• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Holdhus kyrkje, Fusa

Holdhus kyrkje (Svein Nord).

Gamlekyrkja på Holdhus er ei av dei eldste tømmerkyrkjene som er att på Vestlandet. Den nye kyrkja på Eide, bygd i 1890, avløyste kyrkjestaden frå mellomalderen. Slik den vesle tjørebreidde kyrkja ligg i dag, i det småkuperte bakkelandskapet på Holdhus, vart ho overteken av Fortidsminneforeningen, som fekk skøyte på eigedomen i 1900 frå Hans Holdhus.

Holdhus kyrkje vert omtala i Bergens Kalvskinn kring 1350, men ho er nemnd første gong i eit kyrkjeinventar frå 1306, som reknar opp «goz ok skrud kirkiunnar j Halande j Rossadale». Dette var ei stavkyrkje. Kring 1600 vart koret erstatta av eit tømra kor. Samstundes vart det bygt til eit vesttårn. I 1720-åra vart stavkyrkjeskipet rive, og det vart bygt eit nytt, tømra skip, slik at tårnfoten vart ståande inne i skipet. Her ser vi at dei har nytta materialar frå stavkyrkja. I 1703 opplyser rekneskapane at det vart sett opp «Pulpetur nedre i Kirchen till Ungdommen at staa paa». Under dette pulpituret, eller galleriet, stod i eldre tid døypefonten i ein innebygd stol med sprinkelverk. Veggene i skipet er truleg måla i 1720-åra. Benkevangane har innskrifter med initialane til bøndene på gardane ikring. Den gamle altertavla, ei såkalla katekismustavle frå 1590, heng på vestveggen i koret. Preikestolen, med sine seingotiske pergamentmotiv eller foldeornament, er frå 1570.

  • Glasruter med innbrente namn

På fleire av glasrutene står det innbrent namn på prestar og bønder i Hålandsdalen. Her står det: «Agtbare Dannemand Anders Andersen Tomre Agtbare Danne Mand Anders Andersen Eÿe Anno 1726» (Egil Korsnes).

  • Brekke, N. G. (1969) Holdhus kyrkje i Hålandsdal. I: Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, Årbok. Oslo, Foreningen, s. 134-139.
  • Holdhus, A. (1972) Holdhus kyrkja. I: Frå Fjon til Fusa: årbok for Nord- og Midthordland sogelag. Bergen, Sogelaget, s. 108-118.