• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Hiskholmen kring hundreårsskiftet

HANDELSSTADEN PÅ HISKHOLMEN

På vestsida av Bømlo ligg den privilegerte handelsstaden Hiskjo. Gjennom fleire hundre år har det budd byborgarar som handelsfolk på Hiskholmen, og i nærare 150 år, fram til 1850-åra, var det Olrich-slekta som åtte «Kremar-Hiskjo». På den andre sida av sundet låg «Bonde-Hiskjo»; ein yngre handelsstad. I 1880 tok landhandlar Jørgen Jørgensen over Hiskholmen og dreiv ei blømande handelsverksemd, med sildesalting og røykeri. I dag står få bygningar att. Den gamle hovudbygningen frå tidleg på 1700-talet er freda.

  • Hordalands solsikke

Hordalands solsikke

Sørvest for Bremnes ligg det gamle fiskeværet Hiskjo. Landskapet her er spesielt, med mykje berg i dagen og lite vegetasjon. På vegen ut er det med god grunn ein får assosiasjonar til høgfjellet. Mellom karrige knausar ligg det lynghei og grasbakkar. Eit gammalt kulturlandskap er halde betre i hevd her enn det som er vanleg. Derfor veks det meir solblom på Hiskjo enn nokon annan stad i fylket. Denne vakre planta minner ikkje så reint lite om solsikke. Solblom har gått sterkt tilbake i heile landet på grunn av attgroing og bruk av kunstgjødsel.