• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Baroniet i Rosendal

Baroniet i Rosendal måla av Anders M. Askevold, 1862 (Olje på lerret. Foto: Pål Hoff, eigar: Baroniet i Rosendal)

LEN, GODS OG GODE GIFTARMÅL

"Adelen er ein gjeng med grove, nasevise kumpanar (fyrar). Dei kjem hit til landet, er store på det og seier at det korkje har vore kongar eller adel her før. Men der tek dei feil. Her har vore adel, både høg og låg. Det fortel historier, adelsbrev, adelsvåpen og skjold. Her har vore kongar, hertugar, grevar, baronar, riddarar, knaper (vepnarar), jomfruer, fruer og hustruer».

Det er Absalon Pedersøn Beyer som ordlegg seg om lag slik i 1567. Og han er både forarga og krenkt. Dei hadde likevel mykje rett, dei nasevise inntrengjarane Hr. Absalon må ha møtt i dei danna krinsane i Bergen. I europeisk tyding fanst det ingen adel i Noreg.

Eitt var at ordet ikkje kom i bruk før ut på 1500-talet, om det enn fanst ei samfunnsgruppe som kunne falla inn under omgrepet adel. For også i Noreg var det folk og ætter som frå gammalt av sat med privilegium i form av skattefridom, og som hadde kongen sitt spesielle vern.

Eit anna var at slike adelege særrettar var lite utvikla her i landet. Den norske adelen hadde aldri noko personleg militært maktapparat som på kontinentet, med festningar og pansra knektar. Heller ikkje hadde dei dømmande makt. Og godseigedomane, som skulle vera det grunnleggjande økonomiske fundamentet, var små og låg spreidde. Det var såkalla «strøgods». Gjerne var det tale om partseige, som vil seia at jordeigaren ikkje hadde direkte eigedomsrett, berre landskyldrett. Han åtte part i den avgifta, landskylda, ein bonde måtte betala jordeigaren for bruk av jorda.

Landskylda var opphavleg ein viss del av avlinga på ein gard. Sidan vart landskyld ein målestokk på verdien av ein jordeigedom. På våre kantar vart landskylda helst betalt i smør og huder, men ute ved havet også i fisk.

Talet på norske adelsslekter var lågt på Hr. Absalon si tid. Det var berre 50 av dei, mot så mange som 300 kring 1300. Svartedauden og krisa i seinmellomalderen hadde råka denne samfunnsgruppa særleg hardt, både i tal og i jordegods. Men adelen hadde elles ein tendens til «å døy ut», anten det var krise eller ikkje. Likevel kunne òg det motsette vera tilfellet, men med dei same konsekvensane. Det vart for mange arvingar, og godset vart stykkja opp. Adelsættene seig ned i bondestanden. Det er bakgrunnen for at mange hordalendingar i dag kan føra slektene attende til den gamle adelen.

Den nye tida

Absalon Pedersøn Beyer, som skreiv verket Om Norgis Rige i 1567, og som nytta så krasse ord om adelen, levde i skjeringspunktet mellom ei gammal og ei ny tid. Etter at folketalet i Noreg hadde stått stille i fleire hundre år, hadde det i hans levetid auka mykje. Denne utviklinga skaut fart utetter 1600-talet. Det var blømande framgangstider, med stigande produksjon av jordbruksvarer. Særleg medgang hadde næringar som fiske og skogbruk. Også handelen fekk stort oppsving, både innanlands og med utlandet.

Den lutherske læra var innført i tvillingrika i 1536. Dette verka også inn på kyrkja som godseigar. Kyrkja hadde i mellomalderen vore den største godseigaren i Noreg, med nærare 40 % av all jordeigedom. Adelen sto til samanlikning for berre oppunder 20 % på det meste, og dette vart sterkt redusert gjennom seinmellomalderen.

Kyrkjegodset i mellomalderen var fordelt på ulike institusjonar som biskop, domkapittel, kloster, kyrkje og prest. Med reformasjonen vart alt lagt under krona. Det vart altså kongen sin eigedom. Men det lokale kyrkjegodset heldt fram med å vera ein del av inntektene for prest og kyrkje, likeins domkapitla sine eigedomar. Fram til dei store krongodssala midt på 1600-talet låg over halvparten av all jordeigedom i Noreg under krona.

Dette er bakgrunnen for den store innvandringa av framand adel til Noreg på 15- og 1600-talet. Kongen hadde store eigedomar å gje i forvalting, len, mot gode innkomer for «lensherren», som gjerne var ein utanlandsk adelsmann. Det kunne vera store forvaltingsdistrikt som Bergenhus len, med slott, eller det var større godslen, som Halsnøy kloster. Men len kunne òg vera enkeltståande gardar som krona åtte frå gammalt av. Elles gav jobbetida kring 1600, særleg i sagbruksdrifta, gode utvegar for den som var heldig.

Mange av dei nye, unge mennene i norske adelsmiljø var eventyrarar som vel kunne ha eit godt namn, men som økonomisk ikkje hadde mykje å fara med. Dei var på jakt etter len, gods og eit godt giftarmål. Dei fleste kom frå Sverige og Danmark, men etter kvart også frå Tyskland. Men for mange var det berre snakk om kortvarige opphald.

Sunnhordland – eit kjerneområde for adelen på Vestlandet

Eit kjerneområde for det ein kunne kalla den gamle vestnorske adelen, var indre Sunnhordland. Her var fleire ætter med lange tradisjonar bakover: Galtung, Rustung, Slee, Dall, Haard og Orm. Adelsættene i Nordhordland og i Bergen på 15- og 1600-talet var derimot for ein stor del innvandra folk. Det var slekta Bildt frå Båhuslen, og det var Lunge, Juel og Rosenkrantz, alle med dansk opphav.

Få stader låg setegardane tettare enn i Sunnhordland, og då særleg kring munningen av Hardangerfjorden, i Kvinnherad og i Tysnes. Setegard var nemninga på bustaden for ein adeleg familie, ein bustad som hadde visse privilegium, til dømes skattefridom. Det er registrert 39 slike gardar i Hordaland på 15- og 1600-talet. Då er storgardane som krona åtte frå gammalt av, ikkje tekne med. Det var gardar kongen gjerne gav i skattefri forlening til folk som hadde gjort han tenester.

Av dei 39 setegardane låg 23 i Sunnhordland. Og når det gjeld gardane i den nordre delen av fylket, var fleire av dei i eiga til Aksel Mowat som heldt til på Hovland i Tysnes. Også Ask på Askøy kom i hendene på Mowat’ane.

Kva var så bakgrunnen for dei mange setegardane i Sunnhordland? Vi tenkjer gjerne på adelsmenn som godseigarar på herregardar med stor produksjon, mange arbeidsfolk og driftsmåtar som låg over det vanlege. Slik var det ikkje her. Hordalandsadelen var godseigarar berre i den forstand at dei åtte mange gardar. Men desse var brukte av bønder mot den faste årlege avgifta, landskylda. Nokre av setegardane merkte seg ut med høg skyld, stor buskap og gode kornavlingar. Men ikkje alle. Etne var det einaste området i Sunnhordland som i gode år kunne selja korn. Men i dette prestegjeldet var det berre ein gard som i si tid kan ha hatt adelege husfolk, den gamle kongsgarden Stødle, Erling Skakkes gard.

Ser vi på dei adelege setegardane i Tysnes, der konsentrasjonen var tettast, var dei for det meste gode skogsgardar. Adelen i Sunnhordland på 15- og 1600-talet var då òg først og fremst skogeigarar og trelasthandlarar. Olav Kolltveit skriv om Laurits Johannesson Galtung til Torsnes (1587-1659) at han dreiv det største sagbruket i Hardanger og Sunnhordland på Torsnes, og han sparte ikkje andre skogar enn Torsnesskogen. Bernt Orning til Vatna (f.o. 1614) dreiv sagbruk på Orninggård og i Sagvågen på Stord.

I Sunnhordland var det store vidder med god og lettbrukt skog, særleg i Kvinnherad og på Tysnes. I Nordhordland var skogen glisnare, og det som voks lenger inne i landet, som i Vossebygdene, var vanskelegare å skipa ut. Men adelen var òg sysselsett i handelen med sild og fisk. Det viser kongebrev frå byrjinga av 1580-talet. I denne tida fortel kjeldene om den første kjende vårsildperioden på Vestlandet. Og det opna seg nye marknader for silda. Setegardane i Hordaland var sjøgardar, og ressursane i fiske og sjøbruk var særs gode. Ved sida av landskyldinnkomene av jordegods var såleis skogbruk, trelasthandel, sagbruksdrift og sildehandel det økonomiske grunnlaget for adelen i Sunnhordland på 15- og 1600-talet.

Sunnhordlandsadelen i krise

Men etter ei blømande framgangstid, kom krisa på 1620-talet. Dei adelege næringane var konjunkturavhengige. Eit uttynna ressursgrunnlag tykkjest likevel ha vore den viktigaste årsaka til den økonomiske krisa som gjorde seg gjeldande for både adel og andre. Skogane vart meir og meir uthogne. Jobbetida var over.

Men nedgangstidene hadde òg sin bakgrunn i det aukande skattepresset. Skattebøra på dei norske bøndene vart mangedobla frå 1626 og frametter mot 1660-talet, som resultat av dei mange krigene Danmark-Noreg var innblanda i desse tiåra. Det gjorde bøndene meir sårbare og innkomene til adelen meir uvisse. Adelen vart hardt råka av den såkalla rosstenesteskatten, som første gong vart kravd inn i 1625. Det var ein pengeskatt i staden for den plikta jordeigaren hadde til å rusta ut ein ryttar til krigsteneste. Så fekk sagbrukseigarane ei stendig tyngre skattebør, som førte til at flaumsagene vart nedlagde i aukande omfang.

Dei gamle, sunnhordlandske adelsslektene fekk eit banehogg på denne tida. Store eigedomar kom i pant og arbeidet den norske adelen gjorde for å få fleire setegardar godkjende, hadde liten framgang. Setegardane fekk dei halda skattefrie, og i ein kortare periode var det jamvel skattefridom for det tilliggjande vekedagsgodset. Vekedagsgods var dei næraste grannegardane til ein setegard, der bøndene hadde arbeidsplikt i eit visst omfang. I Sunnhordland var dette systemet lite utvikla.

Dei forgjelda sunnhordlandske adelsmennene greidde likevel ikkje løysa inn att jordegodset som hadde følgt ættene frå gammalt av. Arbeidet med å få til skattefridom for setegardar og vekedagsgods vart møtt med mottrekk av kongen. I eit ope brev i 1639 heitte det såleis at ingen gard kunne haldast for setegard utan at adelen heldt «duk og disk» der. Dessutan skulle gardane i 40 år ha vore haldne «med Rette for frie adelige Sædegaarde». Dei skulle heller ikkje noko tid ha vore i hendene på «ufrie» – ikkje adelege folk, korkje i pant eller eigedom. I 1646 fekk lensherrane påbod om at dei måtte halda flittig oppsyn med at «ingen Herregaarde passerer for Sædegaard». Her skulle ingen lura seg unna skatteplikta.

Axel Mowat – og Rosendal friherrskap

I denne situasjonen var det nok ei mager trøyst at det var ein av deira eigne som fekk hand om det meste godset, tysnesingen Axel Mowat. Axel Mowat var son av den skotske adelsmannen Anders (Andrew) Mowat, som innvandra til riket på slutten av 1580-talet. Han gifte seg med adelskvinna Else Tronds til Gjersvik i Tysnes, dotter av Kristoffer Rustung og enkja etter Jon Haard. Anders Mowat hadde livnært seg som ombodsmann for eit større adelsgods på Shetland, men hadde vel òg skaffa seg noko jordegods sjølv. Det var gjennom giftarmålet med Else Tronds at han skaffa seg eigedomar i eit større omfang. Det var gods som hadde vore i hendene på adelsættene Kruckow, Haard og Rustung. Else og Anders Mowat kjøpte opp to gardar på Tysnes i byrjinga av 1600-talet, Hovland og Sande. Her oppretta dei i 1606 den adelege setegarden Hovland.

Men det var son deira, Axel Mowat «til Hovland», som var den store godssamlaren, først ved giftarmål med Karen Bildt, sidan som «bank» for standsbrørne i Hordaland (t.d. Dall og Orning). Gjennom to generasjonar fekk Mowat-ane hand om det meste av det gamle adelsgodset i Sunnhordland, men òg ein del i Nordhordland. Med dette følgde mange av dei gamle setegardane: Hatteberg, Mel, Seim og Enes (Kvinnherad), Hovland, Onarheim, Gjersvik, Håland og Malkenes (Tysnes), Akselvold eller Fonnes, (Austrheim) og Hodne (Lindås), Ask (Askøy) og andre. Godset til Aksel Mowat kom opp i over 350 laupar smør, eller kring 1/17-part av all jordeigedom i Hordaland. I Tysnes åtte han 1/3-part av landskylda i prestegjeldet.

Godset til Axel Mowat var grunnlaget for den store jordeigedomen som seinare kom til å liggja under baroniet i Rosendal. Men etter samlaren kom øydaren. Dansken Ludvig Rosenkrantz vart gift med einearvingen til Axel Mowat og Karen Bildt, dottera Karen. Med henne overtok han eit av dei største jordegods i tvillingrika. Mykje av det greidde han setja over styr. Men han fekk bygd opp «friherrskapet» Rosendal, med ei borg i stein, før ætta døydde ut. Borgbygginga var nok den viktigaste grunnen til den dårlege økonomien.

Strategien til Ludvig Rosenkrantz hadde elles i første omgang vore å få halda skattefrie flest mogleg av dei gamle setegardane han hadde arva med Karen Mowat. For trass i forordningane om at adelen skulle bu på setegardane, var det nok av døme på at dette berre var ein formalitet. Men det gjekk ikkje lang tid før Ludvig Rosenkrantz vart stemna for skattesvindel. Fiskalen, den kongelege embetsmannen som stod for stemninga, ordla seg slik at han meinte at mykje av godset til Ludvig Rosenkrantz «iche alt saa loulig (lovlig) att være friholden som det sig bør». Enden vart at dei fleste gardane (frå 1666-67) vart rekna for «bønder gaarde» med skatteplikt.

Neste trekk til Ludvig Rosenkrantz var då å få oppretta eit «friherrskap», ei adeleg godssamling med eigen sivil administrasjon og med birkerett (domsrett). Dette var i tråd med ønsket til einevaldskongen om å byggja opp ein ny lensadel, for å svekkja den gamle arveadelen. Lensbrevet på friherrskapet Rosendal vart skrive i 1678. Rosendal vart som ein sjølvstendig provins i landet. Men norsk lov stod ved lag. Såleis sat leiglendingane på baroniet like trygt som andre stader, m.a. med livstidsfeste.

Halsnøy og Lyse klostergods

Forutan friherrskapet Rosendal var det to andre store jordegodssamlingar i Hordaland på slutten av 1600-talet med eigen administrasjon og birk (domsrett). Det var Lyse og Halsnøy klostergods, som under reformasjonen hadde vorte tillagde kongen og som han i sin tur «forlente» vekk, oftast til utanlandske adelsmenn. Halsnøy kloster miste birkeretten i 1673 då godset vart lagt under sorenskrivaren i Sunnhordland. Lyseklostergodset var rettsleg administrert av sorenskrivaren i Hardanger og Voss.

Lyse klostergods (det meste i Os) var på 318 laupar smør, eller om lag 1/19-part av landskylda i Hordaland. Halsnøy kloster var eitt av dei største klostergodsa i Noreg, med kring 730 laupar smør. Men ein del av dette låg i noverande Rogaland fylke.

Stiftsskrivar Nils Hansson Smit fekk eigedomsskøyte på Lyseklostergodset udelt i 1670. Halsnøy klostergods vart seld ut bruk for bruk på 1750-talet, med førstekjøpsrett til leiglendingane. Dei to klostergodsa var likevel enno ei tid særskilde sivile administrative einingar; Lysekloster til langt ut på 1800-talet. Formannsætta selde til leiglendingane først i andre halvpart av 1800-talet. Først i 1930-åra vart Rosendalbøndene sjølveigarar.

Om dei gamle adelege setegardane ikkje merkte seg spesielt ut i høve til dei vanlege bondegardane, var hovudgardane på baroniet i Rosendal og på Lyse og Halsnøy kloster for storgardar å rekna. Dei var òg noko for seg sjølve i vanlege folks medvit. Rosendal hadde borga; klostergardane hadde «gamle Mure og Bygninger, der dog nu er gandske forfaldne og ruinerede», som det heitte om Halsnøy i 1714. Her stod det lenge ei gammal steinstove som del av hovudbygningen, eit minne frå klostertida. Heilt fram mot vår tid var desse gardane mønsterbruk i innføringa av nye metodar i gardsdrift og skogbruk.

Adeleg liv og levemåte

Ludvig Rosenkrantz var den einaste adelsmannen i Hordaland av det ein kunne kalla eit europeisk format. Borga han let byggja på Hatteberg var det viktigaste symbolet på det. Så var han òg «lensherre». Han stod direkte under kongen og var ubunden av embetsverket.

Den gamle adelen i Sunnhordland må på mange måtar seiast å ha vore «provinsiell». Dei budde i tømra hus, om desse nok var større enn bondestovene. Noko liv i luksus, oppvarta av tenarar, førte dei heller ikkje. Børge Juel til Lungegård og kona Blanseflor Bildt hadde i 1645 berre kvar sin personlege tenar, han ein dreng, ho ei «pige». Så hadde dei kokkepige og budeie. Tre drenger og tre husmenn – «med deris quinder» – dreiv hovudgarden. På ladegarden Årstad var det ein paktar og to arbeidsdrenger.

Adelsborna fekk ei bokleg utdanning som låg over det vanlege. Men det stod ikkje betre til enn at kongen i 1624 – i eit brev til lensherren på Bergenhus – bad han syta for at «adelsbørn» vart sende til det kongelege akademiet i Sorø, om dei hadde foreldre som hadde god nok økonomi til å spandera opphaldet på dei.

Adelsættene møter lagnaden

Axel Mowat fekk hand om det meste av det gamle adelsgodset i Sunnhordland. Det var likevel ei av ættene som greidde seg gjennom krisa på 1630- og 40-talet, nemlig Galtung til Torsnes i Hardanger. Laurits Galtung måtte røma landet etter han hadde drepe frenden Axel Mowat den yngre i 1643 i ein pistolduell. Seinare vart han teken til nåde att, og i 1648 fekk han fornya adelsbrevet sitt.

Men også Galtungætta møtte lagnaden sin. Det var såpass trivielt som at Johan L. Galtung (1658-1721) «udi sin svaghed, og da han ingen anden udflugt fandt, egtede Margrete Leganger, en prestedatter, som blev min moder». Det er sonen Lars som skriv desse underfundige orda. Gjennom ekteskap med ei ikkje-adeleg kvinne hadde adelsskapet gått tapt.

Den siste friherren til Rosendal, Axel Rosenkrantz, måtte òg nøya seg med ei prestedotter. Adelsættene skrumpa meir og meir inn. Dei utanlandske kontaktane hadde vorte færre, eit likeverdig gifte var ikkje å finna. Og litt etter litt vart dei gamle adelsslektene heilt borte frå den historiske scenen.

Axel Mowat

Axel Mowat. Måleri frå Rosenholm slott, Danmark (eigar: Det Nationalhistoriske Museum på Fredriksborg).

Karen Bildt

Karen Bildt. Måleri frå Rosenholm slott, Danmark (eigar: Det Nationalhistoriske Museum på Fredriksborg).

Bergenhus hovudlen kring midten av 1600-talet

Bergenhus hovudlen kring midten av 1600-talet, med nokre av dei omtalde setegardar og kloster innteikna. Lenet strekte seg frå Sunnhordland til Romsdal.

Hovland i Tysnes

Hovland i Tysnes. Her oppretta Axel Mowat sin adelege setegard i 1606. I bakgrunnen ser vi Kvinnheradfjella. Der inne låg garden Hatteberg der Mowat sin svigerson, Ludwig Rosenkrantz fekk bygt opp «friherrskapet» Rosendal (foto: Svein Nord).

J.C. Dahl: Fra Lysekloster

J.C. Dahl: Fra Lysekloster, 1827 (Olje på lerret, 124 x 174. Foto: Fotograf Henriksen AS/Thor Westrebø, eigar: Bergen Billedgalleri (BB 418)).

Våpen i bannerform

Våpen i bannerform basert på våpenseglet som Anders Mowat til Hugoland (Shetland) nytta ved kongehyllinga i 1591 (akvarell: D. E. Ivall, i privat eige).

Damsgård Hovedgård

Damsgård Hovedgård. Fredrik II gav garden i skattefri forlening til den bergenske rådmannen Tønnes Klausson, som hadde rusta ut eit skip til kongen under sjuårskrigen (1563–70). Idag er anlegget, med hovudbygning frå 1770–1800, ein del av Vestlandske kunstindustrimusèum, som høyrer inn under Bergen Bymuseum (foto: Svein Nord).

Våpen for Kristoffer Trondsson Rustung

Våpen for Kristoffer Trondsson Rustung. Våpenet er og brukt med blått på begge sider av den tagga skråbjelken (akvarell: D. E. Ivall, foto: Ann Steindal, i privat eige).

  • Bakkevig, E. (1941-1943) Sunnhordland-slekter.
  • Holmsen, A. (1980) Gård og gods i Norge i eldre tid. Oslo, Universitetsforlaget.
  • Reksten, E. (1985) Krongods og kongsmenn: jordsalg og sosial endring på Vestlandet 1650-1700. Oslo, Novus.
  • Den Nordiske adel i senmiddelalderen: struktur, funktioner og internordiske relationer: rapporter til det Nordiske historikermøde i København 1971, 9.-12. august (1971). København.