• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Ulvikapollen

STRANDENG

Då det frodige strandområdet inst i Ulvikapollen vart freda, var fuglelivet avgjerande. Like imponerande er planterikdommen. I Hordaland er slike strandenger få og små – og dei er helst å finna i kyststrøka.

Ei strandeng er ei slak strand med engvegetasjon på lausmassar. Om dei frå naturens side alt er små, har desse særmerkte økosystema mange stader vorte endå mindre eller totalt slukte av jordbruk eller utbygging. I fjordane er dei som er att, oftast å finna i brakkvassområde på delta.

I Ulvikapollen blir den ytre sona av vegetasjonen overfløymd av tidvatnet. Her veks fleire vanlege strandplanter, som saltsiv, fjøresivaks og strandkryp. På den finkorna botnen er det mengder av den sjeldsynte arten liten vasskrans. Andre uvanlege planter er pollsivaks og to artar havgras. I tidvassona er det frodig sumpvegetasjon, med mellom anna sverdlilje, fredlaus og mjødurt.

Dei fleste fuglane bryr seg ikkje stort om dei sjeldne plantene, bortsett frå at ender og gjæser gjerne beiter på havgraset. Ulvikapollen er ein god hekkeplass for vadefuglar som vipe, raudstilk og enkeltbekkasin. Også eit tjeldpar eller to hekkar på strandenga. Silanda hekkar lenger ute i fjorden, men kjem til pollen med ungane. Området produserer rikeleg med insekt, som ofte lokkar svermar av svaler og tårnsiglarar til næringssanking over vassyta. Tårnsiglarane er truleg langvegsfarande – næraste kjende hekkestad er på Vossavangen.

Det er i trekktidene flest fuglar vitjar Ulvikapollen. Mange ender finn rasteplass her, og periodevis sleng det òg innom ein flokk kanadagås, som fartar omkring i fjordane i Indre Hardanger. Dei grunne strendene er gode fiskeplassar for gråhegren. Aller mest talrik her er fiskemåsen. Måsar frå fjern og nær samlast gjerne i Ulvikapollen med von om ein velsmakande middag.

Ved planteskulen søraust for Ulvik sentrum er det bygt ei lita bu med fri tilgang for publikum. I bua vil du finna informasjon om reservatet, samstundes som du står tett innpå somme av fuglane. Er du heldig, får du kanskje auga på ein sjeldan art. Ulvikapollen er nemleg ein av dei stadene i Indre Hardanger der sjeldne fuglar oftast dukkar opp.

  • Nøttekråke

Nøttekråke

Nøttekråka finst berre i fem hovudområde i Sør-Noreg. Eit av dei femner om nokre av dalføra i Indre Hardanger og Voss. Liene kring Ulvikafjorden er ein av dei sikraste stadene å sjå denne sjeldsynte fuglen.

 

Nøttekråka byggjer reir i tette granfelt, og på vårparten et ho ein god del frø frå bartrea. Men det er hasselnøtter som er hovudføda, og dei sankar ho i store mengder og lagrar på gøymestader på bakken. Mange fuglar har problem med å finna att slike deponi, men nøttekråka finn oftast fram, sjølv under tjukke snølag. Ho er lettast å få auga på om hausten, når fuglane flyg hektisk til og frå for å sikra vinterforrådet. Då må dei stundom dra 15–20 kilometer for å finna nok nøtter. Arten blir ikkje talrik i dei bratte liene i Hardanger – til det krevst for store revir.

 

Nøttekråka held seg stort sett på same staden, og det skal vera verkeleg smalhans før ho legg ut på vandring. Somme år, som i 1968 og 1995, vart likevel Vestlandet invadert av nøttekråker. Dette er sibirske fuglar, som elles lever av frø frå sembrafuru. Det er når frøsetjinga på denne furua har svikta, at nøttekråka fer så vide.

  • Håland, A.; Chapman, E. 1998. Ornitologisk status for 4 naturreservater i Voss/Hardanger-regionen. Vurderinger av trusler, skjøtselsbehov og tiltak for informasjonsformidling. NNI-rapport 19.
  • Lundberg, A. 1992. Havstrand i Hordaland. Regionale trekk og verneverdiar. DN-rapport 1992–2.
  • Råd, O.; Bergo, G. 1977. Forekomst av nøttekråke på Vestlandet. Sterna 16:225–230.