• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

På veg mot Malmangernuten. Kvinnheradsfjorden med Snilstveitøy og Skorpo midt i biletet.

På veg mot Malmangernuten. Kvinnheradsfjorden med Snilstveitøy og Skorpo midt i biletet.

Kvinnherad er ein stor kommune, både i areal og folketal. Sentralt i kommunen ligg ei rekkje av mellomalderens setegardar, som var mektige hovdinggardar i vikingtida. Skipreida i mellomalderen hadde same nordgrense mot Jondal som dagens kommune. Endringa av kommunegrensene i 1965 i sør førte også Fjelberg skipreide og Skånevik nord for Åkrafjorden over til Kvinnherad. Då forlet ein skipreidegrensene frå vikingtida, i overgangen frå båtens til bilens landskap. Dei gamle skipreidene – å reida ut eit skip til kongens flåte – var organiserte kring fjordane. Logikken i landskapet forklarar derfor kvifor ein del av Kvinnherad ligg på vestsida av Hardangerfjorden.

Noverande Kvinnherad var på 1600-talet delt mellom Skånevik, Fjelberg, Kvinnherad og Strandebarm skipreider. Innanfor desse skipreidene hadde Rosendal baroni sin eigen jurisdiksjon, med ting og eigne lensmenn. Denne ordninga tok slutt då Rosendal gods vart overført til sorenskrivaren i Sunnhordland i 1853. I 1902 vart Varaldsøy herad skilt ut frå Strandebarm kommune, og i 1965 vart Varaldsøy og delen av Strandebarm aust for Hardangerfjorden overførte til Kvinnherad. Då er vi framme ved dagens storkommune.

I 2005 vart Folgefonna nasjonalpark oppretta. Den omfattar deler av Kvinnherad, Jondal, Ullensvang, Odda og Etne; på Folgefonnhalvøya. Fjellheimen i den store fjordkommunen Kvinnherad går med rette under namnet «Kvinnhersalpane». Vi ser dei best på avstand, i synsranda: Manen, Englafjell, Ulvanosa, Blådalshorgi, Malmanger-nuten, Laurdalstind, Melderskin, Juklavasskruna, Gygrastolen – berre namna legg ein dåm av poesi over dette storlinja landskapet.

Frå Herøysund - som har namn etter den gode hamna for kongens hærskip i vikingtid og mellomalder; sjøleidangen – og til Kalvsundet nord for Snilstveitøy, går det breie Storsundet. På kartet ser vi at øya og fastlandet høver i hop som bitane i eit stort puslespel. Innanfor, på fastlandet, går dei lange dalane mot søraust, langs sprekkesonene i fjellet: Uskedalen, Omvikdalen, Guddalsdalen, Muradalen og Ænesdalen.

I Omvikdalen, Guddal og Skålabygdo er vi i eit av kjerneområda til den gamle lendmannsadelen i Noreg i høgmellomalderen – gode gardar på grøderik morenejord – men frå Nes til Ænes er vi i gneisen sitt rike, med lyng og einer. Langs Løfalstranda og Lyngstranda var det nesten folketomt på 1500-talet. På det grøne Ænes – neset ved elva – møter vi også ein gamal storgard, som i mellomalderen høyrde til slektene på Mel og Hatteberg.

Mange og djupe spor etter isen

Storformene i dette landskapet er det isen og vatnet som har skapt. Istidene har delt Kvinnherad i to; ein del på kvar side av den store fjorden som brestraumane grov ut. Nordsida av Hardangerfjorden har mjuke linjer med grøderike lier, sørsida rankar seg med høge fjell på næringsfattig grunn. På nordsida er det mest skifergrunn og grønstein frå kambrosilurtida, 400-500 millionar år gamle. Desse bergartane forvitrar lett og gir eit godt jordsmonn. På sørsida finn vi det mykje eldre grunnfjellet, med hard gneis og granitt, men også gabbro. I grunnfjellsbergartane har forvitringa gått mykje seinare. Dei står i dag att som høge fjell med flate toppar og såkalla blokkhav – store steinar på flatene over iskappa for 10 000-12 000 år sidan – slik som Folgefonnplatået, Melderskinnmassivet og fjella vest for Uskedalen. Her vart det tidleg under istidene danna småbrear som grov ut botnar, og slik kom fjella til å likna gigantiske holtenner.

Mot Husnes og på Halsnøy og Fjelberg kjem vi bort frå grunnfjellet. Her møter vi fyllitt frå kambrosilurperioden og utvalsa gneisar frå dei kaledonske fjellkjederørslene. Fyllitten ligg som eit lag mellom grunnfjellet på sørsida av Hardangerfjorden og grønsteinen på nordsida og strekkjer seg mot nordaust under fjorden. Men somme stader stikk det tunger av fyllitt opp over fjorden, som ved Herøysund, Skorpo og Løfallstrand.

I den siste istida la dalbrear etter seg tjukk morenejord i liene både i Melsdalen, Omvikedalen og Uskedalen, medan dei høgste toppane stakk opp over isen. Her ser vi i dag dei bratte, gråblå fjellsidene som stuper ned i dei grøne bøane. Langs fjordsidene ligg stein og grus i 10 500 år gamle morener som viser kor høgt breen gjekk på slutten av siste istid. Med visse mellomrom kan sidemorenene følgjast heilt til gryta under Gygrastolen, nesten 1000 meter over havet. På fastlandet enda breen ved Ersland, og i sjøen bygde lausmassane på Halsnøy seg opp. Det tjukke laget av massar som vart liggjande att når breen trekte seg attende, finn vi og ved Sandvoll, Valen og Husnes.

Drivande lokalklima

Skjerma av dei høge fjella, og med rikelege mengder sol og regn og ein lang vekstsesong, er lokalklimaet for jordbruket svært godt. Kvinnherad har stor variasjon i nedbørsmengd. Fjellområda mellom Åkrafjorden og Matrefjorden forsterkar nedbøren, særleg ved vind frå sørvest om hausten og vinteren. Middels årsgjennomsnitt i områda mot Høylandssundet og ytst i Matrefjorden er om lag 2000 mm. I indre Matre aukar den til over 3000 mm, og i fjellet opp mot Folgefonna over 5000 mm. Mykje av denne vassmengda samlar seg i Blådalselva, som har størst avrenning i kraftfylket Hordaland.

Ved fjorden i sørvest er det frodige lier med edellauvskog og mange kystplanter. Her finn vi landets største barlind. Denne vegetasjonen trivst fordi vekstsesongen er lang og vinteren mild. Der jorda er karrig, er det furua som klarar seg best. Fjellfloraen er artsfattig på grunn av dei sure, næringsfattige granittane. Store nedbørsmengder kan også føra til kort vekstsesong, der det nesten berre er mosen som klarar seg.

Zoologistudentar på feltarbeid

Dyrelivet i og ved Baronihagen kjenner vi godt, og studentar har i mange år drege hit på feltkurs om våren. Dette gamle kulturlandskapet er verdfullt for dyrelivet og veleigna til pedagogisk bruk. Her har mang ei slumrande flaggermus på murveggene blitt granska, og tallause iglar og sneglar er blitt håva opp frå Baronidammen. Ikkje ein gong meitemarken i molda og sneglane i åkeren får nattero, når studentane skal fastslå mengda av slike dyr tidleg på morgonen. Dei våryre ungdommane er ofte så høgrøysta at dei held hjorten vekke frå bøane! Og det trengst i Kvinnherad, som i dag er den beste hjortekommunen i heile landet.

På sølv grunn ein blå gaffelkross i bølgjesnitt

Våpenet er godkjent ved kgl. res. 18.6.1982, teikna av Truls Nygaard etter eit utkast av Magnus Hardeland. Motivet skal symbolisera dei to elvane i hovudbygda, Melselva og Hattebergselva som renn saman like før dei går ut i fjorden.

valknute

Kommunenamnet Kvinnherad er eit namn med gamle røter. Namnet på skipreida i mellomalderen vekslar mellom Skåla og Kvinnherad. Skåla var namnet på garden der langskipet stod og på hovudbygda. Kvinnherad blir sett i samanheng med Kvinn, «noko todelt», (kanskje om to elvar). Handaland inneheld eit elles ukjent ord i slekt med hanga, altså «landet som ligg høgt eller bratt». Førsteleddet i Herøysund er (skips)hær, her samlast leidangskipa i den lune hamna i sundet. Førsteleddet i Uskedalen kan vera eit gammalt elvenamn som tyder «ønskje (om godt fiske)», Dimmelsvik inneheld ei avleiing av gno. dimmr «mørke», medan vi i Dønhaug finn eit ord dyn «bulder, brak.» Guddal, skrive Gautdal ca. 1360, er samansett med elvenamnet Gaut, i slekt med gno. gjóta «(ut)gyta, strøyma». Løfallstrand må ha fått namn etter ei nedfallen løe, medan Ænes helst viser til gno. æðr «ærfugl». Bondhus kjem av bondi «bonde», og Varald i Varaldsøy kan vera ei samansetjing av gno. varr «vis, gaumsam» og eit gammalt ald «høgd». Juvsland (Gjuvsland) fortel om eit juv ved garden. Ølve kan vera ei avleiing av ulv, medan førsteleddet i Terøyna inneheld namnet på ein mindre farleg art i faunaen, nemleg tiur.

  • Utvikling av talet på felte dyr i kommunane i år 2015.
  • Utvikling av hjortestamma i Hordaland i kommunane i år 2001.
  • Frodige lier og lauvskogar
  •  Hjorten - vestlending framfor nokon

Hjorten - vestlending framfor nokon

Få stader trivst hjorten betre enn på Vestlandet. Stamma er i sterk vekst, og det blir jakta hjort i så godt som heile fylket vårt. Fedje er einaste hordalandskommunen utan hjortejakt, men det finst ei lita stamme også der. Kvinnherad kommune har det største jaktuttaket både i fylket og i landet.

 

Hjorten har vore hordalending lenge, men det har ikkje alltid vore like mange av han. Funn frå Skipshelleren i Vaksdal viser at hjorten var ein viktig del av føda for dei som heldt til der i steinalderen. I ei topografisk skildring frå vel hundre år sidan står det: «Hjorten forekommer endnu i enkelte av amtets herreder, men som det synes, i stedse aftagende antal. Talrigest er den i Os og Fuse herreder, ligsom Masfjorden alltid har været et af de distrikter, hvor den stadig har havt tilhold.».

 

Ifølgje eldre jaktstatistikk vart det frå 1892 og fram til 1940 felt mellom 10 og 40 hjortar kvart år i Hordaland. I 1957 vart det for første gong skote over 100 dyr, medan talet i 1976 var oppe i heile 1042.Sidan har det gått berre ein veg, og så seint som i 2015 vart det felt heile 6726 dyr. Kvinnherad toppa statistikken med 856 dyr, følgd av gode hjortekommunar som Fusa og Tysnes.

 

Det har vore spekulert på kvifor hjortestamma på Vestlandet har auka så mykje. Regulering av jakttida og fråvær av naturlege fiendar kan forklara noko. Det går tapt nokre dyr ved drukning i strie elvar, snøskred og trafikkulukker. Dei fleste hjortane er vertsdyr for ein del parasittar, men desse har svært sjeldan avgjerande innverknad på dyrehelsa.

 

Den kraftige auken i bestanden fell saman med at utmarka ikkje blir nytta i dag som tidlegare. Med færre beitedyr i skog og mark er det mykje meir mat for hjorten no. For hundre år sidan var kystkommunane i Hordaland skoglause. Lyngheia, som var dominerande, er no i ferd med å gro til både med lauvskog som spreier seg sjølv, og med planta gran. Meir skog gir hjorten betre skjul og meir mat i utmarka samanlikna med tidlegare. Jakt er i dag avgjerande for å regulera bestanden.

 

Vestlandshjortane er mellom dei største i landet. Ofte reknar vi storleiken i slaktevekt, som er om lag 65 % av totalvekta. Gjennomsnittleg slaktevekt for vaksne koller i Hordaland er 60 kilo og for bukkar om lag 80 kilo, men variasjonane er store. Dei aller største kronhjortane er oppgitt til vel 180 kilo. Ute på kysten er dei i regelen meir småvaksne enn i indre strøk. Det kan koma av kvaliteten på fôret. Dei felte hjortane i fylket i 2001 utgjer om lag 291 tonn. Det svarar til eit års kjøtforbruk for ca. 7000 personar og ein verdi på vel 14 millionar kroner.

 

Kvinnherad er den viktigaste hjortekommunen, men det heng òg saman med at kommunen er så stor. Frå Skottland kjenner vi til at det er tettast med hjort på nokre av øyane i vest, og vi ser det same hos oss. Radøy har den tettaste bestanden i fylket i dag, trass i at arten så seint som kring 1960 knapt var å rekna som streifdyr her. Stadig oftare ser vi dyr symja lange strekningar over breie fjordar, til dømes frå Reksteren til Austevoll. Ein uheldig hjort har jamvel vore sedd på Holmengrå, nord for Fedje.

  • Borgundøy med Borgundnuten

Borgundøy med Borgundnuten (462 moh.). Fjelbergøy bak til høgre. (Helge Sunde)

  • Kvinnherad

Kvinnherad (Helge Sunde)

  • Hertzberg, P.H. (1820-1821) Efterretninger om Qvindherrets pgd. Budstikken. S. 159-187.
  • Naterstad, J. Dokumentasjon og synleggjering av berggrunnsgeologien og det geologiske mangfaldet på Folgefonnhalvøya og innafor planområdet for verneplanen. Rosendalstiftinga
  • Stuland, A. (1924) Kvinnherad: naturtilhøve og gardsoga. Nordheimsund.
  • Vaage, E. & Havnelid, A. (1972-1992) Kvinnherad 1-5. Kvinnherad, Kvinnherad bygdeboknemnd.
  • Kvinnhers-minne: årbok for Kvinnherad (1983-). Sunde, Kvinnherad sogelag og Husnes mållag.