• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kloster- og helgenanlegget på øya Selja i Nordfjord var eit av dei viktige kyrkjelege monumentalanlegga og kyrkjesentera i norsk mellomalder – og utvilsamt det mest særeigne. Her finn me eit av dei eldste norske klostera og det eldste bispesetet på Vestlandet, begge grunnlagde heilt tilbake på 1000-talet. Her finn me også martyrstaden for dei fyrste norske helgenane, St. Sunniva og Seljumennene, som etter legenda vart drepne på 900-talet og funne av kong Olav Tryggvason i 996. Etter den tid og like opp til i dag har Selja vore sett på som ei heilag øy. Det kyrkjelege anlegget på Selja har altså ei like lang soge som kristendommen har det i Noreg. Før den tid kan det ha vore ein førkristen heilagdom på øya, men dette veit me ikkje.

Sjå video av framstillinga av Selja kloster og helgenstad på tidleg 1300-tal.

I vår tid ligg mest berre låge, meir eller mindre restaurerte murrestar att av bygningsanlegga frå mellomalderen. Korleis såg heile det kyrkjelege anlegget ut då det i si velmaktstid stod fullt utbygd ein gong på 1300-talet? Det er eit tidsbilete lagt til 1320-åra, 700 år før vår tid i 2020-åra, me i det fylgjande skal halde oss til. Grunnformene, i alle fall av det som var steinkonstruksjonar i anlegget, er i dag stort sett bevarte og kjende. Men skal me i tanken vår forma heile hus på murrestane og liv og miljø i anlegget, då må me ty til forskingsbaserte vurderingar og meir eller mindre sannsynlege forklaringsalternativ. Noko kan me slutta oss sikkert til, t.d. storleiken på romma og kvar det har vore dører, i alle fall der døropningane framleis er bevarte. Anna, som høgder og form på bygningane med interiør og inventar, det må me tenkja oss til mellom anna ut frå generell kunnskap om mellomalderens monumentalanlegg og kyrkjelege anlegg. Men også der har me nokre knaggar å hengja tolkingane på. Utvilsamt har den viktige, no delvis restaurerte og gråe steinterrassen visuelt vore den mest markante delen i anlegget, i mellomalderen som i dag.  Det nær 900 år gamle tårnet på klosterkyrkja står dessutan utruleg nok framleis bevart i full høgde. Slik gjev tårnet ein original mal for luftige tankar om høgder og utformingar av bygningar også for resten av anlegget der det ligg, vendt mot Stad, mot skipsleia og mot havgapet i vest.

Klosteranlegget i dag. Foto: Thomas Bickhardt/ Bickfoto

Dei som for 700 år sidan kom siglande inn det same havgapet og mot det kyrkjelege anlegget på denne særeigne øya, dei ville bli møtt av eit stort og kvitkalka klosteranlegg på sletta nedafor høge fjellsider. Dei ville også kunna sjå eit særeige og kvitkalka terrasseanlegg høgt heva i ei fjellkløft oppe bak klosteret. Dei reisande ville vera kjende med at dette var den mektige martyrstaden for helgendronninga Sunniva. Det som vart sett på som leivningane hennar, var 150 år tidlegare, i 1170, henta frå Selja og ført til Bjórgvin, dagens Bergen. Leivningane kvilte i eit stort og staseleg helgenskrin på høgaltaret i domkyrkja i byen.

Dei siglande ville kjenna hovudarkitekturen i klosteranlegget på Selja att frå andre samtidige kloster langs kystleia på Vestlandet, som Utstein, Halsnøy og Lyse lenger sør, og ikkje minst frå dei fem klosteranlegga som då låg dominerande til i Bergen. Kjernen i benediktinarklosteret på Selja var kyrkje- og bustaddelen for munkane, forma som eit firefløya bygningskompleks i mur. Utanom den sentrale klosterfirkanten, «hjarta» for klosterlivet, låg der også nokre andre steinbygningar. Her må likeins ha lege ein del trebygningar som det no ikkje er synlege spor av. På sletta der klosteret låg var der stiar og hellelagde vegfár ned til hamna med brygge og naust, og fleire steingjerde skilde og avgrensa markområde med ulike funksjonar som åkerland, beitemark og utmark.

Frå klosteret førte eit vegfár austover langs nordsida av Selja, der det midtvegs låg ein avgrensande, ytre klostermur med portbygning som skilde klosterområdet frå vegfárets vidare ferd mot kyrkjestaden Bø, på austsida av Selja. Der låg soknekyrkja for Selje.

I motsetnad til klosteranlegget må terrasseanlegget oppi fjellsida ha vore ei svært særmerka og heilt ukjend konstruksjonsform for dei sjøfarande som kom inn mot Selja. Her hadde anlegget på Selja eit element ein ikkje fann andre klosterstader, ikkje i Noreg og kanskje heller ikkje utanfor landegrensene. Anlegget var dominert av ein massiv, truleg kvitslemma steinterrasse som enda mot vest ved ei stor og rett veggflate. Korleis terrassen var avslutta i øvre del er ikkje kjent, men me må tru at siktelina frå sjøen var klar inn mot den vesle Sunnivakyrkja som låg lengst inne på terrassen, på den høgastliggjande delen av denne. Rett bak kyrkja reiste fjellveggen seg – og dér – bakanfor og i nivå rett over kyrkja, dér har blikket til dei sjøfarande fanga det fyrste inntrykket av den høgheilage staden på Selja: helleren der helgendronninga Sunniva og fylgjet hennar ved Guds hjelp hadde lide martyrdøden på midten av 900-talet. Martyrstaden låg synleggjort i landskapet ved ei trapp frå terrassen og opp mot helleren, der enno ein oppmura og venteleg kvitkalka steinvegg i fjellflata peika ut kapellet som var innreia i martyrhelleren.

Hellerkapellet ville vera målet for dei som kom pilegrimsvegen til Selja. Banda ville vera synlege og tydelege mot helgendronninga som altså var blitt overført til Bergen. Der hadde ho alt i lang tid kvilt staseleg på høgaltaret i domkyrkja. At legendeforteljinga var sann, vart for alle stadfesta både ved det store terrasseanlegget og av restane etter steinraset som hadde drepe dei heilage. For svære steinblokker frå raset låg framleis i terrenget rundt heilagstaden og ikkje minst i den vesle dalbotnen rett sør for terrasseanlegget. Heile dette særeigne og mektige helgenanlegget gjorde nok at den som hadde sett anlegget på Selja alltid ville ha synet med seg som eit minne for livet. Dei kunne også formidla det storslagne ved Selja for dei som aldri kom dit sjølve. Mange heilagstader rundt om i Europa hadde store katedralar som markeringspunkt, men få – om nokon – hadde eit terrasseanlegg som på Selja!

Terrassen ca. 1938-1939. Foto: Cato Enger, Riksantikvaren

Legenda om Sunniva og Seljumennene

Sunniva hadde, etter legenda, vore ei irsk, regjerande dronning som på 900-talet valde å forlata riket sitt heller enn at det igjen skulle bli plyndra og hærteke av ein heiden tyrann. Dronninga hadde nekta å inngå tvangsekteskap med tyrannen som slik ville vinna makta i Sunniva sitt rike. Saman med kvinner, menn og born som valde å fylgja dronninga si hadde dei heller, i tillit til Gud, sett til havs i tre mindre skip utan korkje årer eller anna skipsutstyr. Gud førte dei så til norskekysten, og dei fleste gjekk i land på Selja. For igjen å unngå at båtflyktningane fall i heiden hand, fekk dei ved Guds nåde og hjelp lide martyrdøden på Selja: fjellet rasa ned over dei og drap dei i helleren der dei hadde søkt vern mot heidne og uvenlege nordmenn. Nokre tiår seinare hadde sjølvaste kong Olav Tryggvasson i år 996 kome over beinrelikviane av irane.

Etter det hadde denne martyrstaden vore heilag for dei då kristne nordmennene. Bygningsanlegget vaks i dei fylgjande 300 åra gradvis fram til slik det stod i 1320-åra, altså til tida denne digitale visualiseringa skildrar. Sjølv om helgendronninga Sunniva då kvilte i Bergen, låg martyrstaden hennar framleis på Selja, der også beinrelikviar av fylgjet hennar, Seljumennene, framleis kunne ærast i fleire helgenskrin.

Albanusklosteret

Tidleg på 1300-talet var benediktinarklosteret på Selja alt ein gamal og ærverdig institusjon på nærare 250 år med bygningar prega av ombyggingar, utvidingar og nybyggingar. I dei fyrste hundreåra må anlegget ha hatt bygningar i tre og hatt ei utforming som no heilt er tapt. Det einaste av dette tidlege anlegget som me framleis kan sjå, det er delar av steinkyrkja som då stod og som framleis utgjer vestre del av klosterkyrkja i noverande klosterfirkant. Frå 1200-talet av vart så klosteranlegget gradvis forvandla, frå det eldre treanlegget som me må tenkja oss, til det steinanlegget som stod fullført i løpet av fyrste halvdel av 1300-talet.

Det synest å ha vore engelske benediktinarmunkar som i dei siste tiåra av 1000-talet etablerte seg med eit klostersamfunn ved heilagdomen på Selja, kanskje etter initiativ frå kong Olav Kyrre. Samtidig med klostergrunnlegginga, eller kanskje like før, vart det på seint 1000-tal bygd ei vakker, lita steinkyrkje som i ombygd form no altså inngår i klosterruinane, og der heile vestveggen er bevart i tårnmuren inn mot noverande kyrkjeruin. Denne fyrste kyrkja vart bygd med påkosta kvadersteinsmurar og med form som ein basilika. Skipet i kyrkja var dermed delt i tre ved langsgåande søylerekkjer som bar eit heva midtparti som gav lys til kyrkjerommet. Heile den påkosta kyrkjeutforminga, påverka av engelsk arkitektur, syner at denne fyrste steinbygningen i den seinare klosterfirkanten har hatt høg status. Bygningen må vera oppført som kyrkje for den fyrste, faste biskopen på Vestlandet, som i tiåra fram til 1090-åra sat på Selja. Dette samsvarar også med at kyrkja var vigd den treeinige Gud og gjerne kalla Kristkyrkja, slik domkyrkjene var det i Noreg i mellomalderen. Kristkyrkja på Selja vart kanskje bygd som ei mindre utgåve etter modell av Kristkyrkja i Bergen som vart påbyrja på same tid. Det var til denne kyrkja Sunnivaskrinet vart henta i 1170.

Benediktinarane på Selja nytta Kristkyrkja som klosterkyrkje og ho vart også vigd den engelske martyren St. Albanus. Ved vestenden av kyrkja bygde benediktinarane, tidlegast i 1120-åra og seinast i 1160-åra, til det store tårnet som framleis står så karakteristisk på Selja. Tårnet vart oppført med kvadermurar i nedre del av veggene og med tiltukta eller tilpassa brotsteinar vidare oppover i tårnet. Klosterbygningane elles i dei fyrste 200 åra kjenner me som alt nemnt lite til. Dei må ha vore i tre og truleg plasserte i ein klosterfirkant. Men bygningar i stein kan alt midt på 1100-talet ha vore oppførte eller planlagde.

Etter om lag eitt hundre år, frå andre halvdel av 1200-talet av, synest der på Selja igjen å ha vore ein «byggje-boom»: eit nytt og større klosterkompleks i stein vart oppført innan dei fylgjande hundre åra. Det er slett ikkje uvanleg at norske klosteranlegg blir nybygde eller ombygde akkurat i dette hundreåret. På Selja vart koret og søylerekkjene i den gamle basilikaen rivne, medan ytterveggene i nord og sør vart gjort høgare og forlengja. Klosterkyrkja fekk den langstrakte og rektangulære grunnforma som me framleis ser i klosterruinane. Funksjonsmessig må kyrkjerommet ha vore delt inn i tre hovuddeler: i vest låg skipet skild med ein tverrvegg, ein korskranke, frå munkekoret der munkane samlast til messer og tidebøner gjennom døgnet. Alle hadde der eigen korstol med knefall eller bøneskammel framfor. Korstolane stod i langsgåande rekkjer, truleg to på kvar side av ein midtgang. Novisene, dei som gjekk i opplæring til munkar, tok også del og sat gjerne på fremste rekkje. Abbeden og medhjelparen hans, prioren, dei hadde eigne stolar. Vidare mot aust låg høgkoret eller presbyteriet, der hovudmessene vart feira. I vår tids kyrkjeruin markerer eit rekonstruert «altar» staden der hovudaltar med oppbygg for helgenskrin («pall») har stått. Golvet i høgkoret kan ha lege eitt eller to trinn høgare enn i munkekoret og skipet, og heile kyrkja synest å ha hatt hellegolv. Kyrkja har hatt fleire altar der prestemunkane dagleg kunne feire messer. Me veit også at kyrkja hadde mange helgenskrin, både store og småe skrin med beinrelikviar av Seljumennene og, ikkje minst, skrinet med den heilage Albanus sitt hovud. Nord for kyrkja låg kyrkjegarden, avgrensa ved ein halvrund kyrkjegardsmur og med ein eigen, steinsett prosesjonsgang. 

I 1305 braut det ut ein storbrann som framleis kan sporast i klosterkyrkja og ikkje minst i dei brannskada tårnmurane. Kor langt ein då var komen i bygginga av sentralanlegget me framleis har ruinar av skal vera usagt, men i alle fall vestfløyen kan framleis å ha stått i tre. I 1320-åra må me kunna rekna med at brannskadene var utbetra.

Klosteret har ved byggjearbeidet fått den tradisjonelle og internasjonale grunnforma for sentralbygningane i eit kloster, med fire bygningsfløyar liggjande vinkelrett på einannan og med kyrkja som nordfløy. Slik omslutta fløyane eit lukka midparti med klostergang, som igjen omslutta ein open hage eller gardsplass midt i anlegget. På ein vind- og stormfull stad som Selja vil bygningane slik ha verna eit lunare atrium for munkane. Med utgangspunkt i den tradisjonelle funksjonsinndelinga i eit slikt anlegg, sett i samanheng med utforminga og funn i klosterruinane, kan me slutta oss til kva dei enkelte delane av klosterfirkanten har fungert som: I austfløyen, oppført etter utvidinga av kyrkja, ligg sakristiet nærast kyrkja og deretter kapitelsalen, dvs. det daglege møterommet. I overgangen mot sørfløyen utgjer så refektoriet eller matsalen hovuddelen, med kjøkkenet tilstøytande i vest. Lavatoriet, der munkane vaska seg mellom anna før dei gjekk inn til måltida, kan ha lege i klostergangsveggen ved inngangen til matsalen. I sørfløyen vest for kjøkkenet låg venteleg calefactoriet eller varmestova, der det har vore ein eldstad. I vestfløyen kan kanskje eitt av romma ha vore scriptorium eller skrivestove, mellom anna av di romma der var mellom dei som fekk mest lys. Med den topografiske plasseringa av klosteret, med relativt høge fjellsider tett inn mot anlegget særleg i aust, men også i sør, har både austfløyen og sørfløyen i anlegget vore relativt mørke jamført med vestfløyen som låg ope til ut mot havet og ettermiddagssola. I kalde vintermånader kan kanskje også varmestova ha vore mest eigna som skrivestad. Vestfløyen må elles ha hatt rom for eventuelle conversi, lekbrør, altså brør som utførte meir kroppsarbeid og som ikkje var prestar og munkar.

Grunnplan over Selja kloster. Kjelde: Cato Enger, 1940. Wikimedia.commons.

I overgangen mellom vestfløyen og sørfløyen ligg elles ein særeigen og spanande bygningsdel, kanskje eit tårn som kan ha fungert som abbedbustad. Truleg er denne noverande hjørnedelen i klosterfirkanten eldre enn både vestfløyen og sørfløyen. Likevel synest han, ut frå murverkskarakteren, å vera frå 1200-talet. Bygningen ligg med avvikande orientering i høve til begge fløyane han støyter inn mot.

Bygningen har også tjukkare murar enn elles i klosterfløyane, berre austmuren er relativt tynn. Denne synest difor alt opphavleg å vera planlagt som innermur. Dette kan ein så sjå i samanheng med at der rett aust for den tynnare austmuren står eit murparti med breidde som i den eldre bygningen, ein utstikkande murdel som no formar hjørne i inngangspartiet frå sør til klosterfirkanten. Då kan det vera at dette er ein rest av ein opphavleg austmur og slik eit gjenståande søraustre hjørne for den eldre bygningen. Denne har i så fall vore svakt rektangulær med lengderetning aust-vest og med ein særeigen skråstilt vestvegg. Bygningen har vore inndelt i to rom, eit stort og eit mindre, langsmalt. Når sørfløyen seinare vart lagt inntil, må den eldre austmuren vera ombygd og i breidda tilpassa sørfløyen, medan endeveggane i det langsmale rommet må vera rivne ut og gjort om til passasje inn mot klostergangen. Dette forklarar at passasjen ikkje er tilpassa flukta for vestre klostergang men støyter i flukta mot klostergangshagen.

Denne eldre bygningen kan altså, etter at han er innlemma sørvestre hjørne i klosterfirkanten, ha fungert som abbedbustad om bygningen ikkje alt opphavleg hadde ein slik funksjon. Kor mange høgder ein eventuell abbedbustad har hatt veit me ikkje, men dei tjukke murane tyder på at denne særeigne bygningsdelen har vore i fleire høgder, kanskje som eit hjørnetårn. Mellom anna i England er det kjent at abbed- eller priorbustader kunne ha ein forsvarsfunksjon og kunne vera avslutta med krenelering på toppen. Der synest slike bygningar med forsvarsfunksjon likevel helst å vera frittståande. På Selja synest ei slik løysing, altså eit forsvarskastell, likevel mindre tenkjeleg, i alle fall etter at bygningen var blitt del av klosterfirkanten. Eit hjørnekastell ville då bygningsmessig ha fleire svake punkt i ein forsvarskontekst, ikkje minst ved at austre veggmur var tynnare enn dei andre. Men, det kunne altså tenkjast at den eldre og rektangulære steinbygningen på Selja, om tolkinga av ein slik er rett, hadde ei kastellutforming. Dette til tross for at landskapet på Selja, med høge fjellsider relativt tett inn mot klosterfirkanten, gjer at eit slikt tårn neppe kan ha hatt ein praktisk forsvarsfunksjon. Etter at bygningen var innlemma i klosterfirkanten vil han, ved si avvikande orientering, uansett ha stått markant arkitektonisk i eksteriøret på klosterfirkanten og slik visuelt ha kunna markere ein eventuell abbedbustad. I underetasjen på denne hjørnebygningen er det tenkjeleg at klosteret sitt carcerem, fengsel, låg.

Klostergangen har bunde heile det sentrale anlegget saman og passasjar har ført inn og ut av klosterfirkanten. Mot aust låg ein slik passasje mellom kapitelsalen og matsalen, og mot sør fanst altså ein tilsvarande mellom varmestova og abbedbustaden. Det er i animasjonen tenkt overetasjar i alle dei tre bustadfløyane. Munkane sitt dormitoruim eller sovesal må, i samsvar med tradisjonen, ha vore i andre høgda på austfløyen. Som det går fram av klosterplanen, strekk austfløyen seg lenger aust enn kyrkja og refektoriet, og austfløyen er truleg yngre enn desse. Ved oppføringa av austfløyen med sovesal har ein difor aust for refektoriet forlengja fløyen med eit langsmalt rom for slik å fylla ut hjørna. Tilbygget, som i animasjonen er markert med ein andre etasje i tre og med pultak, kan kanskje tolkast som nedfall for doar ved sovesalen i andre høgda. Det er difor tenkt ein passasje eller gangbygg mellom sovesalen og doane. I vestfløyen kan overetasjen ha vore sovesal for eventuelle lekbrør, og også kyrkjetårnet har rom i to høgder over forhallen inn til klosterkyrkja. I klosterfirkanten er der ikkje spor etter trappeoppgangar til overetasjane, med unnatak av ei veggtrapp i kyrkjetårnet opp til det mellomste rommet der, og ein trappeoppgang frå vestfløyen og opp til andre høgde i abbedbustaden. Me må difor førestilla oss fleire trapper i tre, ikkje minst ei nattrapp frå munkanes sovesal i austfløyen og ned mot klosterkyrkja, slik at munkane fekk lett tilgang til munkekoret ved matutin, nattas tidebøn. Her må også ha vore ei dagtrapp opp til overetasjane i klosteranlegget.

Denne sentrale klosterfirkanten har vore «hjarta» for klosterlivet på Selja. Men der vart i tiåra før eller etter 1300 også reiste andre steinbygningar. Rett sør for klosterfirkanten ligg framleis ruinane av eit rektangulært og relativt stort steinhus inndelt i to rom. Det vestre rommet opnar seg mot ein port i gjerdemuren mellom steinbygningen og klosterfirkanten. Rommet eignar seg slik godt for ein portvakt mot det meir lukka landskapsområdet på veg opp mot sjølve terrasseanlegget. Det andre rommet i huset var kanskje herberge for klosterets gjester og pilegrimar til Sunnivaheilagdomen, og ein eventuell overetasje kan kanskje ha inngått i herbergsfunksjonen. Nærare terrassen, men før terrenget for fullt byrja å stige opp mot heilagdomen, ligg framleis ruinane av ein mindre og kvadratisk steinbygning som tenkjeleg var infirmariet eller sjukestova. For munkar og andre sjuke må det i seg sjølv ha vore lækjande å halde til så nær Sunniva-heilagdomen som råd var, der vatnet ifrå den heilage kjeda i hellerkapellet også ville vera lækjande.

I tillegg til steinbygningane må me tenkja oss fleire, og i vår tid heit ukjende og tapte trebygningar som låve, fjøs og bygningar med andre naudsynte funksjonar i eit klostersamfunn. Her vil venteleg også ha vore hus for klosterets familiares, folk som arbeidde for eller levde tett på klosteret, t.d. som tenarar og handverkarar, utan at dei var ein regulær del av klosteret. Vi må altså tenkje oss eit heilt lite samfunn knytt til klosteranlegget, og der stiar og hellelagde vegfár som munkar, lekbrør og andre vandra på, både ned til hamna og rundt på øya framleis ligg synlege. Ved hamna ligg også framleis nausttomta med sine steinvegger og med båtopptrekk, og fleire steingjerde skil enno markområde som den gongen må ha hatt ulike funksjonar innen ei gardsdrift ved klosteret. Både konstruksjonsrestar og landskap ligg der framleis som godt bevarte og freda kjelder over eit i norsk samanheng unikt klosterliv i mellomalderen.

Terrassen. Eit mektig "steinlad" 

Sunnivakyrkja ligg i dag som ein open ruin inst på ei flate som utgjer den høgastliggjande delen av terrasseanlegget på Selja. Framfor denne høge delen trappar terrassen no av i to lågareliggjande nivå, begge delvis gjenoppbygde i 1930-åra. Heile terrassen er avgrensa ved rette og einsarta ytre murliv, dvs. store murflater både mot sør, vest og nord. Desse er originale i nedste del men rekonstruerte i øvre del. Dei jamne murliva av tiltukta- eller tiljamna brotsteinar vert i Flateyjarbok frå 1380-åra omtala som «steinlad», altså eit «lad av stein» tilsvarande eit «lad av tre», eit «vedlad». Valet av omgrep i Flateyjarbok er framles lett å forstå når ein ser karakteren på terrassemurane.  

Steinterrassen ligg i dag altså i tre nivå medrekna sjølve platået der Sunnivakyrkja står. Terrassen har framleis den originale breidda på om lag 22 m i vest, medan vestveggen no står rekonstruert i om lag 6 m høgde der altså berre nedre del er original. Då det ved restaureringa berre vart nytta original terrassestein etter mønster frå dei bevarte murpartia, er murverkskarakteren på terrassemurane likevel lik den originale. Som fylgje av at den originale terrassen har rasa saman i øvre del er det for oss uråd å seia korleis denne øvre avsluttinga var utforma då terrassen stod ferdig før 1170. Har terrasseflatene lege i tre nivå som i dag, eller har den samla flata på ca. 380 kvadratmeter lege i eitt nivå? I så fall vil vestveggen ha vore ca. 12 m høg, altså om lag det doble av i dag. Kan det vera slike dimensjonar som gjer at «steinladet» på 1300-talet vert omtala som særs høgt og sterkbygd (sjå nedafor)? Me veit heller ikkje om der kan ha vore rom inne i terrassekonstruksjonen, eller korleis terrasseflatene- eller flata har vore nytta. Har ho stått heilt opa eller har her stått hus på henne? Dette kan me aldri finne ut av, og ved animasjonen er det difor valt ei framstilling utan bygningar. Me må kunna gå ut frå at både terrasse og eventuelle bygningar har vore utforma på ein måte som på avstand ikkje tok fokuset frå Sunnivakyrkja og hellerkapellet.

Steintrappa som framleis fører oppover langs nordre terrassemur låg der alt i 1320-åra. Trappa stig langs terrassen og sjølve fjellsida. Inn mot fjellet høyrest framleis lyden av rennande vatn, truleg av ein bekk med lækjande vatn frå oppkoma i hellerkapellet høgare opp (sjå nedafor). Nede ved trappestart har venteleg ein port stått i flukt med vestre terrassemur og slik skild klosterområdet nedanfor mot trappeløpet opp til sjølve heilagdomen på Selja. Terrasseflata, saman med Sunnivakyrkja, har her lege som ei eiga eining, kanskje med kyrkja mest som eit «relikvieskrin» inst på terrassen og med flata framfor som ein forsamlingsstad som fungerte tilsvarande eit skip i ei kyrkje. På dei store festdagane som Seljumannamesse 8. juli, vil der ha vore trong for eit slikt «skip» både for folk og for liturgiske prosesjonar med helgenskrina. På slike dagar kan skipet i sjølve Sunnivakyrkja, med sine motstilte dørportalar, også mest ha kunna fungera som eit tradisjonelt ambulatorium i større pilegrimskyrkjer, dvs. ein arkitektonisk gangveg pilegrimar kunne fylgje rundt helgenskrinet. På Selja ville ein ikkje kunna gå rundt skrina. Men pilegrimane ville ha kunna gå inn den eine portalen. Etter å ha knelt og bede i skipet og sett skrina på pallen oppe i koret, ville dei kunne gå vidare og ut den andre portalen. Sunnivakyrkja og terrasseflata har slik kunna forma ei liturgisk eining i dette særmerkte anlegget.

Ein skriftleg omtale av terrassen på Selja finst alt i Den store soga om Olav Tryggvason skriven tidleg på 1300-talet. Omtalen står nærare bestemt i den handskriftsvarianten av soga som finst i Flateyjarbók ført på pergament i 1380-åra. Terrasseomtalen er altså seinast formulert på slutten av 1300-talet sjølv om han skildrar ein konstruksjon som utvilsamt er mykje eldre i anlegget på Selja. Terrassen er omtala som «eit stort steinlad (norrønt: griothlad) og så høgt og sterkbygd som den sterkaste festning (norrønt: sua hátt ok Ramgert sem hit sterkazta virki)». Det vert også fortalt at «Somme menn seier at dette skal vere eit av dei største byggverka som folk har laga av dette slaget.» Den anonyme islandske skrivaren av Flateyjarbók, som tydelegvis sjølv ikkje har vore på Selja, legg dessutan til at «Under dette steinladet eller festningsverket er klosteret bygd (norrønt: undir þessu hlade edr uirkí er sett klaustrit).» Med andre ord har terrasseanlegget på Selja gjordt eit særs mektig inntrykk, også for dei som berre vart fortalde om det så langt vekke som på Island.

Dermed melder spørsmålet seg: fungerte terrasseanlegget som ei festning, som ei borg? Me kjenner til at klosteranlegg kunne vera befesta om dette enn ikkje er dokumentert i Noreg. Ut frå plasseringa anlegget på Selja hadde, heilt ut mot det opne havgapet og dermed nokså sårbart, ville det kanskje ikkje vera så unaturleg at anlegget også vart bygd med eit forsvarselement. Likevel synest det lite truleg at terrasseanlegget har hatt ein reell forsvarsfunksjon, rett og slett på grunn av den landskapsmessige plasseringa med høgtliggjande fjellparti tett inn mot anlegget. Dette kunne dermed lett angripast og takast «frå oven», frå dei same fjella som drap Sunniva og fylgjet hennar. Me måtte i så fall altså ha rekna med eit utlagd forsvarssystem også i fjellnivået over terrasseanlegget, og ingen spor av eit slikt system er påviste. Ser me på formuleringane i Flateyjarbók, synest festningsomtalen også å vera gjort som eit bilete: terrassen, altså det høge og sterke steinladet, «er som (norrønt: sem)» – altså minner om – den sterkaste festning, men terrassen er ikkje nødvendigvis ein festning. Det er tydelegvis steinladet som vert skildra, og begge stader der festning er nemnt er det som ei utfyllande forklaring til steinladet: dette slaget byggverk som forfattaren av formuleringa manglar gode ord for å skildra, og som han er blitt fortalt skal vera mellom dei største byggverka av eit slag som er så særmerkt at han i mangelen av gode uttrykk jamfører med eit festningsanlegg.

Skildringa i Flateyjarbók syner uansett at steinladet var så høgt og stort i utforming at det gav eit mektig og sterkt inntrykk, også for dei som kom siglande inn mot Selja. Det mest identitetsskapande i terrassesynet har likevel neppe vore forsvarsbiletet, men heller martyrbiletet og tilknytinga til Sunniva og Seljumennene. Terrassen vart truleg fullført i tiåra før Sunnivaskrinet vart henta til Bergen i 1170. Slik ville terrassen, også sett frå havgapet og skipsleia i vest, for all ettertid stå der som ei markering og påminning om martyrstaden for Sankta Sunniva og Seljumennene, ikkje minst etter at helgendronninga sjølv var overført til Bergen. Terrasseanlegget stod der altså som eit identifiserande element for den legenda, den forteljinga og det historiske minnet som var skapt om helgendronninga frå Selja. Ho som då var i ferd med å bli kjent og æra frå Finnmark i nord til Nord-Tyskland i sør, og frå Island og Shetland i vest til Finland i aust. 

Sunnivakyrkja. Helgendronninga si kyrkje

I den tidsperioden den digitale framstillinga skildrar, 1320-åra, stod den då alt nærare 250 år gamle Sunnivakyrkja med ei tradisjonell kyrkjeform; med eit smalare kor og eit breiare skip, alt truleg bygd med tilhogde kvadersteinar i olivin slik me t.d. framleis ser det i vestveggen inne i skipet. Koret har ei kvadratisk golvflate der austre del har lege eitt trinn høgare enn vestre del, og korrommet har vore særeige ved at ein steinbenk har strekt seg langs heile den rette austre korveggen og slik danna ein «pall». Truleg var det der Sunnivaskrinet stod til det vart henta til Bergen i 1170, sjølv om det også har vore foreslått at skrinet stod i klosterkyrkja nedpå sletta. Etter at Sunnivaskrinet var overført til Bergen har det nok på pallen stått eitt, eller helst fleire og mindre, helgenskrin med beinrelikviar av Seljumennene. I austveggen, i nivå over skrina, var der venteleg eit vindauga som ikkje ville gjeva særleg lys på grunn av fjellet like bak, men det ville binda korrommet opp mot hellerkapellet som låg heva like bak Sunnivakyrkja. Koret må i sørveggen derimot ha hatt eit vindauga som gav lys inn mot altaret. Dette stod inntil pallen. Denne strekte seg nok høgare enn alteret slik at skrina stod fritt og godt synlege i eit høgare nivå bak altaret. Dette vesle, ca. 4,6 x 3,4 m store og rektangulære korrommet har ikkje vore like rikt på romplass som både prestar og pilegrimar kan ha sett det ved andre og større martyrkyrkjer. Men det intime korrommet, der det knapt nok ville vera plass til presten og medhjelparane hans, har likevel gjeve ein spesiell fysisk nærheit til skrina med dei heilage og undergjerande relikviane. I nordmuren i den noverande korruinen, inn mot fjellet med steintrappa frå terrassen og opp til hellerkapellet, er den døropninga som no står der, ei feilrestaurering for ei vindaugsopning. Opninga har då neppe fungert som ei vanleg lyskjelde på grunn av at vindauga ville liggje rett ut mot fjellveggen. Opninga har venteleg heller fungert som ei bøneluke der pilegrimar og andre kunne sjå inn på helgenskrina i Sunnivakyrkja og slik ære og vende seg til Seljumennene om deira forbøn.

Sunnivakyrkja i dag. Foto: Alf Tore Hommedal, 2006

Skipet i Sunnivakyrkja er ca. 7,5 x 4,6 m stort og har som koret hatt hellegolv. Koropninga i aust har tre trinn opp mot det høgareliggjande koret, og på kvar side av opninga har det i skipet stått eit altar. Kven altara var vigde til er usikkert, men med hovudaltaret i koret vigd Sunniva og Seljumennene i tillegg til Kristus, då er det kanskje tenkjeleg at altaret nord for koropninga i skipet var vigd Guds mor Maria, medan altaret i sør kan ha vore vigd erkeengelen Mikael eller helgenkongen Olav. I golvet, litt vest for altara og midtstilt i skipets breidde, har ein ovalforma opning i hellelegginga mellom anna vore tolka som staden der ein kum har stått dit heilagt vatn kunne hentast inn frå «løken» i helleren. Men kvifor gå til eit kum i Sunnivakyrkja når ein heller kunne gå til sjølve «løken» i nokre få meters avstand? Kanskje kan opninga i golvet heller vera eit avløp, frå ei uttapping i ein døypefont som stod på denne staden i skipet? For kven ville ikkje ha døypt borna sine i undergjerande vatn på Selja?

Skipet må ha fått lys frå eit vindauga i sørmuren og frå eit anna i vestmuren, der dei bevarte bygningsrestane dessutan syner klart og tydeleg at Sunnivakyrkja ikkje har hatt vestportal. Derimot har skipet altså to motstilte portalar, ein i nordmuren og ein i sørmuren, truleg eit resultat av at kyrkja skulle fungere som ei pilegrimskyrkje. Slik har kyrkjerommet hatt lett tilkomst for dei som ville fylgje messa, eller dei berre ville ha ei stille bønestund i skipet der dei kunne sjå fram mot koret og helgenskrina på pallen bak hovudaltaret. 

Hellerkapellet Salen. Eit kyrkjekvelv og ei livmor

Kapellet i fjellet, rommet der Sunniva med fylgje etter legenda leid martyrdøden, er i litteraturen omtala i mange allegoriske vendingar. Forfattaren Sigrid Undset har ein gong kalla helleren for «det ældste kirkehvælv som vi har tilbake her i landet», medan pilegrimspresten Arne Bakken har skildra helleren med fjellhola som «livmora» som fødde kyrkja i Noreg.

Som fjellformasjon er hovudforma på rommet i dag framleis den same som både på Sunnivas tid på 900-talet og i 1320-åra, om enn gråare og «kaldare» enn preget kapellet venteleg hadde. Ytst ligg den ca. 12 x 5 m store helleren med lengderetning aust-vest og med inngang i vest, altså naturleg orientert slik ei kyrkje skal vera. Rommet er skapt ved at eit overhengande fjellparti, som dannar taket, skrånar ned mot nord slik at tak og golv møtest på venstre side når ein går inn. På motsett eller høgre side, der helleren opnar seg naturleg mot verda utanfor, der lukkar no ein delvis rekonstruert steinmur hellerrommet. Frå inngangspartiet i vest hevar fyrst sju steinlagde trappetrinn golvhøgda vidare innover til eit platå i austre del av sjølve helleren. Derifrå skrånar og smalnar rommet av inn mot ei hole, som i vår tid gjerne vert sett på som sjølve heilagstaden der Sunniva låg då ho vart funnen. Ute i sjølve hellerrommet, ved det lågareliggjande inngangspartiet til hellerkapellet, kan hellertaket fylgjast skrått ned vidare mot nord. Slik framstår her mest ei eiga, lita og låg nordre fjellhole. Denne ligg no delvis oppfylt med ei nyare steinfylling og synest i dag difor svært låg.  

Inngangen til hellarkapellet i dag. Foto: Alf Tore Hommedal.

Korleis kapellrommet har vore innreidd kan me berre tenkja oss til, sjølv om den islandske munken Odd Snorrason (Munk) på slutten av 1100-talet skildrar rommet både med hellervegg, steinmur og hole i fjellet. Det er også Odd Munk som fortel at der i helleren på hans tid var eit kapell kalla Salen, at dette hadde eit altar, og at det der også var ein liten løk, dvs. ei oppkomme der mange fekk lækjedom av vatnet. Salen (norrønt: salinn) kan her sannsynlegvis tyde «bustad». 

Restar av kalk både på fjellflater og original steinmur tyder på at kapellet har vore kvitkalka, i alle fall sjølve helleren, men truleg også i den nordre hola. Dei store steinblokkene som dannar golvet i helleren må i alle fall delvis ha vore synlege og ha danna eit noko ujamt golv som slik kan ha understreka forankringa kapellet hadde til legendas steinras. Berre på det meir jamne og høgareliggjande platået i austre del av helleren kan der, ut frå arkeologiske observasjonar på 1860-talet, ha vore tregolv, og høgst truleg var det også der altaret stod. Denne staden ville ha tilstrekkeleg romhøgde til at presten kunne stå oppreist ved altaret sjølv om taket låg like over. Ved ei slik altarplassering ville presten også kunna gå rundt altaret slik han skulle ved den liturgiske reinsinga med røykjelse.

Sjølve hola, som då ville liggja vidare inn i fjellet bak altaret, kan i så fall ha fungert som eit oratorium – eit bønerom, slik det gjerne blir brukt av pilegrimar også i dag. Særleg gjeld dette dersom dei i mellomalderen, som i dag, oppfatta denne inste delen av hola som staden der helgendronninga Sunniva vart funnen. Dersom hola bak altaret fungerte som eit bønerom, då er det tenkjeleg at denne delen stod utan kvitkalking, for slik å halde på hole-karakteren. Men dette veit me ikkje. Steinen som i dag står oppreist lengst inni hola, og som gjerne blir oppfatta som eit «altar», er neppe del av eit altar. Steinen kan vere sett opp i nyare tid som stengsle for at sauer ikkje skulle gå seg fast i den ca. 0,5 m breie fjellsprekka vidare innover i fjellet. 

Den heilage kjelda som Odd Munk omtalar har lege i den nordre fjellhola, der det i 1860-åra vart funne ein grunn kum i fjellet og der det då framleis var vatn. I dag ligg kummen skjult av den nyare steinfyllinga i denne fjellhola. Trappetrinna frå det høgareliggjande og tenkte altarpartiet snor seg nedover med delvis retning inn mot denne hola med «løken». Me må difor kunna oppfatta denne delen av hellerkapellet som eit sanctuarium – eit heilagrom, der pilegrimar og andre kunne ta imot undergjerande og lækjande vatn. Steintrappa har såleis ikkje berre bunde saman altarpartiet og inngangspartiet i helleren. Trappa har også bunde sjølve kapellrommet saman med fjellhola der Gud formidla eigne, undergjerande hendingar.

Hellerkapellet kan dermed ha stått som eit kvitkalka altarrom med eit naturleg bønerom i aust og eit heilagt kjelderom i nordvest, kanskje dette også kvitkalka. Steinmuren som lukka helleren til eit rom, har kanskje hatt ein eller fleire vindaugsopningar. Sansemessig har lys, messeklokkeklang og – ikkje minst røykjelse – frå daglege messer fylt martyrrommet med syn, lyd og lukt av det heilage, ei lukt som er heilt vekke i dag. Men sjølv om det må ha vore Sankta Sunniva og Seljumennene som i hovudsak vart æra i hellerkapellet, så synest ikkje kapellet å ha vore vigde til desse heilage. Kapellet kan derimot ha vore vigd erkeengelen Mikael, som kunne bli æra i fjellholer, og kanskje også vigd til Maria Møy. Desse dedikasjonane vart i så fall lagde alt i hellerkapellet si tidlegaste tid.

Selja i seinmellomalderen og i reformasjonstid

Mest like mytisk og «mystisk» som opprettinga av helgen- og klosterstaden på Selja er nedlegginga av institusjonane og det kyrkjelege anlegget på heilagøya. Benediktinarklosteret vart nedlagt ca. 1470, av biskopen i Bergen. Sjølv om ein eller fleire sekulære prestar også etter ca. 1470 hadde tilhald i klosteret, må den avgrensa kyrkjelege aktiviteten ha påverka det liturgiske livet ved hellerkapellet og terrasseanlegget. Selja si glanstid var over og Bergen var Sunniva-kulten sitt hovudsete.

Klosternedlegginga ca. 1470 skjedde altså gode 60 år før den lutherske reformasjonen 1536/37 med sitt forbod mot alt klosterliv og all helgenkult i Noreg. Kampen om disposisjonsretten over Selja kan ha teke til alt i 1420-åra, då den nye birgittinarordenen overtok benediktinarklosteret Munkeliv i Bergen. Det kan synast som om birgittinarane då også gjorde krav på Albanusklosteret på Selja. Når tre benediktinarmunkar frå Selja leid ublide skjebnar akkurat i desse åra kan det ha samanheng med ein slik kamp om anlegg og økonomiske inntekter på Selja: den eine Selja-munken var blitt halshogd, den andre brent på bålet, truleg for kjetteri - eller kanskje for skeiv kjærleik? Den tredje munken sat framleis fengsla. Det heile vert fortald av ein fjerde munk som hadde rømt og som klaga Munkeliv-abbeden for å vera unnfallen i saka. Den ny ordenen i Munkeliv tykkjest uansett ikkje å ha nådd eit eventuelt mål om å overta, og neste gong nokon freistar å ta over på Selja kjem forsøket frå ein heilt annan kant: I 1497, altså om lag 30 år etter at benediktinarane reiste frå Selja, søkjer benediktinarane i Nidarholm kloster ved Trondheim paven om å få reetablere benediktinarklosteret på heilagøya, då underlagt Nidarholm. Pave Alexander VI innvilga dette, men det er uklart om vedtaket nokon gong vart sett ut i livet. Uansett verkar den siste omtalen av folk på Selja før reformasjonen, i 1522, å vera knytt til kongens høvedsmann i Bergen og såleis ikkje mot eit kloster. Etter reformasjonen vart jordegodset til Selja kloster overført til St. Jørgen Hospital i Bergen.

Sjølv om Selja for ein del synest å ha utspelt rolla si alt før reformasjonen i 1530-åra, har medvitet om heilagøya og kyrkjeanlegget her utvilsamt spela ei rolle også vidare framover i tid. I 1811 vart det i ruinane framfor det gamle hellerkapellet observert ei mengd med enkle krossar av furutre, stukne inn mellom dei samanraste bygningsrestane. Krossane må kunna tolkast som votivgåver frå folk som i hundreåra etter reformasjonen framleis, i løynd, søkte martyrstaden for heilagdronninga Sunniva og fylgjet hennar.

____________________________________________________________________________________

Bidragsytarar i prosjektet

Stad kommune er initiativtakar og prosjekteigar for arbeidet med det digitale Selja kloster og helgenanlegg. Framstillingane er utarbeida av Arkikon. Tverrfagleg forsking ligg til grunn for bileta av Selja kloster og helgenanlegg, og det faglege arbeidet er koordinert av Mellomalderklynga ved UiB. Ei stor takk til forskarane Alf Tore Hommedal og Marit Nybø (emerita) frå UiB og Regin Meyer frå NIKU som har bidrege med sin fagkunnskap. Prosjektet er støtta av Riksantikvaren.

Achen, Henrik von 1996: Norske frontaler fra middelalderen i Bergen Museum / Norwegian Medieval Altar Frontals in Bergen Museum. I Djupedal, Reidar (red.), Selja i tusen år. Eit minneskrift om kloster og kyrkjer. Universitetet i Bergen. Bergen Museum.

Enger, Cato 1946: Helligdommen på Selja. Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, årsberetning for 1946, 102 (1949), 5-48.

Harrison, Peter 2004: Castles of God. Fortified Religious Buildings of the World. The Boydell Press, Cambridge.

Hommedal, Alf Tore 1995: Selja i Nordfjord. Som Moster eit bruhovud i kristningsprosessen. I Lidén, H.E. (red.) Møtet mellom hedendom og kristendom i Norge, 143-169. Universitetsforlaget, Oslo. 

- 1996: Frå heller til pilegrimskyrkje. Heilagstaden på Selja. I: Rindal, Magnus (red.), Fra hedendom til kristendom. Perspektiver på religionsskiftet i Norge, 112-124. Ad Notam Gyldendal AS, Oslo.

- 1996: Selja. Helgenstad i tusen år. Eit forskingshistorisk bidrag om minnesmerket på øya Selja i Nordfjord. Fortidsminneforeningens Årbok 1996, 17-60. Oslo. 

- 1998: Pilegrimsmerke og pilegrimsferd. I Ågotnes, Anne (red.): Tingenes tale. Funn fra Bergen og Vestlandet 1000-1600, 30-33. Bryggens Museum, Bergen.

- 2006: Der ordet vart skrive: Det fysiske miljøet rundt norske sakrale senter for skriftkultur I: Mundal, Else (red.): Reykholt som makt- og lærdomssenter i den islandske og nordiske kontekst, 85-126. Snorrastofa, Reykholt. 

- 2009: Nogle Stykker Silkedamask’ frå Selja. I Zehetner, Janicke L. (red.) Bling. Pynt og klær i middelalderen, 36-39. Bymuseet i Bergen.

- 2018: A holy cave and womb: the sanctuary on the island of Selja and the birth of the first Norwegian saints. I Bergsvik, Knut Andreas ogDowd, Marion (red.): Caves and ritual in Medieval Europe, AD 500-1500, 63-84. Oxbow books, Oxford & Philadelphia.   

- 2019: St Sunniva, the Seljumenn, and St Alban: The Benedictines and the Sanctuary at Selja, Norway. I Bhreathnach, Edel, Krasnodebska-D’Aughton, Malgorzata, og Smith, Keith (red.) Monastic Europe. Medieval Communities, Landscapes, and Settlement, 45-72. Brepols Publishers, Turnhout.

Hommedal. Alf Tore og Else Mundal 2020: Lyset frå Roma I: Stugu, Ola Svein (red.): Drømmer –Dagligliv – Deltaking. Centro Studi 25 år, 290-313 Det norsk-italienske studiesenter i Tolfa.Oslo-Trondheim-Bergen.

Kroesen, Justin 2021: Den heilage Sunniva i kunsten. I Hommedal, Alf Tore Åslaug Ommundsen og Alexander O’Hara (red.): St. Sunniva. Irsk dronning, norsk vernehelgen, 176-187. Alvheim & Eide. Akademisk forlag, Begen.

Kroesen, Justin og Stephan Kuhn 2022: Middelalderens kirkekunst. Universitetsmuseet i Bergen. Schnell & Steiner., Regensburg. 

Lange, Christian C.A. 1856: De norske Klostres Historie i Middelalderen, 2nd ed. Chr. Tønsbergs Forlag, Christiania.

Meyer, Regin 2022: personleg meddeling.

Mundal, Else 1995: Legender frå mellomalderen. Soger om heilage kvinner og menn. Omsett frå norrønt av Else Mundal. Det Norske Samlaget, Oslo.

Nicolaysen, Nicolay 1892: Om ruinerne paa Selje. Foreningen til Norske Fortidsmindesmærkers bevaring,Kristiania.

Nybø, Marit 2000: Albanuskirken på Selja. Klosterkirke eller bispekirke? Vol. I-II. Upublisert doktorgradsavhandling ved Universitetet i Bergen, Bergen.

- 2010: Albanuskirken på Selja i et forskningshistorisk perspektiv. I: Lien, Sigrid og Caroline Serck-Hanssen (red.): Talende bilder. Tekster om kunst og visuell kultur, 111-132. Scandinavian Academic Press, Oslo.

Óláfs saga Tryggvasonar en mesta, 1958. Published by Ó. Halldórsson. Vol I. København: Ejnar Munksgaard.

Ommundsen, Åslaug 2021: Legenda. I Hommedal, Alf Tore Åslaug Ommundsen og Alexander O’Hara (red.): St. Sunniva. Irsk dronning, norsk vernehelgen, 18-24. Alvheim & Eide. Akademisk forlag, Bergen.

Ommundsen, Åslaug og Alexander O’Hara 2021: På festen for den heilage jomfru og martyr Sunniva pg fylgjet hennar. ,I Hommedal, Alf Tore Åslaug Ommundsen og Alexander O’Hara (red.): St. Sunniva. Irsk dronning, norsk vernehelgen, 25-29. Alvheim & Eide. Akademisk forlag, Bergen.

Saga Ólafs Trygvasonar af Oddr Snorrason, 1932. Published by F. Jónsson. Gad, København.

Rindal, Magnus 1977: Soga om Olav Tryggvason etter Odd munk Snorresson. Oslo.

- 1997: Sunniva-tekstar frå Mellomalderen. Innleiing. I: Rondal, Magnus (red.): Selja – heilag stad i 1000 år, 265-269. Universitetsforlaget, Oslo.

Rindal, Magnus (red.) 1997: Selja – heilag stad i 1000 år. Universitetsforlaget, Oslo.

Steinsland, Gro 1997: Hulehelligdommen på Selja. På leting etter førkristne spor – en vandring i myter, makter og tegn. In: Rindal, Magnus, (red.): Selja – heilag stad i 1000 år, 11-33. Universitetsforlaget, Oslo.

Undset, Sigrid, 2006 [1929]: Sankta Sunniva og Seljemændene. I: Bliksrud, L (red): Sigrid Undset. Essays og artikler 1920-1929, 531-551. Aschehoug, Oslo.

Selja kloster og helgenanlegg sett frå sjøen