• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Litlematre

TERRASSEN SOM DROG TIL BYEN

Då Masfjordbreen stogga kalvinga inst i fjorden, vart det avsett store delta, både i Matresdalen og på Litlematre. Det vart tidleg opna grustak i desse terrassane. Sanden vart frakta med sandskuter til Bergen. Biletet frå midten av 1950-åra av grustaket på Litlematre viser tydeleg terrassenivået etter deltaflata, då havet stod 64 meter høgare enn i dag ved slutten av den siste istida. I dag er sanden borte, men blankslipte fjellvegger viser enno kor høgt terrassen gjekk.