• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Slaget på Fitjar, teikna av Erik Werenskiold

Slaget på Fitjar i Erik Werenskiolds strek, kongen med svart hatt over gullhjelmen (frå: Noregs kongesoger).

Framfor Fitjarkyrkja står ein minnestein, hoggen av Anne Grimdalen og reist i 1961 til tusenårsminnet for ei av dei mest dramatiske hendingane i Noregssoga - slaget på Fitjar. Her ein stad var det at Noregs konge, Håkon den gode, fekk banesår i striden mot Eirikssønene, truleg i året 961.

Håkon Adalsteinsfostre (Håkon den gode) var i veitsle på kongsgarden på Fitjar med hirda si og heldt gjestebod med bøndene då brorsønene hans, Eirikssønene, gjekk til åtak.

Snorre fortel at kongen sat ved dugurdsbordet, då det vart meldt at mange hærskip kom siglande frå sør. Kongen budde seg til strid og fylka hirda si og bøndene. Eirikssønene gjekk på land med sin hær, og det vart ein blodig strid med stort mannefall på båe sider.

Kongen vart såra i armen av ei pil. Han gjekk om bord på skipet sitt og ville nord til kongsgarden på Alrekstad, men då dei var komne til Håkonshella var kongen døyande av blodtapet. Dei bar han i land, og her anda han ut - på same staden der han vart fødd. Mennene hans tok liket til Seim i Nordhordland, og der vart han hauglagd.

Øyvind Skaldespillar, som var med i krinsen kring kongen, skildra slaget med stor dramatikk. I Håkonarmål fortel han om kongens fall, og korleis han vart motteken i Valhall.

  • Skulptur av Håkon Adalsteinsfostre

Skulpturen av Håkon Adalsteinsfostre er hoggen av Anne Grimdalen (Jan Rabben).

  • Vikingvåpen frå Fitjar: sverd, øks, spyd­spissar

Vikingvåpen

  • Kljåsteinar frå vikingtida

Kljåsteinar frå vikingtida

Kljåsteinar frå vikingtida. Tusen år gamle vevlodd, funne i ei kvinnegrav på garden Fitjar (foto: Svein Skare, eigar Universitetsmuseet i Bergen (B 4231)).

Kongsgarden

Snorre nemner Fitjar mellom dei storgardane der Harald Hårfagre ofte heldt seg på sine gamle dagar. Det er mogleg han fekk hand om garden etter slaget ved Hafrsfjord, då han la under seg godset åt motmennene sine. Den gamle Fitjar-slekta, som er nemnd både i Håvamål og i Landnåmabok, vart etter alt å dømma offer for ein slik lagnad.

 

Etter Harald var sonen, Håkon den gode, ofte på Fitjar. Garden vert sidan nemnd i samband med fleire av saga-kongane, m.a. Olav Haraldsson, som sette Aslak Fitjaskalle, banemannen til Erling Skjalgsson, til lendmann i Sunnhordland.

 

Mykje tyder på at kongsgarden har lege der gamletunet på Fitjar-garden var, på vollen like aust for kyrkja. Eit mogleg minne frå den tida kan vera ein gamal brunn som heilt fram til vår tid har funnest her og som vert kalla «Kongsbrunnen» eller «Håkonarbrunnen». Brunnen hadde plankebotn. Over denne var eit omfar flatøksa ospestokkar med rullesteinsforing på toppen. Fire trappestig førte ned til brunnen, som var i dagleg bruk og i gammal stand, like til Helserådet gav pålegg om betongkum.

  • Graham-Campbell, J. (1981) Vikingenes verden. Oslo, Tiden.
  • Hardeland, M. red. (1961) 1000-års minnet for Håkon den gode: 961-1961. Bergen, nemndene for Håkonarminnet i Fitjar og Seim.