• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kollevågen

FRÅ BOSSFYLLING TIL FRILUFTSOMRÅDE

Frå 1938 til 1975 vart det fylt store mengder boss i Kollevågen. Ein god del av bosset frå Bergen by hamna her. Fyllinga var opptil 20 meter høg, og mykje vart dumpa under vatn i vågen. Då fyllinga vart nedlagd, var tida komen for å realisera eit kommunestyrevedtak om å gjera staden til friluftsområde. I 1978 vart det lagt not og jord over fyllinga, og sidan sådd til. Det var svært vellukka, og i 1983 vart friluftsområdet opna.

Ei uvanleg bruksendring av ei bossfylling var det. Den einaste som kanskje ikkje var så glad for utviklinga, var hubroen som heldt til i nærleiken. Rottene, kråkene og måsane som hubroen henta frå fyllinga, var kanskje ikkje helsekost, men det var lettvint tilgang på mat året rundt. At hubro etablerer revir ved slike stader, er velkjent frå mange andre norske søppelfyllingar. Ei tildekking av ei gammal bossfylling – ingen veit heilt kva som løyner seg her – er inga enkel løysning. Bølgjene har i ettertid vaska fram att noko av bosset. Sedimenta på sjøbotnen inneheld òg miljøgifter, og lokalt er fisk og skjel ureina. Sjølv om området no blir nytta til bading, er det heilt klart trong for nye og kostbare tiltak for å betra tilhøva.

Det finst for høge verdiar av fleire miljøgifter i fjordsystema kring Bergen i dag. Det er derfor ikkje lov å omsetja enkelte fiskeslag som er fanga i dei mest utsette farvatna. Gamle miljøsynder ved tidlegare fyllingar i Bergensområdet er ei viktig årsak til dette. Nye undersøkingar ved Kollevågen har synt at giftstoffa ikkje spreier seg langt. Likevel er det viktig å utbetra tilhøva også her. I 2005 vart det gamle avfallsdeponiet på nytt tildekka og  det er no planar om å utbetre tildekkinga på nytt.  Bergen og Omland Friluftsråd, som driv friluftsområdet, reknar Kollevågen som eit av dei flottaste friluftsområda i regionen i dag.

  • Avfallsplassen i Kollevågen, 1971

Miljøgifter

Fleire av miljøgiftene som finst i gamle bossdeponi, er forbodne i Noreg i dag. Det dreiar seg mellom anna om PCB (forbode sidan 1980; PCB frå industrien skal i dag eksporterast for destruksjon) og DDT (sterkt avgrensa i bruk sidan 1969, all bruk i Noreg stansa frå 1985). Det kjem òg ein del PAH (polysykliske aromatiske hydrokarbon) frå gamle fyllingar. PAH er kreftframkallande og svært giftig. I PAH-påverka fjordsystem er det ofte restriksjonar på inntak av mellom anna skaldyr. Alle slike miljøgifter blir seint nedbrotne i naturen.