• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Rekonstruksjonsskisse av tunet på Høybøen, Fjell

Rekonstruksjonsskisse av tunet på Høybøen (akvarell: Marvin Halleraker, rekonstruksjon: Arkikon, 1993).

Under utgravingar kring 1980 i regi av Historisk Museum i Bergen – i samband med dei planlagde utbyggingane for oljeindustrien på Vindenes – kom det for dagen uvanleg interessante spor etter eit gardsanlegg på Høybøen, med tufter etter to fleirromshus i tunet.

Høybøen er ein øydegard som har vore i bruk fram til 1349-50. Det er nokså sikre haldepunkt for ein bruksperiode mellom 1100-talet og midten av 1300-talet, då garden var liggjande øyde etter svartedauden. Truleg kan Høybøen ha vore i bruk i fleire periodar.

Dette gardsanlegget har hatt to parallelle hus i tunet, med ein hellegang mellom, orientert aust-vest. Det lengste huset ser ut til å ha hatt to rom kring ein midtgang. Arkeologane tolkar det eine rommet som innhus, kan henda eldhus eller stove med hjørnestilt eldstad, og det andre rommet som flor (fjøs). Lengst mot vest har det kanskje lege ei bu og/eller ein verkstad. Det minste huset har hatt to rom og ein skut mot aust; kanhenda ei bu og ei stove med eldstad. Det ser ut til at husa har hatt trevegger innanfor yttermurar i stein. Det eine huset kan ha hatt helletak.

Det stig såleis fram for augo våre hus med fleire rom som ligg på rekkje, med skut, skot og svaler kring hovudromma, slik vi kjenner prinsippet i fleirromshus av den typen som i dag framleis står på Boga på Radøy. Om ein kallar desse husa, med mange funksjonar under same tak, for fleirromshus eller langhus, kan vera eit definisjonsspørsmål. Det er samanbindinga av primærfunksjonane som er interessant: stove, eldhus, skykkja og bu med loft. I mellomalderen er det tydeleg at både langhus og mindre hus har funnest side om side, avhengig av terrengsituasjon og plassering i tunet.

  • Planteikning Høybøen

Planteikning Høybøen (Nils Georg Brekke).

  • Utgraving av langhustufta, Høybøen

Utgraving av langhustufta (Kjersti Randers, 1977).

  • Langhus frå Ytre Fosse, Alversund

Langhus og «litlastova» frå seinare hundreår i tunet på Ytre Fosse, Alversund; eit anlegg som liknar Høybøen (Nils Georg Brekke).

Øydegardar frå mellomalderen

  • Randers, K. (1981) Høybøen: en ødegård på Sotra. Hovedfagsoppgave, Universitetet i Bergen.