er særleg føretrekt.

Med dei sure bergartane og det skrinne jordsmonnet er ikkje plantelivet spesielt variert i kommunen. Med all nedbøra er det likevel noko vegetasjon som trivst særs godt; mosane. På nordvendte berg og i kløfter veks prakttvebladmose saman med mange andre moseartar og den vesle hinnebregna. Ein annan plante som set pris på det fuktige og næringsfattige jordsmonnet i Masfjorden er blåtopp. Han kan veksa i enorme mengder. Pors er det også mykje av, gjerne saman med andre myrplantar, som klokkelyng og rome.

Kommunen har og ein god del produktiv skog, mest furu og bjørk. Edellauvskog er det lite av, men alm, lind og hassel veks spreidd langsmed fjorden og i den bratte lia langs nordaustsida av Ostavatn. Noko eik er det også, spesielt i sørvende lier og dalsider. Furu- og bjørkeskogen gjer Masfjorden til ein god levestad for måren. Mykje av Masfjordskogen er gammal. På kvilelaus leit etter døyande og daudt trevirke har talrike hakkespettar av fire ulike slag funna ut at Masfjorden er ein god stad å leva.

Elgen er på frammarsj i Hordaland, men innvandringa til Masfjorden vart vanskelegare enn elles. Det fekk den første elgen som tok seg fram hit i 1997 smertelege røynsler om, ettersom den vart skoten i trua på at den var ein hjort. Nettopp hjort er det mykje av i kommunen, så mykje at jaktterrenget i Masfjorden vert rekna blant det beste i fylket.

På raud grunn tre gull heldrer i trepass

Våpenet er godkjent ved kronprinsreg. res. 28.9.1990, teikna av Rune Garmann etter ein idé av Jens Fosse. Dei tre heldrane skal symbolisera dei tre delane av kommunen. Ei hold vart mykje nytta i kommunen i eldre tider til å binda saman bører med tau; høybører og vedbører. Det er holda som held tauet og knuten på plass. Reiskapen er velkjend over heile landet. I Masfjorden sitt våpen er holda også eit uttrykk for samhaldet.

valknute

Matre ligg til grunn for førsteleddet i Masfjorden Det er sannsynlegvis det gamle namnet på fjorden. Det kan vera ei avleiing til vårt ord mat, i så fall om «fiskerikdom». Namnet kan også setjast i samband med sterk nedbør. Nedbørsrikdomen er karakteristisk både for Matre i Masfjorden og Matre i Kvinnherad. Rambjørg går attende på gno. Rafnabjǫrg «ramneberget». Hope kjem av gno. hópr «(innestengd) vik». Kringlebotnen har fått namn etter den runde forma. Førsteleddet i Hummelfossen kan anten setjast til insektnamnet humle eller til humul «humulstein, småstein», medan førsteleddet i Molland helst er mold. Andviki ligg det nærast å tolka av and «rett overfor», ­jf. andlet «ansikt», eigentleg «som ser imot». Førsteleddet i Trodal er tro «uthola trestokk, renne».

  • Steinløa i Kvingedal

Den solide steinløa i Kvingedal er ein klassisk representant for steinbyggingstradisjonane i Nordhordland. Innanfor gråsteinsmuren finn vi ein trebygning, ei grindbygd løe (Svein Nord).

  • Kulturminnesamlingar på Sandnes

På Sandnes ligg to fine samlingar som kulturminne etter eldre næringar; Kvamsdals fargeri og Sandnes not- og sjøbrukssamling (Svein Nord).

  • Vedberar. Draktfigur av Jørgen Garnaas

Vedberar. Draktfigur av Jørgen Garnaas.

  • Haukeland er ein våt stad som kan skilta med fleire nedbørsrekordar

Haukeland er ein våt stad som kan skilta med fleire nedbørsrekordar. (Bjørn Moe)

  • Mår

Måren

Ikkje noko anna pattedyr er så sterkt knytt til den opphavlege vestlandsskogen som måren. Han er helst aktiv om natta, og dermed ikkje så lett å få auga på. Men måren er meir vanleg enn dei fleste veit om.

 

Endåtil om vinteren greier måren som regel å gjera seg usynleg. Det er helst lite sporsnø i Hordaland, men ikkje eingong snø er nok til å avsløra dette dyret, ettersom det gjerne held seg oppe i trea. Så er det kanskje ikkje så rart at det knyter seg ein god del mystikk til måren. Særleg mykje faktisk kunnskap om korleis han ter seg på Vestlandet, er det då heller ikkje.

 

Mårskinn har vore eksporterte frå Noreg sidan byrjinga av 1300-talet, og i periodar har fangstmenn oppnådd gode prisar for skinna. På slutten av 1800-talet kunne prisen for eit mårskinn svara til fleire månadsløner for vanlege arbeidsfolk. Jakta har ført til at bestanden har variert sterkt.

 

Måren er ikkje så velsedd av alle, ettersom han avgjort tek ein del fugleegg og vilt. Matuttaket er likevel ikkje større enn at viltet toler det. Nokre av egga som måren tek,blir lagra til knappare tider om vinteren.Då leitar han fram hamstringsplassane på bakken. At datostemplinga for lengst burde ha gått ut, sjenerer ikkje. Ein viktigare næringsressurs enn fugleegg er likevel smågnagarar. I periodar kan ekorn vera den viktigaste næringa. Ofte blir byttedyra tekne medan dei søv i holene sine.

 

For å finna mat oppsøkjer måren gjerne større reirhol i tre, så store at matsankaren sjølv kjem seg heilt inn i holet. Austpå er perleugla særleg utsett. Ho hekkar gjerne i gamle hol etter svartspetten. Når du skrapar på eit tre og ei ugle kikar ut av eit reirhol oppe på stamma, er det måren ugla fryktar å få som gjest. Måren kan òg finna på å ta over reirhola etter svartspetten for å nytta dei som hiplass sjølv. I Hordaland finst ikkje svartspett, og heller ingen annan fugl som hakkar ut store nok hol til mårhi. På våre kantar må derfor måren finna hi i ei steinur eller under ei trerot. Folk som ser mår, har ofte først vorte var dyret etter å ha høyrt romstering i hytta. Då er det gjerne hiplass han leitar etter.

 

Måren set store krav til leveområdet, og finst mest ikkje andre stader enn i gammal skog – hos oss gjerne furuskog. Med sitt krevjande levevis har han ofte stor aksjonsradius. Leveområda til finske hannmårar har vist seg å vera heile 22 km2 i gjennomsnitt, og ein mår kan vandra mange mil kvar dag. Denne dyrearten finst over det meste av Hordaland, med unntak av dei ytste kystkommunane. Sjølv om måren ikkje er spesielt glad i å symja,har han teke seg fram til mange store og mellomstore øyar i Sunnhordland, sikkert elles i fylket òg. Han er truleg mest talrik i Masfjorden,Lindås,Voss, Fusa og delar av Sveio. I Masfjorden er det jamvel skotpremie på måren.

  • Ringtrast

Fjellområda i Masfjorden er ikkje spesielt rike på fugl, men ringtrast vil du ofte treffa på. (Hallgeir B.Skjelstad)

  • Bjønnkam

Bjønnkam, ein svært vanleg bregne i furu- og bjørkeskogane i Masfjorden. (Bjørn Moe)

  • Moltemyrar

Med mykje fjell og nedbør er Masfjorden ein kommune med gode moltemyrar. (Helge Sunde)

  • Bore, O. M. (1979) Kulturminne i Masfjorden: hovedtrekk i byggjeskikken fram til 1900. Bergen.
  • Byrkjeland, S.; Overvoll, O. 2003. Viltet i Masfjorden. Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane. Masfjorden kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 10/2003.
  • Frølich, T. (1924) Fjon eller Masfjorden i Hordaland fylke. Kristiania, Det Mallingske Bogtrykkeri.
  • Moe, B. 2003. Kartlegging og verdisetjing av naturtypar i Masfjorden. Masfjorden kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 3/2003.
  • Norland, L. (1950-1951) Masfjordboki. (Masfjordboka, 2. utvida utg. 1973-1978).
  • Rabben, J.; Vorraa, O. J. 2002. I mårskogen. Eige forlag.
  • Røsberg, I. 1981. Flora og vegetasjon i Yndesdals-vassdraget. UiB. Botanisk inst.Rapport 13.
  • Selås, V. 1990. Måren. Semb-Johansson, A. (red.): Norges Dyr, Pattedyrene I: 142–151.Cappelen.
  • Fjon frå fjell til fjord: gammalt og nytt frå Masfjorden (1991-). Masfjorden sogelag.