• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Dette kartet over skipreideinndelinga i mellomalderen byggjer på Magnus Lagabøtes testamente frå 1277. Ikkje alle grenselinjer er like nøyaktige. Den andre administrative inndelinga av landet var kyrkja si inndeling i prestegjeld og kyrkjesokn, delvis – men ikkje heilt – saman fallande med skipreide  grensene.

Dette kartet byggjer på skattematrikkelen frå 1647, der det går fram kva skipreide kvar gard høyrde til. På dette tidspunktet hadde leidangen mist sin funksjon som forsvarsordning, og skipreidene var først og fremst ei administrativ inndeling. Kvar skipreide hadde i mellomalderen sitt leidangsskip og naust. Nokre av dei kjende nausttuftene er markerte på dette kartet, likeeins sikre namnetradisjonar (Skipavik, Skipadalen osv.). Einskilde av desse nausttuftene er frå jernalderen og har såleis neppe noko samband med leidangsskipet. Det er ei fin forskningsoppgåve å prøva å skaffa fram eit fullstendig oversyn over dei gamle nausttuftene for leidangs skipa i mellomalderen. Eit utgangspunkt for dette kan vera det som er nemnt i Magnus Lagabøtes bylov.