• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Bogatunet, Radøy

Bogatunet (Helge Sunde).

I det småkuperte bakkelandskapet på Boga ligg det eit eldre fleirromshus på eit lite høgdedrag. Det ser eigentleg ut som tre hus bygde i kvarandre: eldhus, stove og bu med loft. Frå andre kjelder veit vi at dette huset hadde svaler og skutar kring alle vegger på 1800-talet; eit komprimert «langhus» med innomhussamband mellom alle rom. Det er mellomalderens byggjeskikk vi her ser spor av; eit tilsvarande anlegg som dei vi har funne tuftene etter på Høybøen i Fjell og Lurekalven i Lindås. Bogatunet vart restaurert i 2006.

Fleirromshuset på Boga viser oss ein byggjeskikk som må ha prega kystbygdene gjennom mange hundre år. Truleg går delar av dette anlegget attende til 1600-talet. Etter tradisjonen vart det bygt loft over bua i 1735, og i 1818 vart det bygt til ei glasstove på austsida. Då røykomnen i stova vart skift ut med jernomn mot slutten av 1800-talet, vart svalene rivne, og stova fekk vindaugo i veggene.

Busetnaden har nøye samanheng med livbergingsmåten. Naturressursane frå jorda og havet vart nytta med største omhug og omtanke. Kulturlandskapet på Boga, med innmark, utmark, steingardar, stigar, lunnar og naust gjev oss eit nærbilete av eit lite gardsbruk på vestkysten.

Om vi skulle bruka uttrykket «økologisk» byggjeskikk, kunne vi ikkje med større rett bruka det enn om langhuset på Boga. Svalene, som seinhaustes var fulle av torv, ved og staur, gav isolasjon til romma innanfor. Eldhuset var «grovkjøkkenet», stova var opphaldsrommet og i bua lagra dei maten og hadde senger på loftet. Loftet vart rive i 1905, men då Nord- og Midthordland sogelag overtok bygningen i 1920, vart loftet rekonstruert. Ei grindbygd løe er bygd opp att på gamle tufter, og nede ved fjorden ligg eit fint naustmiljø.

I røykstova er det ein dekorativ bord, teikna opp med ei blanding av krit, kalk og vatn. Kroting (sjå også Li i Fjell og Vavollstova i Øystese), som denne dekorforma vart kalla, har truleg samanheng med mellomalderens prydtradisjonar; valknutar, rosettar og åttebladsroser som liknar mønsteret på gamle åklede. Når stova var vaska og sandskurt til høgtid og fest, var det vanleg å krota eit par av stokkane stova rundt.

  • Skisse over rominndeling, langhuset på Boga, Radøy

Rekonstruksjonsskisse (utsnitt) av langhuset på Boga, slik det har sett ut i tidlegare hundreår og skisse over rominndelinga i langhuset på Boga (Nils Georg Brekke).

  • Kroting i stova på Boga, Radøy

Kroting i stova på Boga (Egil Korsnes).

  • Langhuset på Fjellsenda. Rekonstruksjon

Langhustradisjonar i lyngheilandskapet

  • Kvalheim, G. (1981) Bogatunet i Manger. I: Frå Fjon til Fusa: årbok for Nord- og Midthordland sogelag. Bergen, Sogelaget, s. 143-152.