• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Fantasiteikning av dyrelivet då Bjorøylaga vart avsette i den yngre delen av juraperioden

Fantasiteikning av dyrelivet då Bjorøylaga vart avsette i den yngre delen av juraperioden. På land: Dracopelta (t.v.), ein planteetar, og rovdinosauren Allosaurus (t.h). Under vatn: Marine reptil av dyregruppa Ichtyosaurus (lengst til venstre) og Plesiosaurus (til høgre). Ammonittar, ein type blekksprut som bur i spiralforma skal, ligg på botnen, ein annan sym fritt i vatnet. (Bogdan Bocianowski)

Det ligg kolbitar innpakka i sand under Vatlestraumen. Desse restane etter geologiske lag frå juratida vart oppdaga då den undersjøiske Bjorøytunnelen vart driven ut i 1994. Olje- og gassreservoara i Trollfeltet i havet rett vest for Hordaland er frå same tida. Det var likevel svært overraskande å finna bergartar frå tidsalderen til dinosaurane innanfor den ytste skjergarden på Vestlandet. På det skandinaviske fastlandet nord for Danmark er det berre nokre yttarst få stader det er råd å finna bergartar frå denne perioden i jorda si historie.

Tunneldrivinga viste seg å bli mykje vanskelegare enn byggherren hadde rekna med. Hausten 1994 kom det til ein dramatisk situasjon. Då spruta saltvatn ut frå eit borehol, om lag to hundre liter i minuttet. Saman med vatnet kom laus sand og kolfragment inn i tunnelen. Det viste seg at tunneldrivarane hadde støytt på ei knapt 10 meter brei sone med lause restar av kol, sand, sandstein og konglomerat.

Om byggherren fortvila, så var oppdagargleda stor hos forskarane. Dei opptil 20 cm store kolfragmenta er restar av kollag som vart brotne opp av forkastingsrørsler etter at dei var avsette. Truleg fanst det ei trekledd kystslette i dette området i juratida. Nokre av kolfragmenta er identifiserte som delar av trestammer eller greiner, trestrukturen er delvis enno å sjå. I sandsteinane er det funne pollen og sporar som vitnar om delta- eller sumpvegetasjon. Det er òg funne mikrofossil av marine organismar.

Analysar av pollen og sporar viser at laga stammar frå sein juratid, og er mellom 155 og 160 millionar år gamle. Dei samtidige laga i Trollfeltet ligg mest flatt. Bjorøylaga er både stilt på kant og brotne sund på grunn av rørsler langs ei forkastingssone. Jordskjelva har kome i fleire omgangar, både før og etter at juralaga vart avsette. Like spennande er det at forhistoria kan fortelja oss at det kan bli nye skjelv i Vatlestraumen i framtida.

  • juralaga i Nordsjøen forsvinn om lag 10 kilometer vest for dei ytste holmane og skjera på utsida av Sotra

Kart og snitt som viser at juralaga i Nordsjøen forsvinn om lag 10 kilometer vest for dei ytste holmane og skjera på utsida av Sotra. Lenger inn mot kysten er laga fjerna av erosjon, med unntak av juralaga under Vatlestraumen, «Bjorøyfunnet» på figuren. Rørsler langs forkastingar i dette området var årsak til at laga her vart senka ned i ei grøft i jordskorpa. Slik vart erosjonen hindra frå å fjerna laga. Forkastingar ser vi som mørke strekar i snitta. (Haakon Fossen)

Juratida

Juraperioden varte frå 205 til 147 millionar år sidan. Perioden er kjend som tidsalderen til dinosaurane, jamvel om dei mest imponerande av desse skapningane levde i den påfølgjande krittida. Dei største olje- og gassreservoara i Nordsjøen er å finna i lag frå juratida. I økonomisk forstand er derfor denne perioden av jorda si geologiske fortid den viktigaste for hordalendingane.

  • Fossen, H., Mangerud, G.; Hesthammer, J.; Bugge.; T.; Gabrielsen, R. The Bjorøy Formation:a newly discovered occurence of Jurassic sediments in the Bergen Arc System. Norsk Geologisk Tidsskrift 1997,77,269–287
  • Fossen, H.; Gabrielsen, R.H. Dinosaurer, kullforekomster og jordskjelv i Bergensområdet. Naturen 1997, 4,203–207.
  • Fossen, H. 1996. Bjorøytunnellen: til hodepine for entrepenøren, men til glede for geologer og Bergen Museum. Årbok for Bergen Museum: 61–64.