• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Amatørgeolog Torgeir Garmo i arbeid med å ta ut krystallar i berget. (Karl E. Dalen)

Amatørgeolog Torgeir Garmo i arbeid med å ta ut krystallar i berget. (Karl E. Dalen)

SKATTAR I BERGET

Vegskjeringar og utsprengde tomter er gjerne til glede for steinsamlarane, om naturinngrepa er aldri så skjemmande. Slike stader er dei beste til å leita etter krystallar, som elles er tærte bort av vêr og vind. I Ågotnesområdet er det særleg mange vakre krystallar å finna.

Amatørgeologar har lenge vist interesse for sprengingsarbeid i denne delen av Fjell kommune. Her har friske brot i fjellet langs sprekkar og forkastingar vist seg fleire stader å ha opne holrom eller spalter som er delvis fylte med krystallar. Førekomstane vart kjende i samband med sprengingsarbeidet på den nye vegen frå Bergen mot Øygarden og ved opparbeidinga av industriområdet ved Ågotnes.

Minerala voks fram då varme gassar og væsker sirkulerte i sprekkane og forkastingane for meir enn 160 millionar år sidan, lenge før fjellet kom opp til overflata. Overoppheta vatn kan løysa opp mineral éin stad i jordskorpa, og fella dei langsamt ut som nydelege krystallar i holrom ein annan stad. Dette kan skje eit stykke nede i jordskorpa, der vatnet er varmt nok til at det effektivt kan løysa opp og transportera minerala, men ikkje djupare enn at opne holrom kan eksistera.

Det er funne flotte krystallar, blant anna av kvit feltspat, klår bergkrystall, lilla ametyst, grøn epidot, kloritt og gul svovelkis (pyritt). Spesielt typisk for området er likevel flusspatkrystallane, med sin djupt lilla og stundom grønlege farge. Dei finaste eksemplara er for lengst henta av mineralsamlarar, men nye sprengingar vil kunna avdekkja fleire førekomstar. Hugs å spørja grunneigaren dersom du ynskjer å ta laus prøver. Museet i Bergen har utstilt ein del fine prøver frå Ågotnesområdet.

  • Ametyst
  • Flusspat
  • Bergkrystallar

Krystallar

Bergartar er bygde opp av mineral. Vanlegvis er det ikkje krystallflater på minerala. Krystallflater blir danna når eit mineral får veksa fritt, utan hindring frå omkringliggjande berg. Då framstår former som i vanleg tale blir kalla krystall. Ulike mineraltypar dannar eigne karakteristiske krystallformer.

 

Ametyst (øvst), flusspat (i midten) og bergkrystallar (nedst), alle frå Ågotnes. Prøvene er utstilte på Bergen Museum, De naturhistoriske Samlinger. (Svein Skare)

  • Steinbrotet ved Ågotnes

Steinbrotet ved Ågotnes

I 1923 byrja Bergen Havnevesen å bryta kaistein i Tranevågen nord for Ågotnes. Dei fleste av dei 15–20 mennene som arbeidde der, var havnevesenet sine eigne folk. Drifta gjekk på heilårsbasis til ut i 1930- åra, og store mengder stein vart frakta til kaianlegg i Bergen.