• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kommandoplassen var midtpunktet og hjernen til kystfortet, og som regel var det ein ekstra solid bunker slik vi ser i bakgrunnen midt på biletet. Frå denne bunkeren kunne tyskarane peile ut mål på sjøen, og sende ut ordrar til kanonane. På taket av bunkeren stod ein avstandsmålar som ein kunne måle avstanden til målet med for å få nøyaktige skytedata. Fotograf: Kjell-Ragnar Berge. Datering: 1985. Eigar: Kjell-Ragnar Berge.

I oktober 1941 starta tyskarane bygginga av kystfortet. Ordre om evakuering vart send til dei tre familiane som budde på Lammetun, og dei fekk fem dagar på seg til å flytte

Kommandoplass med fjellanlegg
Formålet med kystfortet var kanonar som kunne nå mål ute på Vilnesfjorden og Buefjorden, og sperre innløpet til Dalsfjorden og Askvoll. Heile området vest for Lammetunfjellet vart ein del av kystfortet, men kanonbatteriet vart plassert på den vestlegaste delen av Lammetun. På høgste punktet vart det støypt ein stor bunker i to etasjar som skulle tene som kommandoplass for batteriet. Her var observasjonsrom med kikkert og ordretelefon som kunne nyttast til å sende ut ordrar og skytedata til kanonane. Under bunkeren vart det sprengd ut eit fjellanlegg med plass til forlegning, samband og sanitet. Alle inngangar inn til anlegget vart sikra med solide panserdører, og inne var det luftrenseanlegg, omnar, vasstankar og høve til matlaging.

Kanonane
Hovedskytset til batteriet var fire franske 10,5 cm feltkanonar. Tre kanonar vart plasserte i stillingar nede på neset, medan den fjerde stod like ved kommandoplassbunkeren. Kanonane kunne skyte granater mot mål på opp til ein avstand av 16.000 meter. Kystfortet hadde også tre mindre kanonar, ein bombekastar, maskingevær og flammekastarar som nærforsvar i tilfelle eit direkte angrep mot fortet. To luftvernkanonar skulle verne fortet mot flyangrep, og to store lyskastarar kunne lyse langt utover sjøen i mørket.

Anleggsarbeid
Fleire mindre bunkerar vart bygde til dekning for soldatane, men bunkeren som romma hovedlageret for ammunisjon, var spesielt kraftig bygd. Den var bygd etter standard mål, og var det som på tysk heitte Regelbau 607. På enden av vegen ut til Lammetun står grunnmuren til den store kjøkkenbrakka som også vart nytta av soldatane til kantine og kinosal. Nede på neset, i fjellet under to kanonstillingar, vart ein tunnel sprengd ut, og der inne stod ei brakke som var forlegning for kanonmannskap. Det vart sett inn både tyske ingeniørtroppar, norske arbeidarar og russiske krigsfangar for å få kystfortet ferdig, likevel var der anleggsarbeid stort sett heilt fram til krigen var slutt.

Fakta om kystfortet på Lammetun:
Tysk namn på fortet: HKB 13./981 Lammetun
Mannskapsstyrke: 96 befal og menige soldatar
Hovedskyts:  4 franske 10,5 cm feltkanoner
Stridsklart:  Juni 1942

Rydding og nedlegging
Rundt heile kystfortet var det piggtrådsperringar, og seks minefelt med i alt 3066 landminer. I juli 1945 vart alle minefelt rydda, men så seint som i 1969 vart det likevel funne to miner. Kystfortet var aldri innblanda i større krigshendingar under krigen, men ved eit par høve vart det skote etter norske motortorpedobåtar som var på tokt inne i skipsleia.
I juni 1945 tok det norske Forsvaret over fortet, og ut på hausten 1945 vart det nedlagt.

 

Denne artikkelen er henta frå Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet i Vestland. 

Observasjonsrommet

Over utsiktsgluggane i observasjonsrommet til bunkeren var landskapet måla slik ein såg det ute, og med avstand og retning. På denne måten kunne ein raskt oppgi posisjonen til eit mål som vart observert. Her ser vi godt fjellet Alden både ute, og målt inne. Fotograf: Hans Berge. Datering: 1990. Eigar: Hans Berge.

Kanonstilling

Stilling for 10,5 cm kanon, med utsikt vestover Buefjorden. Det vart brukt franske feltkanoner som tyskarane hadde teke som krigsbytte i Frankrike i 1940. Same type kanonar stod på Risenes ved Sognefjorden. Fotograf: Kjell-Ragnar Berge. Datering: 1985. Eigar: Kjell-Ragnar Berge.

Ammunisjonsbunker

Bunkeren som var hovedlager for ammunisjon. I bakgrunnen stilling for ei luftvernkanon. Fotograf: Kjell-Ragnar Berge. Datering: 1985. Eigar: Kjell-Ragnar Berge.

Berge, Kjell-Ragnar: Fronten er kysten! Oversyn over tyske festningsverk i Sogn og Fjordane 1940-45. Hyllestad/Førde 1995.
Bundesarchiv-Militärarchiv i Freiburg, Tyskland: Arkivrestar etter tyske militære avdelingar i Norge 1940-45.
Fjørtoft, Jan Egil: Tyske kystfort i Norge Tromsdalen 1982.
Sogeskrift for Askvoll kommune. nr. 4 - 1992.