• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Anatas

KVARTS OG ANATAS

Hardangervidda er kjend for å ha uvanleg mange og rike førekomstar av bergkrystall. På nokre av desse krystallane har det vakse eit anna metallfarga mineral, kalla anatas (titandioksid). Denne sjeldne kombinasjonen er etterspurd blant mineralsamlarar frå store delar av verda. Den største førekomsten er å finna ved Matskorhæ. Lokaliteten er for lengst freda. Flotte prøvar er utstilte både på Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum i Tyssedal, Naturhistorisk Museum i Bergen (fotoet) og på Geologisk Museum i Oslo.