• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Lensmannsgarden i Vik

Den gamle lensmannsgarden i Vik midt i biletet (foto: ukjend, eigar: Johan Ottesen - Fotoarkivet).

Garden Vik i Jondal må ha vore ein av dei tidleg busette gardane i Jondal; ein god og grøderik gard aust for elva. Gamle segner vil vita at det har budd mektige menn i Vik, og vi kan gjerne tenkja oss at garden ei tid kan ha vore eit hovdingsete.

Eit brev frå Jondal, dagsett 3. mai 1459, stadfester at Sigurd Magnusson sel til frenden sin, Magnus Jonsson, «half femta mamatabol jord i Wiik som liggr i Jonadal nordar firir aaen».

Om «kaksen i Vik» høyrer soga eller segna til, er vanskeleg å avgjera i dag. Det vi veit, er at Johannes Lauritsson Vik (1620-1704), som var lensmann i Jondal 1668-85, overtok garden i ung alder og vart ein velhalden mann. Han kjøpte det meste av Munkelivgodset i Jondal og delar av Galtunggodset. Kring 1700 var han også vorten eigar av Sålesnes. Gjennom mange generasjonar har det vore lensmenn i Viketunet, og denne garden gjev oss eit nærbilete av bondelensmannens stand og stilling, som futen sin forlengde arm i lokalsamfunnet. Delar av det velbygde stovehuset skriv seg truleg frå slutten av 1700-talet, med dørfyllingar og listverk i barokkstil; seinare er huset blitt litt ombygt midt på 1800-talet. Stabburet er truleg også frå 1700-talet, medan eldhuset, som openbert har vore ei røykstove, etter tradisjonen skal vera frå 1600-talet. Kanskje er dette det eldste stovehuset på garden.