• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kongshaugen på Hop, Askøy

Namn som «Kongshaugen» eller «Kongsvarden» er gjerne knytte til uvanleg store og velforma gravminne. Askøy har ikkje mindre enn to slike haugar, ein på Ask og ein på Hop.

Kongshaugen på Ask vart omrota og mykje øydelagd alt i 1840-åra. Funn er ikkje kjende. Haugen ligg no som ein rest og måler 15 m i tverrmål.

Kongshaugen på Hop er 3 m høg, jamn og fin, med ein 22 m vid brem nedst. Over bremmen er tverrmålet 19 m. På flata på toppen bruka dei brenna jonsokbål før. Heller ikkje her er det kjent funn. Vi veit såleis svært lite om kongshaugane på Askøya, men det er truleg at dei er frå den seinare delen av jernalderen, mellom 500 og 1000 e. Kr. Kva «kongar» som måtte ha lege i dei, har soga gøymt.