• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Frå Helland mot dalenden med Skrikjo

Frå Helland mot dalenden med Skrikjo. Gardane midt på biletet ligg på flaummassar. (Svein Nord)

FRUKTDYRKING PÅ FLAUMSKREDMASSAR

Gamlevegen gjennom Opedal og Helland i Lofthus gir ei vakker innføring i fruktriket, både i blømingstida og i innhaustingstida. Inst i den breforma dalen kastar fossen Skrikjo seg utfor frå nesten 1000 meters høgd. Breen skapte ikkje berre brattlende for imponerande fossefall; for bøndene er lausmassane på den store elvevifta frå brua inst i dalen og heilt ned mot sjøen viktigare.

Det må ha vore ein imponerande bre som kom ned frå vidda og utfor den bratte dalenden for 11000 år sidan. Breen skuva saman ein enorm sidemorene, størst på nordsida, der bustadfeltet Legene no ligg. Blokker så store som hus vart strødde ut på eit delta som breelva hadde avsett i fjorden, som då stod 100 meter høgare enn i dag. Før breen forsvann heilt, gjorde han endå ein framstøyt. Det siste krafttaket avsette morenerygger både ovanfor barnehagen og på andre sida av dalen. Bak denne «demninga» vart det danna ei større elveslette, Tveitane, ved 140–165 meters høgd.

Slik gjorde breen grovarbeidet og fekk massane på plass. Etter at breen forsvann, byrja landet å stiga. Då tok elveprosessar over med flaumskred som omlagra jorda.

Dei store steinane på overflata gjorde at elva ikkje greidde å skjera seg særleg mykje ned i terrenget. Under flaumperiodar skifta ho løp fleire gonger, og fordelte materialet utover den breie elvevifta. Etter ei tid skar elva seg likevel litt ned i denne vifta. Dermed greidde ho å leggja opp ei lågare vifte, med rotpunkt om lag der riksvegen kryssar elva ved Gjesteheimen.

  • Kart over lausmassane i Opedal.

Kart over lausmassane i Opedal. 

  • Frå Lofthus i Sørfjorden

Frå Lofthus i Sørfjorden. Teikning av Johan Fredrik Eckersberg (1822–1870).