• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Vindròser for juni–august.
Sommarmonsunen – nordvestleg vind langs kysten og pålandsvind inn fjordar og opp dalar (markert med raude piler) – er framherskande om dagen i godvêr.

(Kåre Utaaker/Sverre Mo)

Vindròser for desember–februar.
Vintermonsunen – frålandsvind ned dalar og ut fjordar – som bøyer av mot høgre langs kysten (markert med blå piler) er framherskande i roleg, kaldt vêr.

I vindròsene (gjennomsnitt for desember–februar 1961–1975) fortel lengda på «klubbene» kor ofte det blæs frå ulike vindretningar i prosent. Breidda og fargane på klubbene gir vindstyrken. Florida i Bergen har t.d. sør-søraustvind i 35 % av tida. I 13 % av denne tida (svart del av klubba) blæs det flau/svak vind (0,3–3,3 m/s), i 18 % (grøn del) lett/laber bris (3,4-7,9 m/s) og i 4 % (raud del) frisk bris eller sterkare vind (over 8 m/s). Talet i sirkelen er vindstille 17 %, og gjennomsnittleg vindstyrke er 3,6 m/s.

(Kåre Utaaker/Sverre Mo)