• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Herandsholmen

Herandsholmen tidleg på 1900-talet (Anders P. Wallevik, eigar: Hardanger Folkemuseum (HFU-WA 1658)).

I 1754 rådde futen Andreas Heiberg til at det vart oppretta ein gjestgjevarstad på Herandsholmen, ettersom det ikkje var nokon overnattingsstad for dei reisande mellom Utne og Gjermundshamn; ein strekning på over 7 mil. Den 7. august 1754 gav stiftamtmann Cicignon bevillingsbrev til Carl Cammerou som gjestgjevar på Herandsholmen. Han skulle føra opp «fornødne Huse» og halda hus og mat for reisande.