• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Vekselbjelke

Vekselbjelke (frå N.Nicolaysen «Kunst og Haandverk fra Norges Fortid» 1887-1891.)

LJORESTOVA FRÅ LANDSVIK

På garden Landsvik, nordaust på Holsnøy, malte arkitekt Chr. Christie opp ei gammal røykstove i 1860. Både den store ljoren med den dekorerte vekselbjelken (over) og den fint forseggjorde døra, med halvsøyler og bogeslag, vitnar om ein velstandsgard. Stova er borte i dag. Truleg var ho fra seinmellomalderen, bygningshistorisk i slekt med stovene på Aga, Huse og Arnatveit.