• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Fjellgarden Øyna i Reinsnos

Fjellgarden Øyna i Reinsnos (Svein Nord).

Fjellgrenda Reinsnos ligg nærare 700 moh. inst ved Reinsnosvatnet; ein innfallsport til Hardangervidda.

Garden høyrde under Halsnøy kloster og vart nemnd som «ødejord» tidleg på 1600-talet. Livet var hardt her oppe under høgfjellet, men her er gode fiskevatn og fine fjellbeite. Opp mot fjellet Reinsnosa ligg «Nosastølen»; eit heilt stølstun i stein. Ein av dei gamle ferdslevegane austover, «Kongsbergvegen», går framom Reinsnos.

Ein annan ferdsleveg, som truleg går attende til mellomalderen, går frå Odda og vidare innover på vestsida av Sandvinvatnet. Eit spor etter mellomalderens tjodveg, ålmannavegen, frå Hardanger til Røldal, finn vi i Tjodaminnet, eit trongt pass ved Seljestadstølane.

  • Slått ved Ljosavatnet

Slått ved Ljosavatnet kring 1960 (Åsne Digranes).

  • Kolltveit, O. (1965) Utposten Reinsnos. I: Hardanger. [Utne], Hardanger historielag, s. 383-391.