• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

«Parti af Stømsnæs ved Bergen»

«Parti af Stømsnæs ved Bergen». Joachim Christian Geelmuyden Gyldenkrantz Frich (1810–1858)

Garden Strømsnes var i kongen si eige frå seinmellomalderen; gjeven i forlening til vekslande embetsmenn. I 1627 selde kongen garden til futen Mauritz Bostede, som året etter også sikra seg Ask. Strømsnes var futegard fram til 1696, då «schoutbynacht» (admiral) Hendrich Jansson Greve overtok eigedomen. Greve, som var svigerson til handelsminister, kjøpmann og skipsreiar Jørgen Thormøhlen, bygde ein ny staseleg hovudbygning som sommarbustad. Då han døydde i 1707, gjekk Strømsnes over til ein tysk adelsmann. Til garden høyrde då kornmølle, koparmølle, brennevinsbrenneri, sjøhus og eit eksotisk hageanlegg, som etter tradisjonen vart anlagt av munkar i mellomalderen.

I 1758 vart garden kjøpt av futen i Nordhordland, Oluf Bildsøe, som fekk så hard medfart under Strilekrigen i 1765. Seinare overtok kjøpmann Giert von der Ohe Hagelsteen eigedommen i 1782-95 og i 1897 Troye-slekta, som framleis er eigarar. Hovudbygningen brann ned til grunnen i 1957.